(I Can’t Get No) Satisfaction

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
«(I Can't Get No) Satisfaction»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Out of Our Heads
B-side «The Under Assistant West Coast Promotion Man» (US)
«The Spider and the Fly» (UK)
Utgjeve 6. juni 1965
Innspelt 12. mai 1965, RCA Studios, Hollywood
Sjanger Rock
Lengd 3:44
Selskap London 45-LON 9766 (US)
Decca F12220 (UK)
Låtskrivar(ar) Mick Jagger, Keith Richards
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi
«The Last Time»
(1965)
«(I Can't Get No) Satisfaction» «Get off of My Cloud»
(1965)


«(I Can't Get No) Satisfaction» er ein song av The Rolling Stones. Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og produsert av Andrew Loog Oldham. Songen vert rekna som ein av dei største rockesongane. I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone songen på andreplass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene, medan Library of Congress la songen til National Recording Registry i 2006.

Songen vart først gjeven ut på singel i USA i juni 1965 og seinare, samt den amerikanske utgåva av Out of Our Heads, som kom i juli. «Satisfaction» vart ein hit og gav Stones den første førsteplassen deira i USA. I Europa vart songen først spelt på piratradiostasjonar fordi teksten vart rekna som for seksuelt ladd. I Storbritannia kom singelen ut i august 1965, der han vart den fjerde førsteplassen til the Stones.

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Keith Richards har fortald at han vakna opp midt på natta med gitarriffet i hovudet. Han spelte inn riffet og orda «I can't get no satisfaction» på ein kassettspelar og fall i søvn att.[1] Han skildra seinare lydbandet som «to minuttar med Satisfaction og 40 minuttar med meg som snorkar»[2] Han og Jagger skreiv ferdig songen i Jack Tar Harrison Hotel i Clearwater i Florida i mai 1965.[3][4] Jagger skreiv det meste av teksten - ein oppreist mot kommersialismen dei hadde sett medan dei var i Amerika.[5][6] Songteksten inneheld òg ein referanse til kjønnsleg omgang.

Richards var uroa over at riffet var for likt Martha and the Vandellas sin «Dancing in the Street».[6] Jagger sa seinare at Richards ikkje likte songen stort og at han meinte han høyrdest for mykje ut som ein folkesong.[7] Jagger har òg peikt på likskapen til ei linje frå Chuck Berry-songen «30 Days».[7]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Den første innspelinga av songen vart gjort 10. mai 1965 ved Chess Studios i Chicago[8] - ei utgåve med Brian Jonesmunnspel. Gruppa, bortsett frå Brian Jones, spelte inn songen to dagar seinare ved RCA Studios i Hollywood i Los Angeles med ein annan rytme og ein Gibson Maestro fuzzbox som gav den særeigne gitarlyden på riffet.[7][9] Richards såg for seg at dei skulle spele songen inn enno ein gong, der ei blåserekkje spelte riffet.[7] Dei andre medlemmene, samt manager Andrew Loog Oldham og lydteknikar Dave Hassinger, nedstemte Richards og songen vart vald ut som singel.[5][9] Suksessen til songen gjorde at heile lageret med Gibson fuzzbox vart utseld mot slutten av 1965.[6]

Som dei fleste Stones-innspelingane før 1966, vart «Satisfaction» opphavleg berre gjeven ut i mono. I midten av 1980-åra kom ei stereoutgåve ut på ei samleplate. Denne hadde med piano av Jack Nitzsche og akustisk gitar som berre så vidt er mogeleg å høyre i den originale mono-utgåva.[10]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Satisfaction» vart gjeven ut på singel i USA den 28. mai 1965 med «The Under-Assistant West Coast Promotion Man» som B-side.[9] Singelen nådde toppen av salslista den 10. juli, og skubba ned The Four Tops sin «I Can't Help Myself (Sugar Pie Honey Bunch)». «Satisfaction» låg på toppen i fire veker, og låg på Billboard Hot 100 i totalt 14 veker. Seinare kom songen på albumet Out of Our Heads i Amerika.[5]

«Satisfaction» vart ikkje gjeven ut like raskt i Storbritannia av Decca Records. Dei hadde alt klar ein konsert-EP, og singelen kom først ut seint i juli med «The Spider and the Fly» som B-side. Songen låg på førsteplassen i to veker. Han erstatta Sonny & Cher sin «I Got You Babe», før han sjølv vart skubba ned frå førsteplassen av The Walker Brothers sin «Make It Easy on Yourself».[11] I Noreg låg singelen fem veker på toppen av VG-lista og totalt 13 veker på Topp 10.

