Henryk Sienkiewicz
Utsjånad
Henryk Sienkiewicz | |
Verkeleg namn | Henryk Adam Aleksander Pius Sienkiewicz (utt. [ɕʲɛŋˈki̯ɛvit͡ʃ]) |
Nasjonalitet | Polsk |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 5. mai 1846 Wola Okrzejska, Lublin-voivodskapet i dagens Polen |
Død |
15. november 1916 (70 år) |
Yrke | Forfattar |
Språk | polsk |
Sjanger | kortroman, reportasje, kortroman, novelle, føljetong |
Medlem av | Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Vitskapsakademiet i St. Petersburg, Det russiske vitskapsakademiet, Polskie Towarzystwo Tatrzanskie, Academy of Learning |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja, katolisisme |
Ektefelle | Maria Szetkiewicz, Maria Romanowska-Wołodkowicz, Maria Babska |
Born | Jadwiga Korniłowiczowa |
Henryk Sienkiewicz på Commons |
Henryk Adam Aleksander Pius Sienkiewicz, pseudonym Litwos (5. mai 1846–15. november 1916), var ein polsk forfattar som i si eiga tid blei rekna som ein av dei viktigaste romanforfattarane. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1905 «på grunn av sine eineståande fortenester som episk forfattar».[1][2]
Sienkiewicz var fødd i Wola Okrzejska i Lublin-voivodskapet i dagens Polen, den gong Det russiske imperiet. Han døydde i Vevey i Sveits.
I dag er han mest kjend for Quo vadis (1895), ein historisk roman frå keisar Nero si tid. I 1951 blei det laga ein storfilm basert på denne boka, blant anna med Peter Ustinov som keisar Nero.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Kortromanar
[endre | endre wikiteksten]- 1873 Humoreski z teki Worszyłły
- 1880 Hania
- 1877 Szkice węglem
- 1880 Janko Muzykant
- 1880 Z pamiętnika poznańskiego nauczyciela
- 1880 Niewola tatarska
- 1882 Bartek Zwycięzca
- 1882 Jamioł
- 1880 Za chlebem
- 1880 Orso
- 1882 Latarnik
- 1889 Sachem
- 1889 Wspomnienie z Maripozy
Romanar
[endre | endre wikiteksten]- Trilogien
- Ogniem i mieczem (1884)
- Potop (1886)
- Pan Wołodyjowski (1888)
- 1891 Bez dogmatu
- 1894 Rodzina Połanieckich
- 1896 Quo vadis
- 1900 Krzyżacy
- 1906 Na polu chwały
- 1910 Wiry
- 1912 W pustyni i w puszczy
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "because of his outstanding merits as an epic writer".
- ↑ Pressemelding på nobelprize.org