The Downeaster Alexa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Downeaster 'Alexa'
Singel av Billy Joel
frå albumet Storm Front
B-side

«And So It Goes»

Utgjeve 1990
Innspelt The Hit Factory, Times Square Studio, New York, NY
Sjanger Rock
Lengd 3:44
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Billy Joel, Mick Jones
Billy Joel-kronologi 
«I Go to Extremes»
(1990)
The Downeaster 'Alexa' «That's Not Her Style»
(1991)


«The Downeaster 'Alexa'» er ein song skriven og framført av Billy Joel for det 11. studioalbumet hans, Storm Front frå 1989. Songen vart gjeven ut som den fjerde singelen frå albumet og nådde 57. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i 1990. Songen finst òg på Greatest Hits Vol. 3 frå 1997.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Personen i songen er ein fattig fiskar utafor Long Island, som finn det stadig vanskelegare å få endene til å møtast og halde på båten sin.[1] Fiskaren syng om fiskebestanden som har vorte uttømt («I know there's fish out there, but where God only knows») og miljøreguleringar («Since they told me I can't sell no stripers») som gjer det vanskeleg for folk som han å overleve, særleg når heimøya hans vert omgjort til dyre sommarferiestader for dei rike («There ain't no Island left for Islanders like me»). Teksten referer til Block Island Sound, Montauk, Martha's Vineyard, Nantucket og Gardiners Bay.

Sjølv om songen handlar om ein oppdikta person, skildrar han situasjonen til fiskarar frå Long Island på denne tida. Joel hadde alltid sympati for hardtarbeidande arbeidsfolk som arbeidde til sjøs, og vart til og med arrestert under ein demonstrasjon til støtte for desse fiskarane.

Alexa er namnet på dotter til Joel, Alexa Ray Joel. «The Alexa» var ein båt som Joel eigde[2]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart spelt inn (som «Downeaster Alexa») av The Corsairs i 2007 på albumet 9 Live.
  • Den engelske roots-duoen Show of Hands spelte inn ein versjon for albumet Covers.
  • Det amerikanske rockebandet O.A.R. har spelt songen sidan 2007.[3]
  • Songen vart nytta i The Hangover Part II, under ein scene der hovrollene på eit fly er på veg til eit bryllaup i Thailand.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Canada[4] 25
Japan (Oricon)[5] 6
UK Singles Chart 76
US Billboard Hot 100 57
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 18
US Billboard Mainstream Rock Tracks 33

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Piano Man rocks AlbanyPoughkeepsie Journal, Thursday 19 April 2007
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. februar 2015, henta 2. september 2014 
  3. Live at the Red Rocks (O.A.R. website. Accessed 2. september 2014.)
  4. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.7917&type=1&interval=24&PHPSESSID=qqarrp21acuiipncdo8f6vitt5
  5. Oricon Singles Chart Oricon Singles Chart (Henta 2 November 2012)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]