Tomáš Masaryk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tomáš Garrigue Masaryk i 1918.

Tomáš Garrigue Masaryk (7. mars 185014. september 1937) er kjend som den tsjekkoslovakiske landsfaderen. Han var sentral i opprettinga av Tsjekkoslovakia og var den første presidenten i landet. Masaryk var også ein respektert akademikar, redaktør og politikar. Masaryk klarte å sameina tsjekkarar og slovakar, og å leia det einaste demokratiet i Sentral- og Aust-Europa i mellomkrigstida. Han støtta særleg toleranse, rettferd og individualisme, og markerte seg som motstandar av antisemittisme, bolsjevisme, klerikalisme og monarkisme.

I ettertid har Masaryk vorte noko nær ein nasjonalhelt, særleg i Tsjekkia. Fleire generasjonar av tsjekkoslovakiske tenkarar blei inspirerte av han. Vitskapsmannen Karl Popper kalla Masaryk og Winston Churchill dei to største statsmennene1900-talet. Den tsjekkiske journalisten Ferdinand Peroutka meinte Masaryk sitt store bidrag ikkje var hans vitskaplege verk, men hans eigen person. Forfattaren Karel Čapek har hevda at «Masaryk er eit prinsipp».

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Tomáš Masaryk kom frå enkle tilhøve i Mähren, som då var del av Austerrike-Ungarn. Han vart fødd på eit gods i Hodonín (tysk Göding) der faren var kusk. Foreldra var tsjekkarar, men snakka tysk heime, slik at dette blei morsmålet til Masaryk, medan han lærte tsjekkisk og slovakisk seinare.

Som ung arbeidde han som smed, men hadde også evner som gjorde at han fekk høgare utdanning i Brünn (noverande Brno), Wien (der han mellom anna studerte med Franz Brentano) og Leipzig (med Wilhelm Wundt). Han fekk doktorgrad frå universitetet i Wien i 1876, og blei dosent der i 1879. I 1882 blei han professor i filosofi ved det nystarta tsjekkiske universitetet i Praha. Året etter grunnla han tidsskriftet Athenäum, med skriftstykke om tsjekkisk kultur og vitskap.

Tankar og kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Som filosof var Masaryk ein rasjonalist og humanist. Han la vekt på praktisk etikk og var påverka av anglosaksisk tenking, fransk filosofi og særleg den tyske filosofen Herder, kalla grunnleggaren av nasjonalismen. Masaryk var kritisk til tysk idealistisk filosofi og marxisme.

Som professor utvikla Masaryk teorien om 'kritisk realisme', ei blanding av tysk idealisme og vesteuropeisk positivisme. Masaryk skreiv støttande om demokrati og sosial reform, medan han prøvde å sameina vestleg empiri med slavisk tradisjon. Han studerte og skreiv bøker om marxisme, sjølvmord og den sosiale og intellektuelle historia til Russland, der særleg tok for seg Dostojevskij.

I 1886 vart Tomáš Masaryk med eitt slag kjend i ein breiare krins for det han skreiv om historie. Han la fram at mytologiske tsjekkiske dikthandskrift, som ein hadde trudd var frå tidleg mellomalder, i røynda måtte vera frå byrjinga av 1800-talet. Han heldt fram at ein moderne nasjon ikkje kunne påropa seg ei oppfunne historie. I ordskiftet var Masaryk nærast hata av innflytingsrike folk med sterk tru på at dikta var ekte mellomalderdikt. Ei anna kontroversiell handing som førte til sterke kjensler mot Masaryk var hans offentlege forsvar av ein jøde som var tiltalt for ritualmord i den såkalla Hilsner-rettssaka. Då han seinare, i 1909, viste at det austerrikske utanriksdepartementet hadde fabrikert bevismateriale mot ei gruppe kroatiske nasjonalistar blei han kjend over heile Europa.

Politikar[endre | endre wikiteksten]

I 1887 vart Masaryk meir aktiv innan politikk, og skipa gruppa Realistane. Han ønska meir sjølvstyre for Böhmen og Mähren, men meinte fullt sjølvstende var urealistisk på grunn av nærleiken til Tyskland. Han skilde seg også ut ved å ikkje nærma seg Russland i ei pan-slavisk and, men ønskte å bygga på dei demokratiske prinsippa frå Frankrike og Storbritannia.

I 1891 vart Masaryk vald inn i det austerrikske parlamentet for partiet Jungtschechen, men gjekk ut av partiet i 1893. I 1900 grunnla han det realistiske partiet, som skulle ivareta tsjekkiske interesser innan Austerrike-Ungarn. Frå 1907 til 1914 sat Masaryk i parlamentet i Austerrike som representant og gruppeleiar for dette partiet.

Etter at første verdskrigen braut ut, reiste han frå Böhmen og gjekk i eksil i London, der han underviste i slavisk historie ved King's College. Han var også redaktør for månadsmagasinet The New Europe.

Saman med Eduard Beneš oppretta han og blei formann i det tsjekkoslovakiske nasjonale rådet, (Czech National Council) som arbeidde for ein sjølvstendig tsjekkoslovakisk stat.

