John Evan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Evan
Jethro-Tull-9-73(2).jpg
John Evan med Jethro Tull i 1973
Verkeleg namn John Spencer Evans
Alias John Evans
Fødd 28. mars 1948 (66 år), Blackpool i Lancashire i England
Instrument tangentinstrument, Trommer
Sjanger Rock, alternativ rock
Aktive år 1960-åra til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent
Tilknytte artistar Jethro Tull
Plateselskap Chrysalis Records, A New Day Records

John Spencer Evans (fødd 28. mars 1948) er ein engelsk musikar som spelte tangentinstrument for Jethro Tull frå april 1970 til juni 1980.[1] Han vart utdanna ved King's College London.

Evans vart fødd i Blackpool i Lancashire. Han endra namn då det første bandet hans, The Blades, skifta namn til The John Evan Band. Jeffrey Hammond meinte at 'The John Evan Band' høyrdest betre ut enn 'The John Evans Band'.

Seinare gjekk Evan på college då han kjende att dei tidlegare bandkameratane sine på radio med songen «Living In The Past», og sa fleire år seinare at han la merke til songen på grunn av den uvanlege takten for ein popsong. I 1970 spelte han som studiomusikar på Tull-albumet Benefit (der det står skrive i plateomslaget «...and John Evan, who played keyboards for our benefit.»), og vart til slutt overtalt av Ian Anderson til å forlate skulen og verte fulltidsmedlem av bandet. Evan skreiv mellom anna den kjende pianointroduksjonen til «Locomotive Breath» i studio medan dei andre var ute til lunsj.

Medan han var i Jethro Tull brukte Evan ofte ein kvit dress imed ei gul skjorte under og eit rosa og gult polka-dot-slips. Evan slutta i Jethro Tull i juli 1980 og starta så bandet Tallis i lag med tidlegare Tull-medlem David Palmer.[2]

Evan bur i dag i Australia.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med The John Evan Band
Med Jethro Tull

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hill, Gary. «Biography: John Evan». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p74580. Henta 15. september 2012 14 april 2010. 
  2. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 344. CN 5585. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]