Manawatu District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Manawatu District
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Folketal: 29 300 (Estimat i juni 2008) [1]
Største by: Palmerston North
Andre byar: Sanson, Bunnythorpe, Hiwinui, Awahuri, Colyton, Pohangina, Rangiwahia, Ruahine, Himatangi, Longburn, Rongotea, Tangimoana
Distriktsstyre
Manawatu Territorial Authority.PNG
Namn: Manawatu District
Leiar: Ian McKelvie
Utbreiing: Himatangi til Rangiwahia; Rangitikei River til Ruahine Ranges
Areal: 2 624,115 km²
Heimeside: http://www.mdc.govt.nz/
Sjå òg: Palmerston North, Horowhenua
Regionstyre
Namn: Manawatu-Wanganui (Horizons Regional Council)
Heimeside: http://www.horizons.govt.nz/

Manawatu er eit distrikt i regionen Manawatu-WanganuiNordøyaNew Zealand.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

«The Manawatu», som distriktet til vanleg vert kalla, ligg sørvest på Nordøya, nær elva som har gjeve namn til det, Manawatu River. Distriktet ligg nord for Wellington og strekkjer seg frå litt nord for busetnaden Himatangi i sør, til like sør for Mangaweka i nord, og frå Rangitikei River til Tararua Ranges. Grensa mot sør følgjer Manawatu River, og distriktet omfattar ikkje området kring byen Palmerston North eller Ashhurst. Flatevidda i distriktet er 2 624 km².

Populasjon[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i distriktet er 29 300 (estimat i juni 2008)[1]. Den største byen og setet for distriktsstyret er Feilding, som har eit innbyggjartal på 14 350[1]. Mindre byar i distriktet er Halcombe, Himatangi, Bainesse, Bunnythorpe, Waituna West, Kimbolton, Apiti, Rangiwahia, Longburn, Rongotea, Pohangina, Tangimoana, Himatangi Beach og Sanson.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Manawatu District vart danna ved samanslåing av dei tidlegare lokalstyrte områda (counties) Manawatu, Oroua, Kiwitea, Pohangina og ein del av Kairanga.

Distriktet er organisert i tre område (Wards) som er:

  • Feilding
  • Kairanga
  • Kiwitea-Pohangina

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Statistics New Zealand 23. oktober 2008. "Subnational Population Estimates". Henta 2. juni 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.