SANAE IV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SANAE IV
stasjon
SANAE IV på Vesleskarvet[1]
Land  Antarktis
Del av South African National Antarctic Programme
Stad Vesleskarvet i Dronning Maud Land
 - høgd 856 moh.
 - koordinatar 71°40′22″S 2°50′26″W
Høgd 6,25 m
Areal 3 300 
Grunnlagd 1997
Kart
SANAE IV
71°40′22″ S 2°50′26″ W
Wikimedia Commons: SANAE IV Station
[2]

SANAE IV er forskingsbasen til Den sørafrikanske nasjonale antarktisekspedisjonen som ein del av den sørafrikanske antarktisforskinga (SANAP). Dei to andre basane til SANAP er på Gough Island og Marion Island.

Stad[endre | endre wikiteksten]

Basen ligg i Dronning Maud Land aust i Antarktis og ligg på toppen av ein flat nunatak, Vesleskarvet, på kanten av Ahlmannfjella. Basen ligg kring 80 km frå kanten av kontinentet og 160 km frå kanten av isbremmen. Vesleskarvet er fullstendig dekt av is.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dei første tre SANAE-stasjonane låg på Fimbulisen nær kysten, men vart gradvis gravlagd i snø og is. SANAE IV var ønsket om ein meir permanent stasjon og stod ferdig i 1997, bygd på stylter som gjer at snøen kan blese under bygningane og dermed ikkje samle seg opp langs veggane.

Stasjonen har oransjefarga tak for at han skal vere lettare å sjå frå lufta. Undersida av stasjonen er måla blå fordi det i teorien skal føre til meir soloppvarming som reduserer oppbygginga av snø under stasjonen. I 1999 meinte Sør-Afrika at dette var for likt det gamle flagget til landet, og gav ordre om å måle det oransje taket lyseraudt. Taket vart verande oransje, medan undersida vart måla raud.[3] [4]

Basen er i drift året rundt av eit lag av forskarar og støttepersonell.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «SANAE IV». sørafrikanske Department of Environmental Affairs and Tourism. Henta 2. februar 2009. [daud lenkje]
  2. «SANAE Teams». Den sørafrikanske nasjonale antarktisprogrammet. Arkivert frå originalen 27. oktober 2009. Henta 12 oktober 2010. 
  3. «Laaste oranje-blanje-blou byt in die ys». Beeld (på afrikaans). 24. mars 2001. Henta 10 .mars 2014. 
  4. Brümmer, Willemien (24. mars 2001). «Sanae IV kry nuwe politieke baadjie». Die Burger (på afrikaans). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]