Emotional Rescue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emotional Rescue
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 20. juni 1980
Innspelt 18. januar til 12. februar 1979,
10. juni til 19. oktober 1979,
November og desember 1979
Sjanger Rock
Lengd 41:15
Selskap Rolling Stones/Atlantic
Virgin (nyutgjeving)
Produsent The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Some Girls
(1978)
Emotional Rescue Tattoo You
(1981)

Emotional Rescue er eit album av The Rolling Stones frå 1980. Då det kom ut toppa det salslistene i både USA og Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn gjennom 1979, først i NassauBahamas, så i Paris, og til slutt nokre ekstra lydspor i New York City. Emotional Rescue var det første Rolling Stones-album etter Keith Richards vart frikjend frå narkotikamisbruk i Toronto som kunne ha sett han i fengsel i fleire år. Med ny giv etter det suksessrike Some Girls skreiv Richards og Mick Jagger fleire nye songar - nokre av dei kom ut på Tattoo You og berre ti vart vald ut til Emotional Rescue.

På fleire av songane spelte berre kjernen i bandet, Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts, Ronnie Wood og Bill Wyman, medan keyboardistane Nicky Hopkins og bandgrunnleggaren Ian Stewart, saksofonisten Bobby Keys og munnspelaren Sugar Blue medverka på andre songar.

Omslaget var teikna av Peter Corriston og viser eit utval av bandfoto som vart tekne med eit varmesøkjande kamera.

Albumet kom ut i juni med den disco-aktige tittelsporet som førstesingel. Albumet vart ein stor salssuksess og gjekk til topps på begge sider av Atlanteren, i heimlandet Storbritannia var det den første førsteplassen deira sidan Goats Head Soup i 1972 og han låg sju veker på toppen av den amerikanske lista. I Noreg nådde albumet fjerdeplass. Singelen gjekk til tredjeplassen i USA. Den andre singelen var «She's So Cold», som nådde Topp 30 i USA, medan «Dance Pt. 1» nådde 9. plass på danselista til Billboard.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Dance (Pt. 1)» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood) 4:23
2. «Summer Romance»   3:16
3. «Send It to Me»   3:43
4. «Let Me Go»   3:50
5. «Indian Girl»   4:23
Side to
# Tittel Lengd
6. «Where the Boys Go»   3:29
7. «Down in the Hole»   3:58
8. «Emotional Rescue»   5:39
9. «She's So Cold»   4:14
10. «All About You»   4:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Mick Jagger - vokal, korvokal, elektrisk gitar, piano, elektrisk piano
  • Keith Richards - korvokal, elektrisk gitar, vokal, akustisk gitar, bass, piano
  • Charlie Watts - trommer
  • Ronnie Wood - elektrisk gitar, korvokal, gitar, akustisk gitar, slidegitar, pedal steelgitar, bass
  • Bill Wyman - bass, synthesizer