Musikkgruppa GTR

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GTR
OpphavStorbritannia
Aktiv1985–1987
SjangerProgressiv rock, AOR
PlateselskapArista, King Biscuit
Tidlegare medlemmer*Steve Hackett

GTR var eit rockeband starta i 1985 av tidlegare gitarist i Yes og Asia Steve Howe og tidlegare Genesis-gitarist Steve Hackett. I staden for progressiv rock som dei to gitaristane hadde spelt med sine tidlegare band, spelte GTR ein meir Adult-oriented rock-stil. Bandet var kortvarig og varte berre to år og eitt album. Hackett har sidan vore sterkt kritisk til prosjektet, men har ikkje snakka negativt om dei andre musikarane som var involvert.

Bandnamnet kom frå ei forkorting av «gitar» slik det står skrive i mange studio på miksepulten.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • GTR (1986) 11. plass i USA; 41. plass i Storbritannia[1]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song US Hot 100 US Rock UK Singles[1] Album
1986 «When the Heart Rules the Mind» 14 3 - GTR
1986 «The Hunter» 85 14 - GTR

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 219. ISBN 1-904994-10-5.