The Man and the Journey
The Man og The Journey er namn på to albumlange musikksuitar framført på konsertar av Pink Floyd i 1969[1]. Dei bestod av tidlegare songar i lag med nye songar som kom ut på Music from the Film More og Ummagumma, samt nokre songar som ikkje vart gjevne ut[1]. Konsertane bestod òg av visuelle element som saging og bygginga av eit bord, samt drikking av te på scenen[1].
Konseptet vart første gong framført 14. april 1969 i Royal Festival Hall på eit show kalla The Massed Gadgets of Auximenes - More Furious Madness from Pink Floyd[1]. Ein forkorta versjon av showet vart innspelt 12. mai 1969 for Top Gear[1]. 17. september vart verket framført i Concertgebouw i Amsterdam, eit show som er mykje piratkopiert fordi det vart sendt på radiostasjonen VPRO[1]. Det vart vurdert å gje ut eit konsertalbum av The Man and the Journey, men dette vart skrinlagd då Ummagumma kom ut.
Bandmedlemmane har sjeldan referert til suitane i seinare intervju. Likevel kan kombinasjonen av kvadrofoniske lydeffektar, abstrakt programmusikk og gjentakande tema alle sporast tilbake til The Man og The Journey. Desse vart vidare utvikla av bandet i den mest kjende musikken hans.
I 2016 vart eit konsertopptak av of The Man and The Journey gjeven ut for første gongen i plateboksen The Early Years 1965-1972, på plata 1969: Dramatis/ation. Denne vart spelt inn i Amsterdam den 17. september 1969. «Teatime»-delen av konserten, var ikkje med på plata, då det berre bestod av at bandet vart servert te på scenen.
Setliste frå Amsterdam-konserten 1969[endre | endre wikiteksten]
Part I: The Man | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
1. | «Daybreak, Pt. I» («Grantchester Meadows» frå Ummagumma) | 8:09 | |||||||
2. | «Work» (Perkusjon og vibrafon med musikalsk saging og hammarslag) | 3:50 | |||||||
3. | «Teatime» (Pink Floyd vart severt te på scenen på dette tidspunktet. Denne er ikkje med i på Early Years-utgjevinga.) | ||||||||
4. | «Afternoon» («Biding My Time» frå Relics) | 5:15 | |||||||
5. | «Doing It!» («The Grand Vizier's Garden Party (Entertainment)» [6:12 og framover], frå Ummagumma, eller på somme konsertar vart han erstatta av ein unik kombinasjon av «Up the Khyber» [frå More] og ein tidleg «Heart Beat Pig Meat» [frå Zabriskie Point]) | 3:49 | |||||||
6. | «Sleep» («Quicksilver», frå Music from the Film More) | 4:40 | |||||||
7. | «Nightmare» («Cymbaline», frå More) | 8:57 | |||||||
8. | «Daybreak, Pt. II» («Grantchester Meadows» instrumental reprise, med lydar av alarmklokke) | 1:13 |
Part II: The Journey | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
1. | «The Beginning» («Green Is the Colour», frå Music from the Film More) | 4:49 | |||||||
2. | «Beset By Creatures of the Deep» («Careful with That Axe, Eugene») | 6:18 | |||||||
3. | «The Narrow Way» («The Narrow Way, Part 3», frå Ummagumma) | 5:09 | |||||||
4. | «The Pink Jungle» («Pow R. Toc H.», frå The Piper at the Gates of Dawn, eller på somme konsertar ein unik instrumental, liknande «Nick's Boogie») | 4:49 | |||||||
5. | «The Labyrinths of Auximines» (Del av «Interstellar Overdrive», frå The Piper at the Gates of Dawn, eit riff som regel spelt i midten av låten, ikkje hovudriffet) | 6:34 | |||||||
6. | «Behold the Temple of Light» (Eit par sekund av dette kan høyrast på Ummagumma like før «The Narrow Way, part 3», lang lengre her) | 5:28 | |||||||
7. | «The End of the Beginning» («A Saucerful of Secrets, Pt. IV - Celestial Voices» [8:38 og framover], frå A Saucerful of Secrets) | 6:14 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- "The Man and The Journey" Amsterdam-innspeling (Podcast)
- Diskusjon og setlister
- The Auximines Project, som gjev instruksjonar om korleis ein kan gjenskape settet med å nytte songar frå forskjellige Pink Floyd-album