Travelin' Prayer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Travelin' Prayer
av Billy Joel
frå albumet Piano Man
B-side

«Ain't No Crime»

Utgjeve 1974
Innspelt Devonshire Sound, Los Angeles
Sjanger rock, folkrock
Lengd 3:03 (singel)
4:16 (album)
Selskap Family Productions/Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Michael Stewart
Billy Joel-kronologi 
«Worse Comes to Worst»
(1974)
Travelin' Prayer «The Ballad of Billy the Kid»
(1974)


«Travelin' Prayer» er ein song av songaren Billy Joel, gjeve ut som den tredje singelen frå albumet Piano Man i 1974. Songen er ein rask, banjo-dominert song.[1] Singelen nådde 77. plass på Billboard Hot 100 og 34. plass på Adult Contemporary-lista.

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

Joel skreiv «Travelin' Prayer» kring to år før han vart spelt inn for albumet.[2] Songen har fire vers og to instrumentale parti.[3] Teksten handlar om at songaren bed om at kjærasten må vere trygg til ho er attende hos han igjen.[3] Songen har element av country og går i eit livleg tempo.[3] Insturmenta på songen er mellom anna honky-tonkpiano, banjo, fele og trommer spelt med vispar.[3] Joel speler munnspel under det andre instrumentale partiet.[3] Forfattaren Ken Bielen skriv at songen er inspirert av irsk folkemusikk.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Travelin' Prayer» vart spelt av Earl Scruggs Revue i 1973 på albumet Rockin' Cross the Country.[4] Billboard Magazine omtalte denne versjonen som ein av dei beste på det albumet.[5] Dolly Parton fekk seinare Grammyprisen for beste kvinneleg countrysong då ho spelte songen i 1999 på albumet The Grass Is Blue.[6][7] Parton sa at ho «alltid hadde elska Billy Joels 'Travelin' Prayer', som ho meinte lånte frå rein bluegrass[8] Parton spelte nettopp songen i bluegrass-stil.[9]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Canadian Singles Chart[10] 61
U.S. Billboard Hot 100[11] 77
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[12] 34

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Song of the Day: 'Travelin' Prayer,' Billy Joel». NJ.com. 7. november 2011. Henta 31. januar 2014. 
  2. Bordowitz, H. (2006). Billy Joel: The Life & Times of an Angry Young Man. Random House. s. 74–75, 238. ISBN 9780823082483. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Bielen, K. (2011). The Words and Music of Billy Joel. ABC-CLIO. s. 27, 130. ISBN 9780313380167. 
  4. «Rockin' Cross the Country». Allmusic. Henta 27. august 2014. 
  5. «Billboard's Top Album Picks». Billboard Magazine. June 1, 1974. s. 48. Henta 27. august 2014. 
  6. Graff, G. (February 13). «Dolly Parton Makes Big Splash With Little Sparrow». ABC News. Henta 27. august 2014. 
  7. «Dolly Parton awards». IMDB. Henta 27. august 2014. 
  8. Bessman, J. (September 25, 1999). «Parton Sings Bluegrass for the Fans». Billboard Magazine. s. 34. Henta 27. august 2014. 
  9. «Dolly Parton: The Grass is Blue». CMJ New Music Report. November 1, 1999. s. 28. Henta 27. august 2014. 
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 31. januar 2014. 
  11. «Billy Joel - Chart history». Billboard. Henta 31. januar 2014. 
  12. «Billy Joel - Chart history». Billboard. Henta 31. januar 2014.