The Nylon Curtain
The Nylon Curtain Studioalbum av Billy Joel | ||
Utgjeve | 23. september 1982 | |
Innspelt | Våren 1982, A & R Recording og Media Sound Studios i New York City | |
Sjanger | Rock, poprock, new wave | |
Lengd | 41:57 | |
Selskap | Family Productions/Columbia | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
---|---|---|
Songs in the Attic (1981) |
The Nylon Curtain | An Innocent Man (1983) |
Singlar frå The Nylon Curtain | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
People |
The Nylon Curtain er det åttande studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut den 23. september 1982 og produsert av Phil Ramone.
The Nylon Curtain nådde sjuandeplassen på Billboard-lista med to millionar selde plater i USA. Det var eit av dei første albuma som vart digitalt innspelt, miksa og mastra.
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Albumet er av dei mest ambisiøse Joel gav ut, og Joel har sjølvsagt omtalt det som hans personlege favoritt, og kalla det «innspelinga eg er mest stolt av og det materialet eg er mest stolt av.»[4] Då han spelte inn albumet sa han i eit intervju at han ønskte å «skape eit lydmessig meisterverk.» Så han brukte meir tid i studio for å få den rette lyden på albumet enn han hadde gjort på tidlegare album.[4] Han sa at prosessen med å lage albumet var «utmattande».[4] Kritikarar har tolka albumet som ei delvis hyllest til musikken til The Beatles og John Lennon.[5]
Om temaet på albuma sa Joel «det var i Reagan-åra, og dei sviktande horisontane i Amerika på den tida tydde at du brått ikkje kunne arve det livet som faren din hadde hatt.»[4] Denne pessimismen om den amerikanske draumen var i følgje Joel det som gjekk att i dei fleste songane på albumet.
Songen «Allentown», som handla om tilbakegangen i stålindustrien i USA, låg seks veker på 17. plassen på Billboard Hot 100-lista tidleg i 1983.[treng kjelde]
Journalisten Chuck Klosterman hylla songar frå albumet, særleg «Laura» og «Where's the Orchestra?», i boka si Sex, Drugs, and Cocoa Puffs.
Albumet vart nominert i klassen «Årets album» under Grammyprisen året etter, men vann ikkje.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Billy Joel.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Allentown» | 3:52 |
2. | «Laura» | 5:05 |
3. | «Pressure» | 4:40 |
4. | «Goodnight Saigon» | 7:04 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «She's Right on Time» | 4:14 |
6. | «A Room of Our Own» | 4:04 |
7. | «Surprises» | 3:26 |
8. | «Scandinavian Skies» | 6:00 |
9. | «Where's the Orchestra?» | 3:17 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Billy Joel – vokal, akustisk & elektrisk piano, synthesizerar, hammondorgel, melodica, Prophet 5 synthesizer, Synclavier II på «Pressure»
- David Brown – elektrisk gitar (solo), akustisk gitar (solo)
- Dominic Cortese – trekkspel på «Where's the Orchestra?»
- Liberty DeVitto – trommer, perkusjon
- Eddie Daniels – saksofon og klarinett på «Where's the Orchestra?»
- Russell Javors – elektrisk gitar (rytme), akustisk gitar (rytme)
- Dave Grusin – strykar- og horn-arrangement
- Charles McCracken – cello på «Where's the Orchestra?»
- Rob Mounsey – synthesizer på «Scandinavian Skies»
- David Nadien – konsertmeister på alle utanom «Laura» og «Scandinavian Skies»
- Doug Stegmeyer – bass
- «String Fever» – strykarar på «Laura» og «Scandinavian Skies»
- Bill Zampino – skarptromme på «Goodnight Saigon»