Taupo District
Taupo District | |
Folketal: | 32 418 (ved folketeljinga i 2006) |
Største by: | Taupo |
Andre byar: | Turangi, Mangakino, Rangitaiki, Taharua, Te More, Kinloch |
Distrikt | |
---|---|
Namn: | Taupo District Council |
Leiar: | Rick Cooper |
Utbreiing: | Mangakino til Mount Ngauruhoe, aust til utspringa til Rangitaiki River |
Areal: | 6 970 km² |
Heimeside: | http://www.taupodc.govt.nz/ |
Regionstyre | |
Namn: | Environment Waikato |
Heimeside: | http://www.ew.govt.nz |
Taupo District, der størsteparten ligg i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand, dekkjer eit landpområde på 6 350 km², og i tillegg 610 km² innsjøar, både Lake Taupo, den største innsjøen på New Zealand, og den mindre Lake Rotoaira. Distriktet strekkjer seg frå den vesle byen Mangakino i nordvest til nasjonalparken Tongariro National Park i sør, og austover inn i skogområdet Kaingaroa Forest. Størsteparten av innbyggjarane i distriktet bur i dei to største byane, Taupo og Turangi. Administrasjonssenteret til distriktet ligg i byen Taupo.
Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]
Distriktet er administrert av Taupo District Council, og den største delen av distriktet, 73,74%, ligg i regionen Waikato, byen Rangitaiki (14,31%) ligg i regionen Bay of Plenty, byen Taharua (11,26%) i Hawke's Bay og byen Te More (0,69%) i Manawatu-Wanganui .
Historie[endre | endre wikiteksten]
Ein kjenner lite til dei tidlege māoribusetnadane nær Taupo, men Ngāti Tūwharetoa har vore den viktigaste iwi i området i fleire hundre år. Viktige pā låg ved sørenden til innsjøen vest for den moderne byen Turangi.
Byen Taupo vart grunnlagd i 1869 som ein garnisonsby under New Zealand-krigane, men vart seinare verande heller liten på grunn av det skrinne vulkanske jordsmonnet i området. Det var først i 1950-åra at området byrja å utvikla seg med skogsdrift og og bygginga av Wairakei geotermiske kraftstasjon.
Busetnad[endre | endre wikiteksten]
Byen Taupo ligg ved den nordvestlege breidda til innsjøen, og Turangi ligg ved sørenden.
Riksvegen State Highway 1 snor seg langs austsida av Lake Taupo, og fleire mindre busetnadar ligg langs han. Færre menneske bur langs nord- og vestsidene til sjøen, men der er nokre mindre busetnadar nær Taupo, og vest for Turangi.
Ved folketeljinga i 2006 var folketala:
- Taupo: 22 300
- Turangi: 3 240
- Mangakino: 1 020
- Andre (rurale): 5 858
- Total populasjon: 32 418
- (Av innbyggjarane i distriktet rekna 26,7% seg som māoriar[1])
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Taupo District» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2009.