The Bridge av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Bridge
Studioalbum av Billy Joel
Utgjeve 29. juli 1986
Innspelt The Power Station, Chelsea Sound (North), RCA Studios, New York City and Evergreen Studios, Burbank, California 1985-86
Sjanger Rock
Lengd 40:06
Selskap Family Productions/Columbia
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
Greatest Hits, Vols. 1 & 2
(1985)
The Bridge КОНЦЕРТ
(1987)
Singlar frå The Bridge
  1. «Modern Woman»
    Utgjeve: 1986
  2. «A Matter of Trust»
    Utgjeve: 1986
  3. «This Is the Time»
    Utgjeve: 1987
  4. «Baby Grand»
    Utgjeve: 1987
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
Allmusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
Chicago Tribune
Los Angeles Times

The Bridge er det tiande studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut 29. juli 1986. Det vart det siste Billy Joel-albumet med Phil Ramone som produsent. Albumet gav Joel fleire suksessrike singlar, som «A Matter of Trust» (10. plass), «Modern Woman» (som òg vart nytta i filmen Ruthless People, 10. plass) og «This Is the Time» (18. plass).

Joel byrja arbeidet med albumet i 1985. To av dei store inspirasjonskjeldene hans, Ray Charles og Steve Winwood, gjestar på albumet. Charles song ein duett med Joel på songen «Baby Grand», og Winwood spelte hammondorgel på songen «Getting Closer». Andre kjende musikarar som gjesta på albumet var jazzmusikarane Ron Carter og Michael Brecker, som begge spelte på den jazzaktige «Big Man on Mulberry Street».

Fleire av songane på albumet var òg i new wave-stil, som den første songen, «Running on Ice», som er inspirert av musikken til The Police, og den siste songen spelt inn for albumet, «Code of Silence», med Cyndi Lauper på korvokal og medtekstforfattar. Joel song sidan korvokal på Lauper-songen «Maybe He'll Know» i 1986 på albumet True Colors).

The Bridge var det siste albumet til Joel som hadde logoen til «Family Productions», som hadde vore på alle albuma til Joel fram til då etter ein avtale der Columbia Records kjøpte Joel ut av den første platekontrakten hans med Artie Ripp sitt Family Productions. I den avsluttande songen på albumet, «Getting Closer», kjem Joel med fleire åtak og tankar om kontrakten med Ripp, med referansar til my stolen youth, all the conmen and their acrobats who stomped me in the ground og I must live up to contracts.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Billy Joel, utanom «Code of Silence» av Joel og Cyndi Lauper.. 

# Tittel Lengd
1. «Running on Ice»   3:15
2. «This Is the Time»   4:59
3. «A Matter of Trust»   4:09
4. «Modern Woman»   3:48
5. «Baby Grand» (duet med Ray Charles) 4:02
6. «Big Man on Mulberry Street»   5:26
7. «Temptation»   4:12
8. «Code of Silence» (korvokal av Cyndi Lauper) 5:15
9. «Getting Closer»   5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Australian Kent Music Report Albums Chart[4] 2
Austerrike[5] 18
Belgia[6] 8
Canadian RPM Albums Chart[7] 10
Nederland[8] 20
European Top 100 Albums[9] 17
Finland[10] 14
Italia[11] 17
Japan[12] 2
New Zealand[13] 12
Noreg[14] 13
Sverige[15] 25
UK Albums Chart [16] 38
USA Billboard 200[17] 7
Vest-Tyskland[18] 34

|}

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Land Liste Plassering
1986 "Modern Woman" USA Billboard AC 7
Billboard Hot 100 10
Billboard Mainstream Rock 34
"A Matter of Trust" Australia Kent Music Report 3
USA Billboard Hot 100 10
Billboard Mainstream Rock 14
Billboard AC 17
Storbritannia UK Singles Chart 52
1987 "This is the Time" USA Billboard AC 1
Billboard Hot 100 18
Billboard Mainstream Rock 32
"Baby Grand" Billboard AC 3
Billboard Hot 100 75

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Bridge av Billy JoelAllmusic
  2. Brogan, Daniel (1986-09-12). «Turner Outdoes `Dancer` With `break Every Rule` Lp > BILLY JOEL, The Bridge, (Columbia)». Chicago Tribune. http://articles.chicagotribune.com/1986-09-12/entertainment/8603080121_1_african-musikars-moment-album. Henta 31. august 2014. 
  3. Pond, Steve (1986-08-10). «RECORD RACK > Billy Bites Off Too Much». articles.latimes.com. The Los Angeles Times. http://articles.latimes.com/1986-08-10/entertainment/ca-2082_1_billy-joel. Henta 31. august 2014. 
  4. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  5. «Billy Joel – The Bridge – austriancharts.at» (på German) (ASP). http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Billy+Joel&titel=The+Bridge&cat=a. Henta 2013-11-19. 
  6. http://books.google.ca/books?id=GSQEAAAAMBAJ&lr=&rview=1
  7. «Top Albums/CDs - Volume 45, No. 6,» (PHP). RPM. 1986-11-01. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.0745&type=1&interval=20&PHPSESSID=c6btf3r8hs459qqt5ln3o3dcv5. Henta 2013-11-01. 
  8. «dutchcharts.nl Billy Joel – The Bridge» (på Dutch) (ASP). dutchcharts.nl. MegaCharts. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Billy+Joel&titel=The+Bridge&cat=a. Henta 2013-11-19. 
  9. http://books.google.ca/books?id=oCQEAAAAMBAJ&lr=&rview=1
  10. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 263. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  11. «Hit Parade Italia - Gli album più venduti del 1986» (på Italian). hitparadeitalia.it. http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1986.htm. 
  12. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  13. «charts.org.nz – Billy Joel – The Bridge» (ASP). Recording Industry Association of New Zealand. http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=Billy+Joel&titel=The+Bridge&cat=a. Henta 2013-11-198. 
  14. «norwegiancharts.com Billy Joel – The Bridge» (ASP). http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Billy+Joel&titel=The+Bridge&cat=a. Henta 2013-11-19. 
  15. «swedishcharts.com Billy Joel – The Bridge» (ASP). Sverigetopplistan. http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Billy+Joel&titel=The+Bridge&cat=a. Henta 2013-11-19. 
  16. «Billy Joel > Artist > Official Charts». UK Albums Chart. http://www.officialcharts.com/artist/_/billy%20joel/#albums. Henta 2013-09-08. 
  17. Allmusic – The Bridge > Charts & Awards > Billboard Albums
  18. «Album Search: Billy Joel – The Bridge» (på German) (ASP). Media Control. http://www.officialcharts.de/album.asp?artist=Billy+Joel&title=The+Bridge&cat=a&country=de. Henta 2013-11-19.