Manatar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For mynteininga, sjå aserbajdsjansk manat.
Manatar

Status i verda: VU Sårbar

Amerikamanat
Amerikamanat

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Sjøkyr
Familie: Trichechidae

Gill1872

Slekt: Trichechus

Linné1758

Artar
  • T. senegalensis (Senegalmanat)
  • T. inunguis (Amazonasmanat)
  • T. manatus (Amerikamanat)

Manatar (Trichechus) er ei slekt store pattedyr som lever i salt- og ferskvatn. Manatane er planteetarar, og bruker det meste av tida si til å beita. Dei held til i grunne, sumpaktige kystområde og elvar i tropiske og subtropiske strok rundt Atlanterhavet, i både fersk- og saltvatn.

Trichechus (manatar) er einaste slekta i familien Trichechidae. Saman med dugongfamilien utgjer manatane ordenen sjøkyr (Sirenia). Manatane skil seg frå dugongane ved at hovudet er meir avrunda og ved at halen er forma som ei stor, rund padleåre, medan dugonghalen deler seg i to.

Det finst tre artar manatar.[1] Alle tre er rekna som sårbare av Verdas naturvernunion.

  • Senegalmanat (Trichechus senegalensis) som held til langs vestkysten av Afrika, frå Senegal til Angola, og i elvesystema innover i landet.
  • Amazonasmanat (Trichechus inunguis) som lever i elvesystemet i Amazonas
  • Amerikamanat (Trichechus manatus), som finst rundt dei vestindiske øyane i Det karibiske havet og langs nordaustkysten av Sør-Amerika. Floridamanat (Trichechus manatus latirostris) og antillmanat (Trichechus manatus manatus) vert rekna som underartar av amerikamanaten.[2]

Det er funne hybridar mellom amazonasmanat og amerikamanat ved munningen av Amazonaselva.[3]

Generelt om manatar[endre | endre wikiteksten]

Tilnærma utbreiing av dei tre manatartane. Grønt: Amerikamanat. Raudt: Amazonasmanat. Oransje: Senegalmanat.

Evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Gruppa Trichechines, eller verkelege manatar, skilde seg ut frå Dugonginidane i midten av miocentida, truleg i Sør-Amerika. Då fekk dei den karakteristiske utskiftinga av tannsettet. Først seinare, i pliocen eller pleistocen, vandra dei nordover og tversover Atlanterhavet til Afrika. Nyare analyse av arvematerialet stadfestar at amerikamanaten og senegalmanaten skilde lag etter at amazonasmanaten skilde seg ut som ein eigen art[4].

Oppdelinga av amerikamanaten i to underartar er omdiskutert. Denne oppdelinga er særleg tufta på skilnader i skallen. Analyse av arvematerialet speglar ikkje denne skilnaden, men viser i staden skilnad på dyr frå nord- og sørsida av deltaet til Orinocoelva og dei små Antillane.

Anatomi og fysiologi[endre | endre wikiteksten]

Ein manat kan bli opptil 4,5 meter lang, avhengig av art, hoa er større enn hannen. Bortsett frå det er einaste ytre skilnad på kjønna at hannens ytre kjønnsorgan sit framme ved navlen (midt på buken), mens hoa har sitt bak ved anus (ved halerota). Skjelettet er særs massivt, beinmerg finst berre i brystbeinet og ryggvirvlane. Han har ikkje baklemmer, men det finst restar av bekkenbein i muskulaturen på bakkroppen. Framme har han sveiver. Skinnet er frå grått til brunt, med ujamn overflate og noko hårvekst. Han manglar ytre øyre. Overleppa er fleksibel, med vêrhår. Dyret nyttar sveivar og lepper til å føre maten inn i kjeften.

Lungene er flate, opp mot ein meter lange og ligg på ryggsida av dyret. Om lag 90 % av lufta i lungene blir skifta ut ved kvar pust. Langsetter kroppen ligg to mellomgolv. Desse går frå ryggvirvlane ut mot kvar side på dyret. Desse mellomgolva skil lungene frå tarmane. Kvar lunge ligg altså i sitt eige lukka rom. Dyra kommuniserer under vatn med lydar i området 6-8 KHz.

