Rolling Stones Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rolling Stones Records er eit plateselskap skipa av The Rolling Stones-medlemmane Mick Jagger, Keith Richards, Mick Taylor, Charlie Watts og Bill Wyman i 1970, etter at platekontrakten deira med Decca Records gjekk ut. Dei vart først distribuert i USA av Atlantic Records sitt dotterselskap Atco Records. Frå 1973 signerte dei ein distribusjonsavtale med Atlantic Records. I 1986 starta Columbia Records å distribuere dei. I Storbritannia vart dei distribuerte av EMI. Selskapet vart først leia av Marshall Chess, sonen til Chess Records-grunnleggjaren Leonard Chess. Selskapet vart lagt ned i 1992 då bandet signerte til Virgin Records, men logoen med tunga og leppene finst framleis på alle Rolling Stones-utgjevingane etter 1970.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]