I løpet av verdskrigen reiste Masaryk til fleire land for å argumentera for opprettinga av ein sams tsjekkisk og slovakisk stat. I mai 1917 var han i Russland, der han organiserte krigsfangar i såkalla tsjekkoslovakiske legionar til å slåst mot Austerrike-Ungarn. Våren 1918 var han i USA, og forhandla fram ei avtale med slovakiske leiarar der om opprettinga av Tsjekkoslovakia. Masaryk fekk støtte til statsdanninga si frå den britiske regjeringa og president Woodrow Wilson i USA.

President av Tsjekkoslovakia[endre | endre wikiteksten]

Masaryk med dottera Olga i Tábor under reisa tilbake frå utlegde i 1918.

I juni 1918 blei Tsjekkoslovakia anerkjend som ein stat som hadde kjempa for dei allierte, og Masaryk som leiar. Seinare det året drog han tilbake til Tsjekkoslovakia og blei vald til president. Som forkjempar for ein liberal og demokratisk humanisme, vart Masaryk populær i Tsjekkoslovakia. Han var ein varm forkjempar for Folkeforbundet. I konfliktane mellom dei ulike nasjonalitetane i landet, klarte han på 1930-talet ikkje å hindra oppblomstring av tyske, ungarske og slovakiske nasjonalistiske rørsler.

Masaryk blei attvald i 1920, 1927 og 1934, men gjekk av i 1935 då han meinte trugsmålet frå Nazi-Tyskland kravde ein yngre leiar. Eduard Beneš tok over som president den 14. desember. Fram til han døydde i 1937 var Masaryk ein framtredande personlegdom innan den nye statsdanninga.

Privat[endre | endre wikiteksten]

Masaryk var gift med Charlotte Garrigue frå USA. Saman vart dei foreldra til 6 born, mellom anna til kunstnaren Herbert Masaryk og diplomaten og politikaren Jan Masaryk. Masaryk døydde i Lány i 1937, 87 år gammal.

Livsmottoet hans var «Nebát se a nekrást» ('Ikkje frykt og ikkje stel').

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Statue av Masaryk, «TGM», i Praha.
Masaryk er også æra med ei byste i St. Petersburg

Masaryk fekk tilnamnet President-frigjerar. Mange refererte til han berre med initialane TGM. Tomáš har i den tsjekkiske kalenderen namnedagen sin på 7. mars, ettersom det er fødselsdagen til Masaryk. Det er sett opp ein statue av Masaryk i Washington, DCMassachusetts Avenue.

Fleire stader ulike stader i verda er kalla opp etter Masaryk, mellom anna Avenida Presidente Masaryk i Mexico by, Masaryktown i Florida og kibbutzen Kfar Masaryk nær Haifa i Israel som hovudsakleg var skipa av tsjekkiske innvandrarar.

Karel Čapek, ein kjend tsjekkisk forfattar, skreiv ei rad bøker som han kalla 'Hovory s TGM'(=Samtalar med TGM).

Masaryk og Garborg[endre | endre wikiteksten]

Masaryk var den første til å gje ut ei bok om Arne Garborg. Boka gjaldt Trætte Mænd, som var ein av dei heftigast diskuterte europeiske romanane i 1890-åra. Ei tid hadde Masaryk eit brevskifte med Garborg om spørsmål knytt til etikk.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Pavel Fraenkl: Masaryk og Garborg. Oslo 1952 Det Norske Samlaget.
  • Dr. Dalibor Truhlar: «Thomas G. Masaryk - Philosophie der Demokratie». Peter Lang, Frankfurt am Main, 1994
  • M. Machovec: Tomáš Garrigue Masaryk. Graz 1969.
  • Karel Čapek: Gespräche mit Masaryk. Übers. v. C. Hoffmann, Sachon Verlag, Mindelheim 1990

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Tomáš Masaryk» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2008.
  • «Masaryk, Tomás» World Encyclopedia. Philip's, 2005. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 31. mars 2008
  • «Masaryk, Tómas Garrigue» A Dictionary of Political Biography. Ed. Dennis Kavanagh. Oxford University Press, 1998. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 31 March 2008 <http://www.oxfordreference.com/views/ENTRY.html?subview=Main&entry=t85.e485>
  • «Masaryk, Tomá Garrigue» Who's Who in the Twentieth Century. Oxford University Press, 1999. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 31 March 2008
  • «Masaryk, Tómas Garrigue» A Dictionary of Contemporary World History. Jan Palmowski. Oxford University Press, 2008. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 31 March 2008
  • «Masaryk, Tomás» A Dictionary of Sociology. John Scott and Gordon Marshall. Oxford University Press 2005. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 31 March 2008
  • Dr Miroslav Pauza «Masaryk, Tomá Garrigue» The Oxford Companion to Philosophy. Oxford University Press 2005. Oxford Reference Online. Oxford University Press. Open University. 31 March 2008
  • « Masaryk, Tomá Garrigue » A Dictionary of World History. Oxford University Press, 2000. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 31 March 2008
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tomáš Masaryk