Concordia-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 75°06′S 123°20′E
Concordia-stasjonen
stasjon
none  Concordia-stasjonen at Dome Colade.
Concordia-stasjonen at Dome Colade.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Wilkes Land
 - koordinatar 75°06′S 123°20′E
Administrert under Antarktistraktaten
Concordia-stasjonen is located in Antarktis
Concordia-stasjonen (Antarktis)

Concordia-stasjonen, som opna i 2005, er eit forskingsanlegg bygd 3233 meter over havet på Dome CAntarktisplatået i Antarktis. Han ligg 1100 km innover frå den franske stasjonen Dumont D'Urville, 1100 kilometres innover frå den australske Casey-stasjonen og 1200 kilometres innover frå den italiensk Zucchelli-stasjonen ved Terra Nova Bay. Den russiske Vostok-stasjonen ligg 560 km unna og Den geografiske Sørpolen 1670 km unna. Anlegget ligg innanfor det australske kravområdet i Antarktis, Australsk Antarktis.

Concordia-stasjonen er den tredje heilårsstasjonen på Antarktisplatået utanom Vostok-stasjonen (russisk) og Amundsen-Scott-stasjonen (amerikansk) på Sørpolen. Han vert driven av forskarar frå Frankrike og Italia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1992 valte Frankrike å bygge ein ny stasjon på Antarktisplatået. Italia kom seinare med i prosjektet. I 1996 oppretta ei fransk-italiensk gruppe ein sommarleir ved Dome C. Dei to hovudmåla til leiren var å gje logistisk støtte til Europaan Project for Ice Coring in Antarctica (EPICA og bygginga av ein permanent stasjon. Det nye heilårsanlegget, Concordia-stasjonen, stod ferdig i 2005. Den første overvintringa starta med 13 mann i februar 2005.

Tilkomst[endre | endre wikiteksten]

På veg til stasjonen med brensel, mat og andre forsyningar frå Dumont d'Urville til Dome C (januar 2005

Det meste av lasta vert flytta til Dome C frå Dumont d'Urville-stasjonen, ein avstand på 1200 km i løpet av 7 til 12 dagar, avhengig av vêrtilhøva. Stasjonspersonell og lett last vert frakta med lufta ved hjelp av eit Twin Otter-fly frå DDU eller Mario Zucchelli-stasjonen 1200 km unna.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Dome C er ein av dei kaldaste plassane på jorda. Temperaturane går sjeldan over −25 °C om sommaren and kan falle under −80 °C om vinteren. I 2010 vart det registrert –84,6 °C. Den årlege middeltemperaturen er −54,5 °C. Fukta er låg og området er særs tørt med særs lite nedbør gjennom året.

Dome C har ikkje den katabatiske vinden som er typisk for kystområda i Antarktis på grunn av høgda og den relativt lange avstanden frå kanten av Antarktisplatået. Den typiske vindstyrken er 2,8 m/s.

Dome C ligg på toppen av Antarktisplatået, den største ørkenen i verda. Det lever ingen dyr eller planter meir enn nokre få titals kilometer inn frå Sørishavet. Joar er likevel observert over stasjonen, 1200 km frå den næraste næringskjelda. Ein trur at desse fuglane har lært å kryss kontinentet i staden for å fly rundt det.

Fysiologi og medisin[endre | endre wikiteksten]

Concordia-stasjonen deler mange av dei same stressfaktorane ein er venta å oppleve under lange tokt i verdsrommet, særleg ekstrem isolasjon og innestenging, og er slik ein nyttig analog for forsking relevant for rom-medisin. I løpet av vinteren kan ikkje mannskapet evakuerast eller få forsyningar i løpet av ni månader og lever i lengre tid i totalt mørkre, i ei høgd som tilsvarar 4000 meter ved ekvator. Det fysiologiske og psykologiske stresset er påfallande. Concordia-stasjonen er særleg nyttig for studiet langvarig reduksjon av surstoff på grunn av høgda, stress på grunn av den innstengde kjensla og isolasjonen, døgnrytme og søvnforstyrringar, individuell og gruppepsykologi, telemedisin og astrobiologi.[1]

Astronomi[endre | endre wikiteksten]

Concordia-stasjonen er ein høvande stad for særs nøyaktige astronomiske observasjonar. Den gode sikta gjer at ein kan sjå stjernene sjølv når sola er i ei høgd på 38° over horisonten. Andre fordelar er særs låg infraraud skystråling, dei mange skyfrie dagane og lite aerosolar og støv i atmosfæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Salam, Alex. Skardetdest Job on Earth. BMJ Careers, June 2009. http://careers.bmj.com/careers/advice/view-article.html?id=20000233

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Concordia-stasjonen