Eit særtrekk ved manatane er seks virvlar i halsryggsøyla, i staden for sju som er vanleg hos pattedyr. Eit anna særtrekk er at tennene blir kontinuerleg skifta ut bakfrå og framover, i staden for periodisk, og nedanfrå og oppover. Tennene blir altså slitne ned framme, og skifta ut med tenner som veks opp lengst bak i kjeven og vandrar framover.

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Manatho med kalv. Brystet ligg inn under sveiva.

Av di det er usikkert korleis ein fastslår alder på manatar, veit ein ikkje når dei blir kjønnsmogne. Truleg skjer det mellom seks og ti års alder. Paringa kan skje både under vatn og ved overflata, og ei ho kan pare seg med meir enn ein hann. Svangerskapet varer mellom tolv og tretten månader, som regel har dei berre ein kalv. Kalven er om lag 120 cm lang og veg 30 kg. Han blir født i vatnet, og diar få timar etter fødselen. Han diar i eit år, men kan gå med mora i to år.

Hoa har eggløysing fleire gonger i året, kanskje så ofte som kvar månad. Dei får kalvar med frå to til fem års mellomrom.

Ernæring[endre | endre wikiteksten]

Antillmanat med fôr i ein dyrehage.
Foto: Chris Muenzer

Manaten kan ete eit vidt spekter av planter i og ved vatn. Dei har berre ein mage, men ein utvida tolvfingertarm som er nesten like stor. Dei har og tynn- og tjukktarm, begge opp mot 20 meter lange hos eit velvakse individ. Nedbrytinga av cellulose skjer hovudsakleg i tjukktarmen, ved gjæring. Dette er ein prosess som frigjer store mengder metangass. Denne meltingsprosessen liknar den ein finn hos t.d. hestar.

Dykking[endre | endre wikiteksten]

Nasebora på manaten blir lukka med klaffar under dykking. Når store manatane kviler kan dei vera under vatn i opp til tjue minutt. Er dei aktive er tida kortare, i snitt to til tre minutt. Det er ikkje sikkert om dei har den typiske forseinka hjarterytmen (bradykardi) som andre sjølevande pattedyr har under dykking. Forsøk med dukking av manatar gjev bradykardi, mens forsøk der dei dykkar friviljug ikkje viser dette.

Jakt[endre | endre wikiteksten]

Ein drap tidlegare manatar fleire plassar, for å bruka feitt, kjøt, skinn og knoklar, men dyra er no rettsleg verna dei fleste plassar. Alle manatartane er rekna som sårbare dyreartar i raudlista til Verdas naturvernunion, men det er uvisst kor mykje talet på dyr aukar eller minskar.

Dei ulike artane[endre | endre wikiteksten]

Senegalmanat[endre | endre wikiteksten]

Senegalmanat i akvariet i Toba i Japan.
Foto: OpenCage

Senegalmanaten (Trichechus senegalensis) er òg kalla West African manatee på engelsk. Av dei nolevande sjøkyrne er det senegalmanaten ein veit minst om. Ein trur at han lever i dei same områda no som tidlegare, men at populasjonane minkar og at enkeltpopulasjonar i området forsvinn.

Han liknar amerikamanaten, men er noko mindre rund, og har ein annleis snuteform. Det ser ut til at nedre grense for vasstemperatur er 18 °C. Han har same levevis, men det er funne muslingar i vomma på slakta dyr, han kan altså ete noko animalsk føde.


