Barriemore Barlow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barriemore Barlow
Fødd10. september 1949 (74 år)
FødestadBirmingham i England
FødenamnBarrie Barlow
OpphavStorbritannia
Aktiv1971 til i dag
SjangerProgressiv rock, hardrock, heavy metal
InstrumentTrommer, perkusjon, fløyte
Tilknytte artistarJethro Tull, Yngwie Malmsteen
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent

Barrie «Barriemore» Barlow (fødd 10. september 1949) er ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar og perkusjonist for rockebandet Jethro Tull, frå mai 1971 til juni 1980.

Han vart kalla Barriemore då han kom inn i bandet i tråd med det eksentriske imaget til Jethro Tull. Bassisten Jeffrey Hammond kalla seg til dømes «Jeffrey Hammond-Hammond» i bandet.

Jethro Tull[endre | endre wikiteksten]

Barlow var ein skulekamerat og tidlegare bandkollega av frontmannen Ian Anderson. Han kom inn i bandet då Clive Bunker slutta og spelte på følgjande album:

Barlow tok det tungt då bassisten John Glascock døydde. Dei to hadde vore nære vener og Barlow forlet Jethro Tull i 1980, etter at Stormwatch-turneen var over.[1]

Etter Jethro Tull[endre | endre wikiteksten]

Barlow spelte sidan som studiomusikar, inkludert for Robert Plant, John Miles og Jimmy Page, og han starta sitt eige band ein liten periode kalla Storm. Han spelte på Yngwie Malmsteen-albumet Rising Force og med Kerry LivgrenSeeds of Change.

Barlow har eit platestudio, The Doghouse, på eigedomen sin i Shiplake i Oxfordshire i England. Han er i dag manager for eit band frå Henley on Thames kalla The Repertoires, og han er knytt til fleire andre lokale band.[2]

Barlow spelte perkusjon på «Artrocker», opningssporet på det kritikarroste albumet Get Your Mood On av punkbandet Dustin's Bar Mitzvah i 2006.

Trommeteknikk[endre | endre wikiteksten]

Barlow er kjend som ein særs teknisk og kreativ trommeslagar. Spelinga hans på konsertalbumet Bursting Out er eit vitnesbyrd på kor kreativ han er som trommeslagar, mellom anna på trommsoloen i songen «Conundrum». John Bonham kalla ein gong Barlow «den største rocketrommisen England nokon gong har produsert». I ein kommentar om trommestilen sin for Jethro Tull sa han: «Eg har alltid beundra folk som finn på - og på eit perkusjonsnivå beundrar eg folk som finn på rytmar. Eg prøvde å oppnå det i Tull, men i dag går eg langt i å rettleie trommisar i banda eg er manager for at dei ikkje spelar slik eg gjorde i Tull, fordi det var så travel og 'over-the-top'»[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barriemore Barlow bio på TullPress.com [1]
  2. «(February 2008) Smokey Bastard Blog». Smokeyb.blogspot.com. 18. februar 2008. Henta 15. september 2012. 
  3. «(December 1990) The Drummers of Jethro Tull in ''Modern Drummer''». Tullpress.com. Henta 15. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]