Streetlife Serenade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Streetlife Serenade
Studioalbum av Billy Joel
Utgjeve 11. oktober 1974
Innspelt Våren og sommaren 1974, Devonshire Sound, North Hollywood, CA
Sjanger Rock, poprock
Lengd 37:41
Selskap Family Productions/Columbia
Produsent Michael Stewart
Billy Joel-kronologi
Piano Man
(1973)
Streetlife Serenade Turnstiles
(1976)
Singlar frå Streetlife Serenade
  1. «The Entertainer»
    Utgjeve: 1975
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
Robert Christgau(C) [2]
Rolling StoneNegativ [3]

Streetlife Serenade er det tredje studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel (det andre på Columbia Records), gjeve ut 11. oktober 1974.

Streetlife Serenade var oppfølgjaren til Piano Man frå 1972, men vart ikkje like populært og var starten på eit heller kjølig forhold mellom Joel, musikkjournalistar og musikkindustrien meir generelt. I «The Entertainer» hånar Joel på grettent vis underhaldningsindustrien og er bitter for at plateselskapet hans tidlegare hadde endra singelversjonen av «Piano Man» slik at han kunne spelast på radio: «It was a beautiful song but it ran too long./If you're gonna have a hit, you gotta make it fit./So they cut it down to 3:05.»

«The Entertainer» nådde 34. plassen på den amerikanske singellista. Sjølve albumet nådde 35. plassen på listene og selde etter kvart meir enn éin million eksemplar.

Albumet inneheld to songar som vart spelt mykje på konsertane til Joel i 1970-åra: den instrumentale «Root Beer Rag» og den korte «Souvenir», som Joel ofte spelte som det siste ekstranummeret i denne perioden.

To andre, «Streetlife Serenader» og «Los Angelenos» vart begge gjevne ut på det første konsertalbumet til Joel, Songs in the Attic (1981).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Billy Joel

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Streetlife Serenader»   5:19
2. «Los Angelenos»   3:41
3. «The Great Suburban Showdown»   3:44
4. «Root Beer Rag (Instrumental)»   2:59
5. «Roberta»   4:32
Side to
# Tittel Lengd
6. «The Entertainer»   3:48
7. «Last of the Big Time Spenders»   4:34
8. «Weekend Song»   3:29
9. «Souvenir»   2:00
10. «The Mexican Connection (Instrumental)»   3:37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Michael Stewart
  • Lydteknikar: Ron Malo
  • Digital remastering: Joseph M. Palmaccio. Erroneously credited to Ted Jensen
  • Arrangørar: Michael Stewart, Billy Joel

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australian Kent Music Report Chart[4] 85
Canadian RPM Albums Chart[5] 16
U.S. Billboard 200 [6] 35

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Streetlife SerenadeAllmusic
  2. «Billy Joel: Streetlife Serenade > Consumer Guide Album». Robert Christgau. Henta 28. august 2014. 
  3. Holden, Stephen (December 5, 1974). «Billy Joel Streetlife Serenade > Album Review». Rolling Stone (175). Arkivert frå originalen den Mal:Date. Henta 28. august 2014. 
  4. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  5. «Top Albums/CDs - Volume 22, No. 22, January 25 1975». RPM. 8. april 1978. Henta 8. september 2013. 
  6. «allmusic ((( Streetlife Serenade > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 19. mars 2011.