Land Status
Senegal Det er manatar langs heile kysten og oppover Senegalelva. Kor langt opp dei går er ukjent, men det varierer truleg med vassføring og årstid. Dyra er verna.
Gambia Lite manatar ved kysten, men ikkje uvanleg i nedre del av Gambiafloden. Desse dyra kan vera truga av oppdemming av elva. Dei er allereie truga av mangel på ferskvatn grunna tørke og reduserte mangrovesumpar.
Liberia Til stades, ukjent kor mange
Guinea-Bissau Relativt få langs kysten, talrike i Bijagós-øyane. Aktiv jakt er ikkje vanleg, men kjøtet blir ete når ein får dei i garn.[5].
Guinea Ingen data
Sierra Leone Utsett for jakt, minst tjue dyr tatt årleg. Kjøtet finst på marknader. Dyr finst i fleire av elvane.
Elfenbeinskysten Utsett for jakt, minst tjue dyr årleg. Overslag over populasjonen varierer frå tre hundre til fleire tusen.
Ghana Fangst er forbode, dyret er uvanleg.
Togo og Benin Ingen data
Niger og Mali Det har vore mange manatar i Niger-deltaet. Opplysningane sprikar om status no.
Tsjad Usikkert om manatar finst i Tsjad. Omdiskutert om det finst ein stamme i Tsjad-sjøen.
Nigeria Talrike tidlegare, truleg færre no. Manatar blir jakta i Nigeria.
Kamerun Jakt skjer, trass lovforbod Det er manatar i alle større elvar langs kysten, varierande storleik på populasjonane.
Ekvatorial-Guinea Ingen data
Gabon Ingen sikre data, truleg talrik
Kongo-Brazzaville og Kongo Ingen sikre data. Truleg talrik i Kongoelva
Angola Ingen sikre data. Cuanza-elva er truleg sørgrensa for senegalmanaten.

Denne tabellen er sett opp på grunnlag av data frå 1980-talet[6] dersom ikkje anna er skrive.

Amazonasmanat[endre | endre wikiteksten]

Amazonasmanat teikna av Sharon Mooney.

Amazonasmanat (Trichechus inunguis, peixe-boiportugisisk) er den minste av manatane. Det lengste individet som er dokumentert var 2,8 meter langt, eit anna vog 480 kg. Amazonasmanaten skil seg frå dei andre manatartane ved mellom anna at han har glatt skinn etter nyfødttida, kvite eller rosa flekkar på buken, lengre og smalare snute, og ikkje negler.

Den største skilnaden mellom amazonasmanaten og dei andre manatartane, er at han lever berre i ferskvatn; i Amazonaselva, samt elvar og sjøar i samband med ho. Dei lever helst i «kvitt vatn», altså vatn med normal pH. Dette i motsetnad til «svart vatn», som er kjenneteikna av låg pH. Dei føretrekk kanalar og flaumsjøar, og ein temperatur i vatnet mellom 25° C og 30° C.

Dei lever i flokkar på fire til åtte dyr, tidlegare blei dei observerte i større flokkar. Dei kan vera under vatn i opp til fjorten minutt. I motsetnad til dei andre manatartane tyder mykje på at amazonasmanaten har årstidsvariasjonar i ernæringa. I fangenskap et dei 9 til 13 kg planter om dagen. I naturen ser det ut til at dei fastar i tørkesesongen, då vasstanden kan søkke med opp til 10-15 meter, og dyra kan bli isolert i område utan grøne vekstar. Truleg kan dei leve på feittreservane i opp til 200 dagar. Dei har eit lågt stoffskifte året rundt, men dette gjeld også til ein viss grad dei andre manatane. I tillegg skjer det meste av kalvinga i perioden februar - mai, då vatnet stig att etter tørketida. I fangenskap er kalvane om lag 80 cm lange når dei kjem til verda, og aukar vekta med om lag ein kilo i veka. Lengda aukar med 1,4 cm i veka. Dei et seks liter mjølk i veka og diar i eitt år.

Mens dei andre manatane i liten grad er bytte for rovdyr, jagar både haiar, jaguarar og kaimanar på amazonasmanaten. I tillegg blei amazonasmanaten utsett for intensiv jakt i tida frå 1780-talet til 1954, då både skinn og kjøt var eksportartiklar. På toppen av dette kom ei særs kraftig tørke i 1963 som sette bestanden kraftig attende.

Korleis situasjonen er no, er uviss. I Brasil er det gjort forsøk med utsetjing av manatar i ein kunstig innsjø etter vassdragsregulering (ved Santarém). Ny genforsking viser at det er mogeleg at talet på amazonasmanatar aukar.[7]

Land Status
Brasil Rundt rekna 5 000 dyr, mogeleg vekst i talet.
Guyana I Rio Tacatu på grensa til Brasil
Colombia I tillegg til Amazonas finn ein manatar i Putumayo, Caquetá og delar av Apaporis. Sjeldan, nær utrydding.
Peru Dei lever i Napo, Tigre, Marañón, Samiria, Ucayali og Huallagaelva. Sjeldan, nær utrydding.
Ecuador I lagunar ved elvane Aguarico og Cuyabeno. Få, og utsette for jakt.

