Turbo Lover av Judas Priest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turbo Lover
Singel av Judas Priest
frå albumet Turbo
B-side

«Hot for Love»

Utgjeve 1986
Innspelt 1985
Sjanger Heavy metal
Lengd 5:33
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Rob Halford, K.K. Downing, Glenn Tipton
Produsent Tom Allom
Judas Priest-kronologi 
«Some Heads Are Gonna Roll»
(1984)
Turbo Lover «Locked In»
(1986)


«Turbo Lover» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå 1986 på albumet Turbo.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut på singel i 1986 og var ein av dei første songane på albumet der bandet brukte gitarsynthesizerar. Det finst to gitarsoloar i mellomspelet, den første spelt av K.K. Downing og den andre av Glenn Tipton.

Musikkvideoen til songen vart regissert av Wayne Isham. Ein 7:23 lang forlenga og disco-aktig mix av songen, «Hi-Octane Mix» av DJ Freddy Bastone, vart gjeven ut på vinylsingelen av «Parental Guidance» og seinare på CD-plata Priest, Live and Rare.[1]

«Turbo Lover» er med i videospelet Gran Turismo 3: A-Spec (2001).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]