Otorohanga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otorohanga
by
Otorohanga District Library.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Waikato
Distrikt Otorohanga Territorial Authority
Folketal 2 740 (2017)

Otorohanga er ein by i King Country i den sørlege delen av regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Det er ein tenestestad for det omliggjande jordbruksområdet som baserer seg på mjølkeproduksjon. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet 2 589, ein nedgang på 42 frå 2001[1]

Byen ligg 53 km sør for Hamilton og 18 km nord for Te Kuiti, ved elva Waipa River.

Otorohanga har eit aviarium, Otorohanga Kiwi House, som hyser fleire artar kiviar, og andre stadeigne fugleartar på New Zealand, i tillegg til stadeigne krypdyr[2]. Byen er òg innfallsåra til grottene og busetnaden Waitomo Caves, som ligg om lag 15 minuttar unna og som har eit folketal kring 300. Byen har vorte kjend som Kiwianabyen på New Zealand[3].

Otorohanga District[endre | endre wikiteksten]

Otorohanga er ein del av, og sete til det styrande organet Otorohanga District Council i Otorohanga Territorial Authority (Otorohanga District). Distriktet har eit folketal på 9 075, og Otorohanga er det største senteret. Andre tettstader i distriktet er mellom anna Te Kawa og Kawhia.[1] Flatevidda til distriktet er 2 063,44 km². Otorohanga District vart oppretta i 1979.

Harrodsville[endre | endre wikiteksten]

I 1986 endra byen ei kort stund namnet sitt til «Harrodsville». Ein forretningsdrivande i Otorohanga, med Harrod som etternamn, kalla forretningen sin «Harrod’s», noko som førte til trugsmål om rettsleg søksmål frå Mohammed Al Fayed, eigaren av Harrod's kjøpesenter i London. Ettersom innbyggjartalet I Otorohanga var mindre enn 3000, såg folk på dette som ei svært uvenleg og uhøfleg handling.[4]

Bystyret i Otorohanga svara med å offisielt endra byen sitt namn til «Harrodsville», og alle lokale forretningsverksemder skifta namna sine til Harrod's. Etter at det vart skrive nidviser om dette i britiske tabloidaviser, gav Al Fayed opp å iverksetja juridiske tiltak, og «Harrodsville» og forretningane der tok attende dei tidlegare namna sine.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 38°11′S 175°12′E