Amerikamanat[endre | endre wikiteksten]

Amerikamanat.

Amerikamanat (Trichechus manatus) blir på engelsk kalla Caribbean eller West Indian manatee. I 1934 blei det gjort framlegg om at amerikamanaten hadde to underartar. At det faktisk er to underartar, blei slege fast av Domning og Hayek i 1986[8], på grunnlag av skilnader i skjeletta, særleg skallane. Floridamanaten lever i Florida i USA, i tillegg sporadisk frå Texas til Virginia. Antillmanaten lever frå nord på Atlanterhavskysten i Mexico til Bahia i Brasil, og på dei karibiske øyane. Floridastraumen mellom Florida og Cuba skil dei to underartane.

Floridamanat[endre | endre wikiteksten]

Floridamanaten (Trichechus manatus latirostris) er den manatarten ein veit mest om. Han kan bli 3,9 meter lang og vega rundt 1,5 tonn. Gjennomsnittleg storleik for ein vaksen manat er tre meter og 500 kg. Til skilnad frå amazonasmanaten har han tre eller fire negler på sveivene. Livslengda er truleg over 50 år.

Desse manatane blir kalla halvsosiale. Kalv og mor utgjer ei eining, ut over det dannar dei ikkje faste einingar. Rundt eggløysinga kan ei ho likevel vera omgjeven av fleire hannar. Fleire manatar kan òg samle seg rundt kjelder for varmt vatn om vinteren.

Floridamanaten lever både i salt- og ferskvatn. Dyr er ofte observert når dei flokkar seg rundt ferskvasskjelder for å drikke, men det er uvisst om dei kan leva berre i saltvatn (som t.d. selar og kvalar), eller om dei er avhengige av desse ferskvasskjeldene.

Floridamanaten lever i yttergrensa for manatens naturlege miljø, han migrerer når temperaturen i vatnet søkk under 20 °C. På heilårsbasis lever han i Florida, opp til Georgia, men han streifar opp til Virginia på varme somrar. Vestover finn ein dyret i Everglades nasjonalpark, sporadisk heilt til Louisiana. Om vinteren samlar manatane seg gjerne nær kraftverk og naturlege varme kjelder som varmar vatnet rundt seg. Fleire kraftverk er i ferd med å verta stengde, og den amerikanske staten ved U.S. Fish and Wildlife Service prøver nå å finne andre måtar å varma vatnet på for manatane. Når floridamanaten er truga er det særleg fordi naturlege leveområde forsvinn, og fordi dei blir skadd i kontakt med båtar og liknande.

Talet på dyr er (2001) over 3 200, dette var det høgste talet som blei talt[9]. Kor mykje over er usikkert. Funn av daude manatar aukar, i perioden 1976 til 1990 auka det med 5,3 % i året, frå noko over 50 til 216.

Antillmanat[endre | endre wikiteksten]

Antillmanaten (Trichechus manatus manatus) er lik floridamanaten av utsjånad. Populasjonen er ujamt fordelt i området der han lever. Dette kjem truleg av tilgangen på høvelege habitat, dyra treng tilgang både på ferskvatn og riktig mat. Ein manglar både historiske data, og godt oversyn over korleis situasjonen er no, men truleg minskar talet på antillmanatar.

