And So It Goes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
And So It Goes
Singel av Billy Joel
frå albumet Storm Front
Utgjeve 1990
Innspelt The Hit Factory, Times Square Studio, New York, USA
Lengd 3:38
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Billy Joel
Mick Jones
Billy Joel-kronologi
«That's Not Her Style»
(1990)
And So It Goes «Shameless»
(1991)


«And So It Goes» er ein ballade skriven av Billy Joel i 1983, men ikkje gjeven ut før seks år seinare. Han er den tiande og siste songen på albumet Storm Front. Den originale demoversjoenn frå 1983 vart gjeven ut i 2005 i plateboksen My Lives.[1] Joel skreiv songen om eit mislukka forhold med modellen Elle Macpherson. Forholdet deira var dramatisk, sidan Macpherson berre var ein tenåring på den tida, medan Joel var i midten av 30-åra. Joel var saman med Macpherson ei kort stund før han møtte modellen Christie Brinkley, som etter kvart vart den andre kona hans. Musikkvideoen til songen er frå eit konsertopptak føre eit publikum.

Singelen nådde 37. plassen i USA på Billboard Hot 100 og femteplassen på Adult Contemporary-lista i 1990.

Songen vart nytta i ein episode av Boston Legal.[2]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar og band som har spelt songen er Bernie Williams, Marianas Trench, Jori Chisholm, Carmen Rasmusen, Sara Gazarek, The King's Singers, David Archuleta, Kevin Wong, Jennifer Warnes, Tommy Emmanuel, Karrin Allyson, Mitchel Forman, Vokalensemblen Urkraft, Les Sirènes Female Chamber Choir og Emilia Martensson og Barry Green.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Canada[3] 30
Japan[4] 12
U.S. Billboard Hot 100 37
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 5
U.S. Billboard Hot 100 Airplay 57

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Amazon.ca». Henta 2. september 2014. 
  2. TV.com. «Boston Legal: Son of the Defender - Season 3, Episode 18». TV.com. Henta 2. september 2014. 
  3. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 2. september 2014. 
  4. Oricon Singles Chart Oricon Singles Chart (Henta 2 November 2012)