Tattoo You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tattoo You
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 24. august 1981
Innspelt November 1972,
Januar til mars 1975
November 1977 til juni 1981
Sjanger Rock
Lengd 44:23
Selskap Rolling Stones/Virgin
Produsent The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Emotional Rescue
(1980)
Tattoo You "Still Life" (American Concert 1981)
(1982)

Tattoo You er eit album av The Rolling Stones som kom ut i 1981. Han var oppfølgjaren til Emotional Rescue og var eit kritikarrost og eit kommersielt suksessrikt album då det kom ut. Framleis vert albumet rekna som eit av dei beste The Rolling Stones-albuma.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tattoo You består hovudsakleg av tidlegare innspelingar som gjekk nesten ti år bakover i tid med ny vokal og enkelte nye lydspor lagt oppå. I tillegg til to nye songar, sette Stones saman denne samlnga for å ha eit nytt album å promotere då dei la ut på ein verdsomfattande turne i september 1981. «Tops» og «Waiting on a Friend» vart spelt inn seint i 1972 under innspelinga av Goats Head Soup (med Mick Taylor på gitar). Taylor kravde seinare honorar for albumsalet, noko han òg fekk. «Slave» og «Worried About You» vart spelte inn i 1975 under innspelinga av Black og Blue i Rotterdam. Dei har med Billy Preston på tangentar og Ollie Brown perkusjon. Wayne Perkins spelar sologitar på «Worried About You». Songane «Hang Fire», «Start Me Up» og «Black Limousine» vart opphavleg spelt inn i 1977 under innspelinga av Some Girls. «Start Me Up» vart først spelt inn som ein reggaesong i 1975 som «Never Stop», men vart ikkje gjeven ut den gong. «Black Limousine» vart trekt fram att og arbeida med under innspelinga av Emotional Rescue i 1979. «Little T&A» og «No Use in Crying» kom frå innspelniga av Emotional Rescue. «Neighbours» og «Heaven» var dei einaste nye innspelingane (frå april til juni 1981) på albumet, men bandet hadde alt starta på «Neighbours» under arbeidet med Emotional Rescue.

På nokre av dei eldste songane vart det lagt på nye lydspor og dei vart miksa under innspelinga av Emotional Rescue i 1971 eller i 1981 då Tattoo You vart sett saman.

The Rolling Stones delte Tattoo You inn i to delar, ei side med rock and roll-songar og den andre med større fokus på balladar.

«Start Me Up» vart gjeven ut som singel i august 1981, ei veke før sjølve albumet. Han vart godt teken imot og nådde Topp 10 i store delar av verda. Songen vert nærast rekna som ein signaturlåt og var med på å trekke albumet til førsteplassen i USA, der det låg i ni veker. I Storbritannia gjekk albumet til andreplassen og i Noreg til tredjeplass. Meldingane av albumet var òg positive og mange meinte det var eit steg opp i høve til det førre albumet, Emotional Rescue.

Sjølv om bandet framleis er populære i dag, var Tattoo You det siste albumet deira som nådde toppen i USA, og ingen singlar seinare nådde så høgt som «Start Me Up» (2. plass i USA).

Albumtittelen skulle opphavleg vere berre «Tattoo». Jagger hevdar at han ikkje anar korleis «You» kom til i tittelen. Dette skapte gnissingar mellom Jagger og Richards, som mistenkte at Jagger hadde endra tittelen utan å spørje han først.

I 1989 vart albumet rangert på 34. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 100 største albuma i 1980-åra. I 2003 hamna albumet på 211. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Start Me Up»   3:32
2. «Hang Fire»   2:21
3. «Slave»   6:33
4. «Little T&A»   3:23
5. «Black Limousine» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood) 3:31
6. «Neighbours»   3:31
Side to
# Tittel Lengd
7. «Worried About You»   5:17
8. «Tops»   3:45
9. «Heaven»   4:22
10. «No Use in Crying» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood) 3:25
11. «Waiting on a Friend»   4:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]