Dick Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dick Taylor
Dick Taylor.jpg
Verkeleg namn Richard Clifford Taylor
Opphav Dartford i England
Fødd 28. januar 1943
Instrument Gitar, bass
Sjanger Rock
Aktive år 1962 - til i dag
Yrke Musikar
Tilknytt artistar The Rolling Stones, The Pretty Things

Richard Clifford «Dick» Taylor (fødd 28. januar 1943 i Dartford i Kent i England) var ein av dei første bassistane for Rolling Stones. Han forlet band for å studere på Sidcup Art College og medan han var der danna han The Pretty Things i september 1963.

I juli 1962, medan Taylor var på Sidcup Art College, vart the Rolling Stones danna då tremannsbandet til Taylor, Mick Jagger og Keith Richards, Little Boy Blue and the Blue Boys, slo seg saman med Brian Jones og Ian Stewart og danna Rollin' Stones. Taylor spelte opphavleg sologitar, men måtte spele bass då Jones kom inn i bandet.

I november 1962 forlet Taylor bandet og Bill Wyman tok over som ny bassist i desember 1962.

Seinare i 1963 danna Taylor The Pretty Things i lag med Phil May og igjen fekk han spele gitar. Under ein pause frå The Pretty Things etter albumet S.F. Sorrow frå 1968 produserte Taylor debutalbumet til Hawkwind, der han òg spelte gitar. Han medverka til punkrock med ei innspeling med Auntie Pus, og på siste halvdel av 80-åra spelte Taylor gitar i post-punk-bandet The Mekons. Dei opphavlege medlemmane i The Pretty Things er framleis i bandet i dag og gav ut albumet Balboa Island i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]