Bellingshausen-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°12′S 58°58′W
Bellingshausen-stasjonen
stasjon
none  Bellinghausen er ein av dei mest forureina stadane i Antarktis. Gamle kjøretøy, rustne tønner og anne avfall forsøplar kystlinja
Bellinghausen er ein av dei mest forureina stadane i Antarktis. Gamle kjøretøy, rustne tønner og anne avfall forsøplar kystlinja
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad King George Island
 - koordinatar 62°12′S 58°58′W
Administrert under Antarktistraktaten
Bellingshausen-stasjonen is located in Antarktis
Bellingshausen-stasjonen (Antarktis)

Bellingshausen-stasjonen er ein russisk (tidlegare sovjetisk) stasjon i Antarktis ved Collins HarbourKing George Island i Sør-Shetlandsøyane. Han vart ein av dei første stasjonane oppretta av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1968. Her ligg Treeiningskyrkja, den einaste permanent drivne ortodokse kyrkja i Antarktis.

Gjørme kring basen. På åstoppen vart det bygd ei ortodoks kyrkje i 2004.

Stasjonen er knytt saman med dårlege vegar til stasjonar i nærleiken: chilenske Base Presidente Eduardo Frei Montalva, kinesiske Great Wall-stasjonen og uruguayanske Artigasbasen.[1]

Den antarktiske halvøya og dei nærliggande øyane er rekna for å ha det mildaste klimaet i Antarktis. Middeltemperaturen ved stasjonen er i den kaldaste månaden (august) -6,8 °С og +1,1 °С i februar, den varmaste.

Bilete av Bellingshausen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. USAIT 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bellingshausen-stasjonen