Songen The Stranger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Stranger
Singel av Billy Joel
frå albumet The Stranger
B-side

«Movin' Out (Anthony's Song)»

Språk engelsk
Utgjeve 21. mai 1978 (Japan)
Innspelt A & R Recording Inc., New York City, 1977
Sjanger Rock
Lengd 5:10 (B-side 3:27)
Selskap Columbia
CBS Sony (Japan)
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«She's Always a Woman»
(1977)
The Stranger «My Life»
(1978)


«The Stranger» er ein song av Billy Joel frå albumet med same namn, The Stranger, frå 1977.[1] Songen vart gjeven ut som singel i Japan der han vart særs populær og nådde andreplassen på singellista. Songen gjekk òginn på lista i Australia. Det var den siste singelen frå albumet i Japan, medan USA og Storbritannia fekk «She's Always a Woman», gjeven ut året før, som den siste singelen frå albumet.

Singel er òg gjeven ut på samlealbumet Greatest Hits - Volume I & II.[2]

Ein to minuttar lang instrumental reprise av songen finst på slutten av albumet, etter «Everybody Has a Dream».

Billy Joel ønskte opphavleg eit instrument til å spele melodien og plystra melodien for produsenten Phil Ramone. Ramone meinte då at Joel burde plystre melodien på innspelinga i staden.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" vinyl (CBS)[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Stranger»
  2. «Just The Way You Are»

Japansk 7" vinyl[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Stranger» [5:10]
  2. «Movin' Out (Anthony's Song)» [3:27]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Australia 59
Japan 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]