Scenes from an Italian Restaurant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scenes from an Italian Restaurant
Song av Billy Joel
frå albumet The Stranger
Utgjeve September 1977
Innspelt A & R Recording, Inc., New York City
Sjanger Jazzrock
Lengd 7:37
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone

«Scenes from an Italian Restaurant» er ein song av Billy Joel for albumet The Stranger frå 1977.

Sjølv om han aldri vart gjeven ut som singel, vart han ein av dei mest kjende songane til Joel og finst på fleire av samlealbuma hans. I eit intervju fortalte Joel at den andre sida av The Beatles-albumet Abbey Road var ein av dei største inspirasjonskjeldene hans.[1] Songen er i røynda ein medley av tre forskjellige songar: «Italian Restaurant» byrjar med ein roleg, melodisk pianoballade, som handlar om to gamle klassekamaratar som sit på ein italiensk restaurant og preikar. Dette glir over i ein meir livleg jazz-aktig del med klarinett og saksofonsolo, etterfølgd av ein rock and roll-del (som Joel kallar «The Ballad of Brenda and Eddie»).[1]

6. mai 1977, før songen vart gjeven ut offisielt, spelte Joel songen på Long Island University C.W. Post Campus. Han dediserte songen til Christiano's restaurant, som låg i Syosset, i New York, men som no er lukka.[2]

Med ei lengd på sju minuttar og 37 sekund er han ein av dei lengste songane til Joel.

Songen har fått god omtale i seinare år. Scott Floman som skriv for Goldmine skildra songen som «eit episk meisterverk i fleire nivå som starta som ein langsam, røykfullt ballade, og byggjer seg opp til ein pianorockar med ein smak av New Orleans som syner Joel som historieforteljar og rim-artist, før han endar opp i ein røyktfullt ballade igjen.»[3]

Etter år med spekulasjonar om kva restaurant som inspirerte til songen sa Joel i eit intervju som finst på 30-årsjubileumsutgåva for The Stranger at songen var skriven om ein restaurant som låg tvers over for Carnegie Hall kalla Fontana di Trevi, som han ofte vitja under ei rekkje konsertar på Manhattan i juni 1977. Opningslinja i songen er A bottle of white, a bottle of red, perhaps a bottle of rosé instead?» og vart sagt til han av ein servitør ved Fontana di Trevi då Joel skulle bestille.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Billy Joel (October 14, 1997), «Billy Joel Spoken Intro/Music Concepts», An Evening of Questions & Answers... & A Little Music (Columbia) 
  2. http://patch.com/new-york/syosset/christianos-closes-its-doors-after-55-years#.U9_E91bTOho
  3. http://sfloman.com/billyjoel.html#3
  4. Westwood One interview with Billy Joel