Hopp til innhald

Rob Halford: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
frå en
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 10. september 2016 kl. 12:12

Rob Halford

Rob Halford i 2005
Fødd25. august 1951 (72 år)
FødestadSutton Coldfield, England
FødenamnRobert John Arthur Halford
AliasMetal God
OpphavStorbritannia
Aktiv1969 til i dag
Sjanger
InstrumentVokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarJudas Priest, Fight, 2wo, Halford, Black Sabbath
Verka somSongar, låtskrivar, musikar

Robert John Arthur «Rob» Halford fødd 25. august 1951 er ein engelsk songar og låtskrivar, som er mest kjend som vokalisten i heavy metal-bandet Judas Priest. Han har ei mektig, opera-aktig røyst. AllMusic sa om Halford: «Det har vore få andre vokalistar i historia innan heavy metal som har ein syngjestil som er så innverknadsrik og lett gjenkjenneleg», med ei røyst som «utan problem svingar mellom guttural brumming til øyredøyvande falsett».[1] Halford vart sett på 33. plaslsen på lista til Planet Rock-lyttarane i 2009 over dei beste vokalistane gjennom tidene.[2] I tillegg til arbeidet sitt med Judas Priest har han vore involvert i fleire sideprosjekt, som Fight, 2wo og Halford. I 1998 stod han fram som homofil, den første songaren innan heavy metal som gjorde dette.

Halford slutta i Judas Priest i 1991, men kom attende til bandet i 2003.

Halford har òg sunge med Black Sabbath på tre konsertar. Han erstatta Ronnie James Dio for to konsertar i november 1992 og igjen for Osbourne i august 2004.[3] Han har òg ei stemme i videospelet Brütal Legend i 2009, der han har røysta til General Lionwhyte, i tillegg til leiaren av Fire Barons.[4] I 2002 hadde Halford ei lita rolle i filmen Spun.

Diskografi

Judas Priest

Fight

2wo

Halford

Som gjesteartist

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Rob Halford» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2016.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Prato, Greg. «AllMusic biography». AllMusic. Henta 10. september 2016. 
  2. «Robert Plant voted rock's greatest voice». MusicRadar. 4 January 2009. Henta 10. september 2016. 
  3. «Ozzy Osbourne Replaced By Rob Halford At Black Sabbath's Camden Gig». Blabbermouth.net. 26. august 2004. Henta 10. september 2016. 
  4. Decibel Magazine 2009-04-19

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Rob Halford