Kohnen-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 75°0′S 0°4′E
Kohnen-stasjonen
stasjon
none  Kohnen-stasjonen
Kohnen-stasjonen
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 75°0′S 0°4′E
Administrert under Antarktistraktaten
Kohnen-stasjonen is located in Antarktis
Kohnen-stasjonen (Antarktis)

Kohnen-stasjonen er ein tysk stasjon i Antarktis, som om sommaren vert nytta av opp til 20 personar. Han er kalla opp etter geofysikaren Heinz Kohnen (1938–1997), som i lang tid arbeidde ved Alfred Wegener Institute.

Stasjonen opna den 11. januar 2001 i Dronning Maud Land. Stasjonen ligg 75°00'S, 00°04'E, og 2892 moh. Han ligg 757 km søraust for Neumayer-stasjon III, som ligg på Ekströmisen og hjelper med logistikk og administrasjon for Kohnen-stasjonen. SOm med den britiske Halley V-stasjonen, er basen bygd på stålbein som gjer at stasjonen kan jekkast opp etter kvart som snømengda på overflata aukar.

Stasjonen består av eit radiorom, ei messe, eit kjøken, bad, to soverom, ein smøsmeltar, eit lager, ein verkstad og eit kraftverk (100 kW). Han får forsyningar får ein konvoi på seks kjøretøy, som kan ta 20 tonn kvar, og 17 sledar. Basen får nye forsyningar to gonger i året, med opp til seks sledetog om gongen. Denne reise tar 9-14 dagar[1]

Kohnen-stasjon er logistikkbase for iskjerneboring i Dronning Maud Land, det europeiske prosjektet for iskjernar i Antarktis (EPICA). Ein kjerne vart òg bort ved Kohnen-stasjonen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kohnen-stasjonen