Land Status
Brasil Freda sidan 1967, jakt pågår truleg nokre stader. Antillmanatar finst i følgjande delstatar: Amapá, Maranhão, Paraíba, Pernambuco, Alagoas, Sergipe og Bahia. Totalt rundt 500 dyr (1997)[10].
Fransk Guyana Verna siden 1986. Til stades langs heile kysten og opp til 80 km opp i elvar. Det foregår framleis noko jakt (2003).[11]
Surinam Finst i dei fleste elvane og tilstøytande sumpområde. Har blitt sett opp til 60 km opp i elvar.
Guyana Verna sidan 1956. Finst truleg i alle kystnære elvar.
Trinidad I Nariva-sumpen og North Oropuche River.
Venezuela Utsett for jakt tidlegare, truleg ikkje lengre. Ein stor populasjon i Orinoco-vassdraget og Golfo de Paria.
Panama Ein liten populasjon, i elvar i Bocas del Toro-provinsen og i Gatúnsjøen (1990)[12]
Costa Rica Sjeldan. Nokre få i nasjonalparken Tortuguero
Nicaragua Ingen data
Honduras Uklår situasjon. Jaktpresset har vore stort, mogleg betring.
Guatemala Få individ, framleis jakt. Har også eit manat-reservat, Biotopo Para La Conservación del Manati Chocon-Machacas
Belize Verna sidan 1933. Mange manatar (>300), langs heile kysten. Truleg eit kjerneområde for desse dyra. (1997)
Mexico Nordgrensa for antillmanaten går her, ved Nautla i Veracruz. Ein kan sporadisk finne dyr nord til Texas. Det har blitt jakta på dyra tidlegare, dette er det stort sett slutt på. I Mexicogolfen finn ein antillmanatar særleg i det sørlege Veracruz, og i delstatane Tabasco og Chiapas. Lengre sør finn ein dei særleg på grensa mot Belize.
Cuba Usikkert kor vanlege dyra er, men dei finst både på nord- og sørsida av øya. Dei er særleg talrike i Golfo de Guanahacabibes, mellom Cortes og La Coloma, og ved Río Hatiguanico.
Haiti Mindre enn ti individ
Dominikanske republikk Få dyr
Jamaica På sørkysten er det ein liten populasjon, utsett for krypskyting.
Puerto Rico Dyra her kjem under U.S. Endangered Species Act frå 1973, situasjonen er difor betre kartlagt enn andre stader. Dei fleste dyra finn ein på aust- og sørsida av øya, særleg ved Roosevelt Road Naval Station, kor dei dreg nytte av kloakkutslepp for ferskvatn.
Jomfruøyane Eit dyr sett i 1988.
Bahamas Ein observasjon frå 1975, men landet er ikkje undersøkt for manatar.

Denne tabellen er sett opp på grunnlag av data frå før 1989[13] dersom ikkje anna er oppgjeve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen er hovudsakleg tufta på boka til Reynolds og Odell, som har rikeleg med referansar til primærkjelder.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisielle norske namn finst ikkje. Desse namna er foreslåtte av ein tilsett ved Zoologisk museum i Oslo.
  2. Reynolds JE og DK Odell. Manatees and Dugongs. Facts on file, 1991. ISBN 0-8160-2436-7
  3. Vianna, JA, et al.: Phylogeography, phylogeny and hybridization in trichechid sirenians: implications for manatee conservation. Molecular ecology. 2006, 15, 433-447.
  4. Vianna, JA, et al.: Phylogeography, phylogeny and hybridization in trichechid sirenians: implications for manatee conservation. Molecular ecology. 2006, 15, 433-447.
  5. Silva MA og A Araújo: Distribution and current status of the West African manatee (Trichechus senegalensis) in Guinea-Bissau. Marine Mammal Science, 2001, 17 (2):418-424.
  6. Reynolds JE og DK Odell. Manatees and Dugongs. Facts on file, 1991. ISBN 0-8160-2436-7
  7. Cantanhede AM et al.: Phylogeography and population genetics of the endangered Amazonian manatee, Trichechus inunguis Natterer, 1883 (Mammalia, Sirenia). Molecular Ecology (2005)14:401-413.
  8. Domning, DP og LC Hayek. Interspecific and intraspecific morphological variation in manatees (Sirenia:Trichecus). Marine Mammal Science 2(2):87-144.
  9. FAQ Fish and Wildlife Research Institute
  10. Vianna, JA, et al.: Phylogeography, phylogeny and hybridization in trichechid sirenians: implications for manatee conservation. Molecular ecology. 2006, 15, 433-447.
  11. de Thoisy B,et al.: Distribution, habitat, and conservation status of the West Indian manatee Trichechus manatus in French Guiana. Oryx, 2003, 37(4):431-436.
  12. Mou Sue LL , DH Chen, RK Bonde og TJ O'Shea Distribution and status of manatees (Trichechus manatus) in Panama. Marine Mammal Science (1990) 6(3):234–241.
  13. Lefevebre LW, TJ O'Shea, GB Rathburn og RC Best: Distribution, status, and biography of the West Indian Manatee, i Biogeography of the West Indies. Referert i Reynolds JE og DK Odell. Manatees and Dugongs. Facts on file, 1991. ISBN 0-8160-2436-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Manatar

God artikkel