Waikato District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Waikato District
by
Huntly and Waikato River in 1991.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Waikato
Areal 3 188,89 km²

Waikato District
37°37′30″ S 175°12′29″ E
Wikimedia Commons: Waikato District

Waikato District ligg i den nordlege delen av regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Distriktet er administrert av Waikato District Council, med sete i Ngaruawahia.

Distriktet ligg nord og vest for byen Hamilton, og omfattar mykje av den nordlege delen av slettelandskapet Waikato Plains, og også høgdedraga Hakarimata ved kysten. I den nordlege delen av distriktet ligg sumplandskapet inntil Waikatoelva, og fleire mindre innsjøar, den største av desse er Waikaresjøen.

Utanom Ngaruawahia er dei viktigaste sentera i distriktet Huntly, Raglan og Te Kauwhata. Hovudnæringsvegane i distriktet er mjølkeproduksjon, skogbruk og kolgruvedrift. Der er eit større kolfyrt kraftverk ved Huntly. Te Kauwhata ligg i sentrum av eit større vindistrikt.

Distriktet hadde eit folketal på 43 959 ved folketeljinga i 2006. Av desse budde 6834 i Huntly, 5106 i Ngaruawahia, 2637 i Raglan og 1294 i Te Kauwhata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]