González Videla-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 64°49′S 62°52′W
González Videla-basen
stasjon
none
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Graham Land
 - koordinatar 64°49′S 62°52′W
Administrert under Antarktistraktaten
González Videla-basen is located in Antarktis
González Videla-basen (Antarktis)

González Videla-basen var ein chilensk forskingsstasjon på det antarktiske fastlandet ved Waterboat Point i Paradise Bay, kalla opp etter den chilenske president Gabriel González Videla, som i 1940-åra vart den første statsleiaren som vitja Antarktis. Stasjonen var aktiv frå 1951–58 og ei kort stund tidleg i 1980-åra. Han er no ein «inaktiv» base, med brense og fyrsiningslager i bygningar for krisesituasjonar, eller i tilfelle basen vert nytta att i framtida. Han vert stundom vitja om sommaren av grupper frå Chile og turistar.

På nordsida av stasjon står eit skilt som syner at dette er Waterboat Point og ein offisiell historisk stad under Antarktistraktaten.

To menn overvintra her i eitt år og ein dag i 1921-1922. Dei to mennene, Thomas Bagshawe og M.C. Lester, var ein del av British Imperial Expedition, men prosjektet deira, der dei mellom anna skulle fly fleire fly til Sørpolen, vart skrinlagd. Likevel valte dei å vere her heile vinteren og søkte ly i ein gammal kvalbåt dei fann her. Bagshawe skreiv i løpet av året den første vitskaplege studien av hekkinga til pingvinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]