Kawerau

Koordinatar: 38°06′S 176°42′E / 38.100°S 176.700°E / -38.100; 176.700
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kawerau
by
Land  New Zealand
Areal 21,94 km²
Folketal 7 080 (30. juni 2018)[1]
Kart
Kawerau
38°05′05″S 176°41′59″E / 38.084683°S 176.699638°E / -38.084683; 176.699638
Wikimedia Commons: Kawerau

Kawerau er ein by i regionen Bay of PlentyNordøyaNew Zealand. Byen ligg 100 km søraust for Tauranga og 58 km aust for Rotorua.[4] Han er den einaste byen i distriktet og sete for distriktsstyret, Kawerau District Council.

Kawerau er eit lite samfunn, der den største industrien er det nærliggjande fabrikkanlegget til Norske Skog, Tasman pulp and paper mill. Anlegget ligg ved State Highway 34 sørvest for Onepu, og er endestasjonen til jarnvegslinja East Coast Main Trunk Railway og utgangspunktet til sidelinja Murupara Branch railway. Kawerau var ein av dei hardast råka byane under Edgecumbe-jordskjelvet i 1987.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kawerau er ein av dei yngste byane på New Zealand. Han vart grunnlagd i 1953 som som tenesteby for den nye Tasman pulp and paper mill. Staden vart vald på grunn av den rike tilgangen på geotermisk energi, vatn frå Tarawera River og den store førekomsten av furutømmer frå den nærliggjande Kaingaroa forest.[5] Til skilnad frå mange andre byar av same storleik vart Kawerau nøye planlagd før bygginga. Byen bygde ut ei imponerande mengde fasilitetar for å hysa ein multinasjonal spesialisert arbeidsstyrke. Fabrikken har halde fram som ei økonomisk drivkraft i den lokale økonomien, og spelar stadig ei viktig rolle for byen.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Det totale folketalet i Kawerau District var 6 921 ved folketeljinga i 2006. 47,4% av innbyggjarane (3 144) i Kawerau District sa seg å høyra til den europeiske etniske gruppa, 61,1% (4 047) i Kawerau District rekna seg som māoriar (Under folketeljinga kunne kvar person rekna seg som tilhøyrande fleire etniske grupper, difor stemmer ikkje dei samanlagde tala med det offisielle talet på innbyggjarar i distriktet.) Mellom innbyggjarane i Kawerau District finn ein ein mindre del menneske frå Stillehavsøyene (3,8%) og Asia (1,8%) samanlikna med New Zealand sett under eitt.[6]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den 820 m høge vulkankjegla til Mount Edgecumbe/Putauaki ligg tre km aust for Kawerau, og er lett synleg frå byen. Elva Tarawera River renn mot aust gjennom Kawerau og held fram nordover til Bay of Plenty. Byen får drikkevatn frå to naturlege kjelder. Vatnet i Kawerau vart kåra til det beste drikkevatnet på New Zealand i 2003 og 2004.[7]

Kawerau har tilgang til rike geotermiske ressursar. Der ligg ei rekkje geotermiske varme kjelder i omlandet, eigde og drivne av lokale familiar. Det geotermiske feltet ved Kawerau gir dampkraft til papirfabrikken, og ein geotermisk 90 MW kraftstasjon er under bygging.[8]

Distriktet har ei flatevidd på 21,9357 km², og er arealmessig det minste av distrikta på New Zealand. Det er heilt omgjeve av Whakatane District.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Om sommaren (frå desember til februar) er den daglege maksimumstemperaturen i Kawerau 23,7 °C. I januar 2008 nådde temperaturen over 30 °C i fem dagar. Om vinteren (frå juli til august) vert ein frisk og frostig morgon vanlegvis følgd av ein klår, solrik dag, og den gjennomsnittlege dagtemperaturen ligg på 15,6 °C.[9]

Det regnar jamnt gjennom året, men det er ikkje uvanleg med ein tørkeperiode om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


38°06′S 176°42′E / 38.100°S 176.700°E / -38.100; 176.700