Mendel-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mendel-basen
Kart
Mendel-basen
63°48′2″ S 57°52′57″ W

Mendel er ein tsjekkisk forskingsstasjon i Antarktis. Stasjonen ligg på James Ross Island ved nordspissen av Antarktishalvøya og er operert av Masaryk-universitetet. Han opna i februar 2006 og vert berre nytta i sommarsesongen. Ved stasjonen vert det gjennomført forsking innan biologi, geologi og klimatologi.

Stasjonen er oppkalla etter botanikaren Gregor Mendel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 63°48.272′S 57°53.147′W