Norske stavkyrkjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heddal stavkyrkje
Foto: J. P. Fagerback, 2005
Johannes Flintoe (1828) Heddal stavkyrkje, eit av dei eldste bileta av stavkyrkje.

Stavkyrkjer i Noreg er gjenverande og rekonstruerte stavkyrkjer, det vil seia trekyrkjer konstruerte med berande stavar (stolpar). Sjølv om slike trekyrkjer var vanleg i Nord-Europa i tidleg mellomalder, vart det i Noreg reist hundrevis av stavkyrkjer etter at stein tok heilt over andre stader og ein stor del av desse kyrkjene overlevde fram mot moderne tid.[1] Dei norske stavkyrkjene er dei viktigaste spora etter denne tidlege kristne trearkitekturen.[2] Stavkyrkjene er dei viktigaste og mest særmerkte av historiske bygg i Noreg.[3] No vert stavkyrkjene rekna for å vere mellom dei viktigaste representantar for nordeuropeisk mellomalderarkitektur i tre, og er representert ved Urnes stavkyrkjeUNESCO si verdsarvliste.[4]

Lista inneheld 28 stavkyrkjer som har overlevd frå mellomalderen. I tillegg blir det vist til Fantoft stavkyrkje som er ein rekonstruksjon av den nedbrende kyrkja, som i sin tur var ein rekonstruksjon av ei riven kyrkje, Vang kyrkje som i dag står i Polen og to av dei kyrkjene som blei bygd på 1600-talet med inspirasjon frå stavkyrkjene, Fåvang og Vågå. I tillegg finst det fleire kopiar og miniatyrar som ikkje er tatt med i denne lista. Uvdal kyrkje frå 1893 er bygd i dragestil.

Utbreiing og tapte stavkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen var det truleg over 1000 stavkyrkjer i Noreg (somme meiner det kan ha vore så mange som opp mot 2000[5] kyrkjer), men dei fleste forsvann i perioden 13501650, truleg som følgje av endra behov etter Svartedauen og reformasjonen. Omkring 900 av Noregs 1200 kyrkjer i mellomalderen var med stavkonstruksjon, resten var i stein. Etter reformasjonen i 1536 vart det i lang tid ikkje oppført nye kyrkjer i Noreg, og då det igjen vart trong om nye eller større kyrkjebygg vart dei bygd i tømmer med lafteteknikk.[1] Dei fleste nye kyrkjene på 1600-1700-talet vart oppført på bygdene og mange gamle stavkyrkjer vart utvida til korsform. Til dømes vart Flesberg stavkyrkje utvida med tverrskip i tømmer i 1735. Til dømes vart stavkyrkjene på indre Sunnmøre i løpet av 1700-talet erstatta av tømmerkyrkjer: Norddal kyrkje, Sunnylven kyrkje, Stordal gamle kyrkje og Stranda kyrkje. I 1650 var det rundt 270 stavkyrkjer att, og i neste hundreårsperiode forsvann 136 av desse. På 1700-talet vart det reist omkring 300 kyrkjer i Noreg, dei fleste avløyste gamle stavkyrkjer som var for små eller falleferdige.[6] Kring 1800 stod det fortsatt 95 stavkyrkjer, men over 200 var tidlegare stavkyrkjer kjent med namn eller i skriftlege kjelder (i følgje Lorentz Dietrichson). Frå 1850 til 1885 fall 32 stavkyrkjer, men sidan den gong har berre Fantoft stavkyrkje gått tapt.[1] I dag er det berre bevart 28 stavkyrkjer i Noreg[7].

Dei eksisterande stavkyrkjene er konsentrert om dei øvre dalstroka på Austlandet (Gudbrandsdalen, Numedal, Hallingdal, Valdres og Telemark) og dei indre fjordstroka på Vestlandet. Unnatak er særleg dei to stavkyrkjene som er flytta til Bergen og Oslo, og Grip stavkyrkje som ligg på ei fråflytta øy i havet.[8] Eit kart over dei 322 stavkyrkjene som var kjent viser at det fantest stavkyrkjer mest i dei tynnast folkesette områda, medan det er mest steinkyrkjer i byane, på flatbygdene (Austlandet og Trøndelag), langs kysten og i dei største kyrkjesokna i fjordane på Vestlandet. Det var mest stavkyrkjer i fjelldalane og skogsbygdene, og i fiskevær på øyane og mindre fjordarmar. Der soknekyrkja var i stein, kunne annekset vere stavkyrkje.[1] Til dømes i Aurland er Vangen kyrkje i stein, dedan det er stavkyrkje i Undredal og det var truleg stavkyrkje i Flåm. Tilsvarande i Luster der Dale kyrkje er i stein, medan det var stavkyrkjer på Fortun (flytta til Fantoft) og på Nes.

