Kapiti Coast District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kapiti Coast District
distrikt
Land  New Zealand
Areal 731,50 km²
Folketal 53 200 (30. juni 2018)[1]
Kart
Kapiti Coast District
40°50′38″ S 175°11′10″ E
Wikimedia Commons: Kapiti Coast District

Kapiti Coast District er eit lokalt distrikt sør på NordøyaNew Zealand, om lag 50 km nord for hovudstaden Wellington.

Distriktet har fått namn etter øya Kapiti Island, eit framståande landemerke, 8 km frå land. Busetnaden i distriktet er samla i ei kjede av busetnadar langs kysten ved riksvegen State Highway One: Otaki, Te Horo, Waikanae, Paraparaumu, Raumati og Paekakariki. Paraparaumu er den mest folkerike av busetnadane, og administrasjonssenter så vel som økonomisk senter i distriktet. Mykje av dei landlege områda vert nytta til hagebruk, og det ligg mange handelsgartneri langs hovudvegen mellom busetnadane. Paraparumu har ei lita flystripe med daglege ruteflygingar over Cooksundet til Nelson og Blenheim.

Områda som kan nyttast til landbruk og busetnadar er smale og ligg langs kysten. Ein stor del av den austlege delen av distriktet høyrer til det verna området Tararua Forest Park som omfattar den opprivne fjellkjeda Tararua Range med toppar som når over 1500 moh.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Distriktet vert administrert av Kapiti Coast District Council, eit lokalt styre som vert valt av innbyggjarane kvart tredje år. Rådet er sett saman av ein leiar (mayor) og 10 rådsmedlemmer. Innbyggjarane vel også eit lokalt råd for sitt lokalområde. Av desse er det fire i Kapiti Coast: Otaki, Waikanae, Paraparaumu/Raumati og Paekakariki. Regionen Wellington (som gir seg til kjenne som Greater Wellington) har ansvar for dei regionale oppgåvene i distriktet, som til dømes offentleg transport, og handsaming av vatn- og miljøsaker.

Kjennemerke[endre | endre wikiteksten]

Utanom Kapiti Island er kanskje det mest synlege kjennemerket i Kapiti Coast flyplassen Paraparaumu Airport og Queen Elizabeth Park. Flyplassen ligg klemt inn mellom Paraparaumu (i nord og Raumati i sør. Han har tre rullebanar der dein eine no er stengd. Dette var tidlegare hovudflyplassen i Wellingtonregionen, no vert han for ein stor del bruka av flyklubbar. Parken, som ligg sør for Raumati, er ein populær attraksjon som dekkjer eit område på 12 km².

Andre attraksjonar i Kapiti Coast er golfbanen Paraparaumu Golf Course, ein annan, som ligg nokre få km nord for bysentrum er muséet Southward Car Museum i Otaihanga.

Populasjon[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Kapiti Coast Distrikt administrativt er ein del av Regionen Wellington, er det for ein stor del sosialt skilt frå Wellington og Hutt Valley, som til saman utgjer kjerneområda i regionen. Men mange av innbyggjarane dreg dagleg inn til Wellington på arbeid, og heile Kapiti Coast er eit populært mål for helgetilreisande frå Wellingtonregionen. Mange flytter også til distriktet når dei vert pensjonistar. I Kapiti Coast District ligg byane Paekakariki, Raumati, Paraparaumu, Waikanae og Otaki, og mindre busetnadar som Maungakotukutuku, Otaihanga, Peka Peka og Te Horo. Paraparaumu, som vert sett på som krumtappen i distriktet, ligg omtrent 50 km nord for Wellington.

Samband med Wellington[endre | endre wikiteksten]

Mange av innbyggjarane i Kapiti Coast District arbeider i Wellington. Pendlarar til dei fire byane i Greater Wellington (Porirua, Upper Hutt, Lower Hutt og Wellington) utgjer 36% av arbeidsstyrken i dei urbane områda i Kapiti (Paraparaumu, Waikana og Paekakariki) og 12 % av arbeidsstyrken i Otaki.[3] Ei av dei to viktigaste jarnvegslinjene for pendlarar til og frå Wellington har endestasjon i Paraparaumu. Her er òg bussruter for pendlarar.

State Highway One er bindeleddet mellom Kapiti Coast og Wellington. Vegen er ein trong kystveg med tett trafikk, og har i blant vore stengd av jordskred. Det har lenge vore diskutert om Transmission Gully Motorway skulle gjerast både til ei pendlarrute og alternativ tilgang til hovudstaden i ein eventuell naudssituasjon. Det førebuande arbeidet for ei slik utbygging er ferdig, men hittil har ein ikkje greidd å finansiera prosjektet.

Folketalet i distriktet har vakse snøgt sidan 1980-åra, for ein stor del fordi folk frå Wellington buset seg ved kysten når dei vert pensjonistar. Ein større del av innbyggjarane i Kapiti Coast er pensjonerte enn i noko anna distrikt eller by i landet. 23,3 % av innbyggjarane i distriktet er over 65 år gamle, samanlikna med 9,4 % i i dei fire byane i Wellingtonregionen og med 12,1 % som er landsgjennomsnittet for New Zealand.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det meste av distriktet var opphavleg ein del av det no nedlagde Hutt County. Kapiti Borough Council gjekk ut frå dette i 1973; etter lokalstyrereformene i 1989 vart Kapiti Borough Council erstatta av Kapiti Coast District Council, og administrasjonsområdet vart utvida nordover for å ta med Waikanae og Otaki, som til då hadde vore delar av det tidlegare Horowhenua County.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]