Sticky Fingers
| Sticky Fingers Studioalbum av The Rolling Stones |
||
| Utgjeve | 23. april 1971 | |
| Innspelt | Muscle Shoals Sound Studio og Olympic Studios, 2. til 4. desember 1969 17. februar 1970, Mars–mai 1970, 16. juni til 27. juli 1970 17. til 31. oktober 1970, januar 1971, bortsett frå «Sister Morphine»: starta 22. til 31. mars 1969 |
|
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 46:25 | |
| Selskap | Rolling Stones, Atlantic | |
| Produsent | Jimmy Miller | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| The Rolling Stones-kronologi | ||
| Get Yer Ya-Ya's Out! (1970) |
Sticky Fingers | Exile on Main St. (1972) |
Sticky Fingers er eit album av The Rolling Stones frå april 1971. Det var det første albumet gjeven ut på gruppa sitt nye plateselskap Rolling Stones Records etter å ha vore knytt til Decca Records i Storbritannia og London Records i USA sidan 1963. Det er òg det første Rolling Stones-albumet der Mick Taylor er med for fullt. I 2003 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone Sticky Fingers på 63. plass på lista over dei 500 største albuma gjennom tidene.[1]
Innhaldsliste |
Innspeling og utgjeving [endre]
Sjølv om innspelinga av Sticky Fingers først starta for fullt i mars 1970, hadde dei gjort nokre tidlege opptak i Muscle Shoals Studios i Alabama i desember 1969 og «Sister Morphine» vart spelt inn under Let It Bleed-innspelinga tidlegare i mars same år. Det meste av Sticky Fingers vart spelt inn med det mobile studioet til The Rolling Stones i Stargroves om sommaren og hausten 1970. Tidlege utgåver av songar som kom på Exile on Main St. vart òg laga under desse innspelingane.[2]
Fri frå Decca/London kunne The Rolling Stones no endeleg ta full kontroll over albuma sine, både plateomslag og alt. Manageren deira Allen Klein (som tok over for Andrew Loog Oldham i 1965, slik at Oldham kunne konsentrere seg om rolla som produsent for bandet) påførte gruppa eit stort sjokk då dei oppdaga at dei uoppmerksamt hadde gjeve han rettane til alle innspelinga deira frå 1960-åra til Klein og selskapet hans ABKCO. Derfor har alle songane deira frå «Come On» til Get Yer Ya-Ya’s Out! The Rolling Stones in Concert vorte gjevne ut på ABKCO Records. Klein fekk sparken som manager og bandet var rasande på Klein i tiåra etterpå.
Då Decca informerte The Rolling Stones at dei var kontraktbelagt til å gje ut ein singel til, sende dei inn ein song dei kalla «Cocksucker Blues»[3] – som dei var garantert å få avvist. I staden gav Decca ut den to år gamle «Street Fighting Man» frå Beggars Banquet, medan Allen Klein fekk delt eigarskap, i lag med The Rolling Stones, i «Brown Sugar» og «Wild Horses».
Omslag [endre]
Omslaget til Sticky Fingers, som kom med ein verkeleg glidelås som kunne opnast og syne ein mann i truser. Det var utforma av den amerikanske popkunstnaren Andy Warhol, fotografert av Billy Name og designa av John Pasche. Omslaget, eit bilete av skrittet til Joe Dallesandro kledd i tronge, blå jeans, vart av mange tilhengjarar trudd å vere eit bilete av Mick Jagger. Dette var òg første gong teikninga med tunge og leppe, eit kjend symbol på The Rolling Stones, vart nytta på eit album.
I 2003 kåra fjernsynskanalen VH1 omslaget på Sticky Fingers til det beste plateomslaget gjennom tidene.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Brown Sugar» | 3:50 | |||||||
| 2. | «Sway» | 3:52 | |||||||
| 3. | «Wild Horses» | 5:44 | |||||||
| 4. | «Can’t You Hear Me Knocking» | 7:15 | |||||||
| 5. | «You Gotta Move» (Fred McDowell/Rev. Gary Davis) | 2:34 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «Bitch» | 3:37 | |||||||
| 7. | «I Got the Blues» | 3:54 | |||||||
| 8. | «Sister Morphine» (Jagger/Richards/Marianne Faithfull) | 5:34 | |||||||
| 9. | «Dead Flowers» | 4:05 | |||||||
| 10. | «Moonlight Mile» | 5:56 | |||||||
Medverkande [endre]
- Mick Jagger – vokal, akustisk gitar, korvokal, gitar, perkusjon
- Keith Richards – korvokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, vokal,
- Mick Taylor – elektrisk gitar, akustisk gitar, slide gitar
- Charlie Watts – trommer
- Bill Wyman – bass, elektrisk piano
Andre musikarar [endre]
- Ian Stewart – piano
- Nicky Hopkins – piano
- Bobby Keys – saksofon
- Pete Townshend – vokal
- Ronnie Lane – vokal
- Billy Nicholls – vokal
- Jim Price – trompet, piano
- Billy Preston – orgel
- Jim Dickinson – piano
- Rocky Dijon – congatrommer
- Jack Nitzsche – piano
- Ry Cooder – slide-gitar
- Jimmy Miller – perkusjon
- Paul Buckmaster – strykarar
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sticky Fingers» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.rollingstone.com/news/story/5938174/the_rs_500_greatest_albums_of_all_time
- ↑ Greenfield, Robert (2006). Exile on Main Street: A Season in Hell with the Rolling Stones, s. 95-96. Da Capo Press. ISBN 0-306-81433-1.
- ↑ Sanchez, Tony (1996). Up and Down with the Rolling Stones, s. 195. Da Capo Press. ISBN 0-306-80711-4.
| Føregjengar Rose Garden Lynn Anderson |
Toppen av VG-lista The Rolling Stones 5 veker, veke 20–24, 1971 |
Etterfylgjar RAM Paul & Linda McCartney |
| Føregjengar RAM Paul & Linda McCartney |
Toppen av VG-lista The Rolling Stones 1 veke, veke 28 1971 |
Etterfylgjar RAM Paul & Linda McCartney |