Bevarte stavkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Buskerud[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje Bilete Kommune Byggjeår Funksjon
Flesberg Flesberg kirke2.jpg Flesberg Etter 1111 Kyrkjelydskyrkje
Gol Gol stavkirke, vinter.JPG Gol, no på Norsk folkemuseum, Oslo Etter 1216 Museumskyrkje
Nore Nore stave church.jpg Nore_og_Uvdal Etter 1166–67
Rollag Rollag stavkirke2.jpg Rollag Før 1482 Kyrkjelydskyrkje
Torpo Torpo stavkirke 03040026.jpg Ål Etter 1192
Uvdal Uvdal stave church.jpg Nore_og_Uvdal Etter 1168
  • I tillegg kjem Gol nye stavkyrkje (oppført 1994), ein kopi av Gol stavkyrkje på Gol. På Savjord i Beiarn (Nordland) står også ein mindre kopi av Gol stavkyrkje (oppført frå 2005).

Hordaland[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Røldal Røldal Stave Church.jpg Odda 1200-talet Kyrkjelydskyrkje

Møre og Romsdal[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Grip Grip-Stave-church-Norway.jpg Kristiansund 1450-1500
Kvernes Kvernes stavkirke 01sept2008.jpg Averøy 1350-1400
Rødven RodvenStavkirke-Rauma-Norway.jpg Rauma ca. 1200

Oppland[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Garmo Garmo Stave Church Winter (edited).JPG Lom kommune, nå på Maihaugen 1157/58 Museumskyrkje
Hedal Hedalen.jpg Sør-Aurdal 1150-1200 Kyrkjelydskyrkje
Hegge Hegge.jpg Øystre Slidre Etter 1216 Kyrkjelydskyrkje
Høre Høre stave church 25may2006.jpg Vang i Valdres 1180 Kyrkjelydskyrkje
Lom Stabkirche Lom.JPG Lom kommune 1150-1200 Kyrkjelydskyrkje
Lomen Lomen stavkyrkje, Vestre Slidre.jpg Vestre Slidre Treverk frå 1179
Reinli Reinli Stavkyrkje, Sør-Aurdal.JPG Sør-Aurdal Etter 1326 Kyrkjelydskyrkje
Ringebu Stabkirche von Ringebu Norwegen.JPG Ringebu 1220 Kyrkjelydskyrkje
Øye Øye stave church 25may2006.jpg Vang i Valdres Ca. 1200 Kyrkjelydskyrkje

I tillegg har ein:

Sogn og Fjordane[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Borgund Borgundstavkirke.jpg Lærdal 11501200 Museumskyrkje
Hopperstad EgliseBoisDeboutNorvege.jpg Vik ca 1130 Museumskyrkje
Kaupanger Kaupanger stave church.jpg Sogndal ca 1190 Kyrkjelydskyrkje
Undredal UndredalStaveChurch Aug2006.jpg Aurland 1147 Kyrkjelydskyrkje
Urnes Urnes,a.jpg Luster 1130 Museumskyrkje
  • Dessutan Fortun på Fantoft ved Bergen; brent, gjenoppbygd som ein kopi og ikkje på den offisielle lista over stavkyrkjer frå mellomalderen.

Sør-Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Haltdalen Haltdalen stavkyrkje Holtålen; no på Trøndelag Folkemuseum i Trondheim 1170 Museumskyrkje

Telemark[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Eidsborg Eidsborg stavkirke 2000.jpg Tokke 1200-talet Kyrkjelydskyrkje
Heddal Heddal Stabkirche.jpg Notodden 1200-talet Brukskyrkje

Vestfold[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje Bilete Kommune Byggeår Funksjon
Høyjord Hoyjord08030032.jpg Andebu kanskje 1275 Kyrkjelydskyrkje

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
  2. Ahrens, Claus (1994): The stave church at Gol and other early wooden churches.
  3. Bugge, Gunnar og Christian Norberg-Schulz (1990): Stav og laft i Norge. Norsk arkitekturforlag.
  4. «Urnes Stave Church». UNESCO. Henta 6. mai 2018. 
  5. Ola Storsletten: «En arv i tre», s.24.
  6. Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 14.2.13.
  7. Kart over de eksisterande, gjenverande kyrkjene
  8. Ahrens, Claus (1994): Gol stavkyrkje og dei gamle trekyrkjene.