Teniente Luis Carvajal Villaroel-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 67°46′S 68°55′W
Teniente Luis Carvajal Villaroel-basen
stasjon
none  Carvajal-basen teken i mars 2004
Carvajal-basen teken i mars 2004
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Graham Land
 - koordinatar 67°46′S 68°55′W
Administrert under Antarktistraktaten
Teniente Luis Carvajal Villaroel-basen is located in Antarktis
Teniente Luis Carvajal Villaroel-basen (Antarktis)

Teniente Luis Carvajal Villaroel-basen, tidlegare Station T, [1] er ein base oppretta av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1961.

Han vart oppretta på sørvesttuppen av Adelaide Island i staden for Rothera Point sidan han hadde betre snøtilhøve som flylandingsplass og ikkje så mykje is til hinder for skip. Basen vart sett opp for å utføre landmålingsarbeid i området, glasiologi, geologi og meteorologi. Basen var i kontinuerleg drift av BAS mellom 3. februar 1961 til 1. mars 1977. Han vart lukka då landingsplassen vart dårleg og operasjonane vart flytta til Rothera-stasjonen (Station R).

Den opphavlege bygningen vart kalla Stephenson House etter A. Stephenson, som var landmålar under British Graham Land Expedition (BGLE) 1934-37. Ei anna hytte vart kalla Rymill House etter John Riddoch Rymill, leiaren for BGLE, som vart reist i mars 1962. Ei anna hytte kalla Hampton House etter W.E. Hampton, som var nestleiar og sjefspilot under BGLE, vart reist den 1. januar 1963. Dette var tidlegare ein garasje ved Fossil Bluff (Station KG). Ein plastisk bygning vart reist den 3. mars 1967.

Basen vart overført til Chile 14. august 1984 og fekk namnet Teniente Luis Carvajal Villaroel-basen (Teniente Carvajal). Chile har nytta stasjonen om sommaren sidan den gong. Dei siste åra har landingsbanen vorte enno dårlegare og ein chilensk flymekanikar mista på grunn av dette livet då han fall ned i ein bresprekk. Sidan den gong har det chilenske luftforsvaret lagt ned operasjonane ved Carvajal. Den chilenske marinen vitjar framleis basen om sommaren og sørgjer for at han er i god stand.

I løpet av vinteren vitjar besetninga på Rothera-stasjonen ofte dei tomme bygningane ved Cravajal under BAS «Winter Training Trips».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Website BAS Adelaide Island Station T page

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]