Musikkstykket A Saucerful of Secrets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Saucerful of Secrets
Instrumental av Pink Floyd
frå albumet A Saucerful of Secrets
Utgjeve 29. juni 1968 (Storbritannia)
27. juli 1968 (USA)
Innspelt April 1968
Studio Abbey Road Studios i London
Sjanger
Lengd 11:52 (album)
12:48 (Ummagumma)
9:43 (Live at Pompeii)
Selskap EMI Columbia (Storbritannia)
Tower (USA)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters, David Gilmour, Nick Mason, Richard Wright
Produsent Norman Smith

«A Saucerful of Secrets» er ein instrumental og tittelsporet til albumet med same namn laga av det britiske bandet Pink Floyd i 1968. Sporet varer 11:56 og er komponert av bandmedlemmane Roger Waters, Richard Wright, Nick Mason og David Gilmour. Mykje av songen er eksperimentell og avantgarde med hylande feedback, truande perkusjon og uhyggeleg ordlaus vokal.

Sjølv om songen står omtalt på omslaget som «A Saucerful of Secrets» hadde enkelte opplag songen delt inn i fire ulike parti:

  1. «Something Else» (cymballydar som gradvis aukar i volum og orgel med ekkoeffekt)
  2. «Syncopated Pandemonium» (trommer, kraftige cymbalar, skrikande gitar)
  3. «Storm Signal» (klokkeklang og orgel)
  4. «Celestial Voices» (bass, orgel, mellotron og ordlaus kor)

Stykket var spelt mykje på konsertar av Pink Floyd i perioden frå 1968 til 1972, og i starten vart songen kalla «The Massed Gadgets of Hercules». Ei konsertutgåve vart gjeven ut på albumet Ummagumma i 1969, og ein kan sjå ein versjon av songen på filmen Live at Pompeii: Directors Cut, som av mange vert rekna for å vere den definitive versjonen. I 1969 vart den fjerde satsen «Celestial Voices» tatt med i konsertkonseptet The Man and the Journey som «The End of the Beginning».

Roger Waters har ein gong fortalt i eit intervju med musikkmagasinet Rolling Stone at songen handlar om eit slag og etterverknadane av slaget. «Something Else» representerer klargjeringa av slaget. «Syncopated Pandemonium» representerer sjølve slaget. «Storm Signal» representerer synet av dei omkomne etter slaget, og «Celestial Voices» representerer sorga etter dei døde.

Konsertversjonane av songen var ofte ganske forskjellig frå studioversjonen. Cymballyden i byrjinga av songen vart i staden utført på bassen. På «Syncopated Pandemonium»-delen måtte Rick Wright vanlegvis halde seg til Farfisaorgelet sitt i staden for å dundre laus på eit piano som på studioversjonen (med «Pompeii»-versjonen som eit unntak). «Celestial Voices»-delen starta med berre orgel, slik som i studioversjonen, men gradvis kom det til trommer, bass, gitar og ordlaus vokal (av Gilmour). Dette førte til eit kraftig klimaks i songen. På versjonen frå Pompeii er det Waters som slår på cymbalane medan Mason tar seg av trommene.

Songen representerer den første av ei rekkje lange komposisjonar som etter kvart leidde fram til dei klassiske albuma som The Dark Side of the Moon via «Atom Heart Mother» og «Echoes».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]