I tiåra etter han kom ut har «Satisfaction» ofte vorte hylla av musikkindustrien. I 1976 plasserte britiske New Musical Express songen på sjuandeplass over dei 100 største singlane gjennom tidene. Songen vart på ny populær i 1979 etter at han vart nytta i filmen Apocalypse Now. I 1991 hadde Vox «Satisfaction» på lista si over «100 plater som sjokkerte verda». BMI utropte «Satisfaction» til den 91. mest spelte songen på 1900-talet. I 2000 lista VH1 «Satisfaction» på førsteplass på lista deira over 100 største rockesongane nokon gong[12] og same året hamna songen på andreplass på ei lista utarbeidd av musikkmagasinet Rolling Stone og MTV i lag. I 2003 plasserte musikkmagasinet Q songen på 68. plass på lista si over dei 1001 beste songane nokon gong, medan Rolling Stone kalla songen den nest største gjennom tidene, på plassen bak Bob Dylan sin «Like a Rolling Stone».[13] Newsweek har kalla opningsriffet «fem tonar som sjokkerte verda.»[14]

Jagger har sagt om «Satisfaction» at det var songen som gjorde The Rolling Stones til det dei er og forandra dei til eit stort band. «Det var ein fengande tittel. Det var eit særs fengande gitarriff. Han har ein flott gitarlyd, som var nyskapande på den tida, og han fangar tidsånda, som er veldig viktig for den typen songar».[5]

Songen har vore eit nært fast innslag på alle Rolling Stones-turnear sidan og har kome med på mange konsertalbum frå Got Live if You Want It! til Shine a Light.

Tekst og melodi[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med eit gitarriff og går så over i vokallinja «I can't get no satisfaction». Jagger syng versa ein tone som ligg mellom kynisk kommentering og frustrert protest, før han halvvegs snakkar og halvvegs ropar teksten i refrenget, der gitarriffet kjem attende. Teksten syner songaren sin irritasjon over den aukande kommersialiseringa av den moderne verda, der radiosendingar er «useless information» («unyttig informasjon») og mannen på fjernsynet fortel han «how white my shirts can be - but he can't be a man 'cause he doesn't smoke the same cigarettes as me.» Jagger skildrar òg slitet med å vere ein kjendis og slitet med å turnere. Referansen til at han ikkje fekk noko «girl reaction» var ganske kontroversiell i dei dagar, og vart tolka av enkelte lyttarar (og radiovertar) som ei jente som ikkje ville ha sex. Særleg sjokkerande var ein referanse til ei jente som hadde menstruasjon («being on a losing streak»).[15] Songen avsluttar med ei repetering av tittelen før han tonar ut.[16]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[17] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[18] 6
Canada Top Singles (RPM)[19] 3
Tyskland (Media Control AG)[20] 1
Irland (IRMA)[21] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[22] 1
Noreg (VG-lista)[23] 1
UK Singles (Official Charts Company)[24] 1
US Billboard Hot 100[25] 1
US Cash Box Top Singles[26] 1
Liste (1970) Plassering
Nederland (Mega Single Top 100)[27] 16
Liste (1976) Plassering
Nederland (Mega Single Top 100)[28] 25
Liste (1990) Plassering
Nederland (Mega Single Top 100)[29] 13
Liste (2015) Plassering
Frankrike (SNEP)[30] 168

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
US Billboard Hot 100[31] 3

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[32] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[33] Sølv 250 000^
USA (RIAA)[34] Gull 0^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stanley Booth (1994). Keith Richards: Till I Roll Over Dead. Headline Book Publishing. s. 51. ISBN 0-7472-0770-4. 
  2. Geyer, Gary. "Keith Richards: Satisfaction, Guaranteed". Let Life In
  3. Booth 1994. s. 60.
  4. Tobin, Thomas C. (23. juli 2000). «Clearwater: Can't get No Satisfaction». St. Petersburg Times. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «(I Can't Get No) Satisfaction by The Rolling Stones». 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Sold on Song: '(I Can't Get No) Satisfaction'». BBC. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Ian McPherson. «Track Talk: Satisfaction». Henta 5. mars 2008. 
  8. Nico Zentgraf. «The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008». Henta 23. februar 2008. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Bill Wyman (2002). Rolling With the Stones. DK Publishing. s. 187. ISBN 0-7894-9998-3. 
  10. http://lukpac.org/stereostones/
  11. "Number 1 Hit Singles of 1965".
  12. «100 Greatest Songs of Rock & Roll (20-1)». VH1. 
  13. "500 Greatest Songs".
  14. KeithRichards.com
  15. «Going to Pot». Time. 1. juli 1966. 
  16. Unterberger, Richie. «'(I Can't Get No) Satisfaction'». Allmusic. 
  17. "The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  18. "Ultratop.be – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  19. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 26. mars 2018.
  20. "The Rolling Stones - (I Can't Get No) Satisfaction". Charts.de. Media Control. Henta 26. mars 2018.
  21. "The Irish Charts – Search Results – Satisfaction". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
  22. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  23. "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction". VG-lista. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  24. "Chart Stats – Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 26. mars 2018.
  25. "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 26. mars 2018.
  26. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 501. 
  27. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  28. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  29. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  30. "Lescharts.com – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  31. Musicoutfitters.com
  32. «Italian single salstrofé – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction» (på Italian). Federation of the Italian Music Industry. http://www.fimi.it/archivio_certificazioni.php. Henta 26. mars 2018.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter The Rolling Stones in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  33. «British single salstrofé – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 26. mars 2018.  Enter (I Can't Get No) Satisfaction in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  34. «American single salstrofé – The Rolling Stones – (I Can't Get No) Satisfaction». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22%28I+Can%27t+Get+No%29+Satisfaction%22. Henta 26. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]