Tokelau
Tokelau sitt flagg | |
Status | New Zealandsk ikkje sjølvstyrt territorium |
---|---|
Leiar av regjeringa | Kolouei O'Brien |
Hovudstad | ingen |
Offisielt språk | Tokelauisk, Engelsk |
Areal - % vatn |
12 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt |
ca. 1392 (2006) |
Verdsdel | Oseania |
Internet-domene | .tk |
Tidssone | UTC -10 |
Internasjonal telefonkode | +690 |
Nasjonalsong |
Tokelau er ei øygruppe i Stillehavet, som vert administrert av New Zealand. Øygruppa består av tre atoll, om lag midtvegs mellom New Zealand og Hawaii. Arealet er 12 km² og øyane har 1392 ibuarar (2006). Dei tre øyane heiter Atafu, Fakaofo og Nukunonu. Alle tre øyane er busette av polynesiarar.
Øyane vart britisk protektorat i 1889. I 1916 vart dei del av den britiske kolonien Gilbert- og Elliceøyane, (no dei sjølvstendige statane Kiribati og Tuvalu), men i 1926 vart dei overførte til New Zealand. Det foregår for tida ein prosess for å vedta ei grunnlov som vil gjera øyane til ein sjølvstyrt stat i fri assosiasjon med New Zealand, slik Niue og Cookøyane er. Ei folkerøysting om dette i februar 2006 oppnådde ikkje det naudsynte to tredjedelars fleirtal. Ei ny folkerøysting er planlagd for november 2007. Inntil vidare står Tokelau på SN si liste over ikkje-sjølvstyrte territorium som ikkje har blitt avkoloniserte.
Tokelau har blitt tildelt domenenavnet .tk på internet. Øyane prøver å tena pengar på å selja internett-adresser med dette domenenavnet.