Rothera-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rothera-stasjonen
stasjon
Rothera-stasjonen
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 67°34′S 68°08′W
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Rothera-stasjonen
67°34′0″ S 68°7′0″ W
Rothera-stasjonen is located in Antarktis
Rothera-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Rothera Research Station

Rothera forskingsstasjon er ein base for British Antarctic Survey (BAS) på Den antarktiske halvøya,[1] som ligg ved Rothera PointAdelaide Island. Rothera er òg administrasjonsstad for Britisk Antarktis.

Basen frå åsen ovanom.
Rothera-stasjonen frå Reptile Ridge (oppom stasjonen i november 2003. Vinteren før hadde vore særs snørik.

Rothera-stasjonen er det logistiske senteret for BAS i Antarktis og fleire godt utrusta biologiske laboratorium og fasilitetar for ei rekkje forskingsområde ligg her. Stasjonen ligg på ei klippe og ein standvoll heilt sør i Wormald forlandsbre, søraust på Adelaide Island. Stasjonen har ein 900 meter lang rullebane av grus og ein tilknytt hangar og tankar for drivstoff, i tillegg til ein kai for lossing av last frå forsyningsskipa. Dei fleste forskarane og besetninga ved Roterha kjem her med skip eller eit Dash-7-flyet frå Falklandsøyane.

Historie og noverande aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Rothera stasjon vart oppretta i 1975 for å erstatte Adelaide-stasjonen (1961-1977)[2] der landingsplassen hadde vorte dårleg. Etter byrjinga og fram til sommaren 1991-92 nytta Twin Otter-flyet til BAS ein 300 meter lang landingsplass på snø oppom stasjon på Wormald forlandsbre. Bygginga av ein grusrullebane og ein hangar starta i 1991-92 for at flyoperasjonane skulle verte meir påliteleg. Det er stort sett Twin Otter-fly som evrt nytta til å fly sør for Rothera, via eit nettverk av drivstoffdepot, som stort sett er bemanna. Sørover frå Rothera er det første stoppet ved Fossil Bluff, så Sky Blu. Dash 7-flyet fyk kring 20 turar om sommaren frå Stanley på Falklandsøyane og fører forskarar, tenestefolk, mat og utstyr. Flyet kan òg fly til Sky Blu og lande på stålisbanen der.

Opninga av Bonner Laboratory i 1996-97 markerte starten på nye former for forsking på Den antarktiske halvøya. Dette omfattar dykking og eksperiment utført på Bonner Laboratory året rundt. Det første Bonner Lab brende ned vinteren 2001 etter ein elektrisk feil, men vart bygd opp att og opna i desember 2003.

Meterologisk forsking nyttar satellittdata som er henta ned ved bakkestasjonen på Rothera.

Feltarbeidet vert drive om sommaren frå november til mars. Feltgruppene nyttar beltevogner og hundesledar i opp til fire månader om gongen og er i dagleg kontakt med Roterha ved hjelp av radio.

Stasjonen har kring 130 folk om sommaren, medan kring 22 overvintrar om vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]