Westland District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Westland District
Westland Territorial Authority.png
Folketal: 8 840 Førebels estimat juni 2009[1]
Største by: Hokitita
Andre busetnadar: Ross, Franz Josef og Haast
Distrikt
Namn: Westland District Council
Leiar: Maureen Pugh
Areal: 11 880,19 km² (4 587 sq mi)
Heimeside: http://www.westland.govt.nz
E-post: council@westlanddc.govt.nz
Regionstyre
Namn: West Coast
Heimeside: http://www.wcrc.govt.nz
Gillespie Beach i Westland

Westland District er eit av tre distrikt i regionen West CoastSørøyaNew Zealand. Folketalet er 8 840 [1].

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Westland District består av ei lang og tynn stripe land mellom fjellkjeda Søralpane og Tasmanhavet. Dei lægreliggjande områda nær kysten er ei blanding av beitemarker og temperert regnskog. Den austlege delen av distriktet er bratt og fjell-lendt. Mange mindre elver renn ned frå fjella.

Den sørlege delen av distriktet er kjend for isbreane Franz Josef og Fox.

Westland er ein av dei mest sparsamt busette delane av landet, med ei flatevidd på 11 880,19 km², og eit folketal på 8 403 menneske ved folketeljinga i 2006[2]. Omkring 45% av innbyggjarane bur i Hokitika (3500). Dei resterande 55% bur i mindre busetnadar, som til dømes Ross, Franz Josef og Haast, eller på landsbygda.

I nord dannar elva Taramakau River, den største i distriktet, grensa mot Grey District. Fjellrekkja Søralpane markerer den austlege grensa. Ei kort grense mot sør går mellom Westland og Fiordland, som ligg i Southland District. Det går ingen vegar over denne grensa.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

I dei tidlege åra av busetnad i Westland var gull ei viktig vare, og fekk skjerparar til å strøyma inn i området. Etter at det vart slutt på gullet, gjekk dei som vart verande over til beitedrift. Til skilnad frå dei nordlegare delane av West Coast har ikkje Westland hatt drift av kolgruver. I seinare år har turisme vorte ein stadig viktigare næringsveg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Westland var opphavleg ein del av Canterbury Province, administrert frå Christchurch på austkysten. Den eksplosjonsarta folketilveksten som følgje av gullrushet, saman med vanskar med reiser og kommunikasjon over Søralpane, førte først til danninga av eit særskilt «Westland County», seinare til den formelle separasjonen av Westland frå Canterbury for å danna den kortvarige Westland Province (1873 - 1876). Westland Province omfatta også den noverande sørlege delen av Grey District med provinsgrensa ved elvene Grey og Arnold. Greymouth låg i Westland Province, Cobden på den nordlege elvebreidda til Grey River, i Nelson Province .

Etter at ordninga med provinsstyre vart avskaffa i 1876, vart eit nytt Westland County danna innanfor grovt sett dei dei same grensene som den gamle provinsen. Om lag på denne tida tok folketalet til å gå attende, sett i høve til resten av landet, ettersom dei lettast tilgjengelege gullførekomstane byrja å tømmast, og tilhøva elles var langt frå gunstige for jordbruk. Lokalstyresmaktene gjorde omlandet til Greymouth på båe sider av Grey River om til Greymouth Borough og Grey County, og til slutt til Grey District, som inneheld delar av båe dei historiske provinsane.

Westland, som ei lokalstyrt eining, kom stort sett intakt ut av lokalstyrereformene på 1980- og -90talet, berre med endringa frå eit County til eit Distrikt med tillegg av busetnaden Hokitika.

I seinare år har folketalet byrja å auka snøggare på grunn av at «livsstilstilreisande» flytter inn i distriktet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


]