Vostok-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vostok-stasjonen
stasjon
Vostok-stasjonen. Den stripete bygningen til venstre er kraftstasjonen, medan den stripete bygningen til høgre er der forskarane bur. Bygningen i bakgrunnen med ei raud- og kvitstripa kule på toppen, er meteorologibygningen. Det vart grave ut tunnelar i isen for lagring, der temperaturen held seg på -55 ºC året rundt. (foto: Todd Sowers LDEO, Columbia University, Palisades, New York.
Land  Antarktis
Koordinatar 78°27′51.92″S 106°50′14.38″E
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Vostok-stasjonen
78°27′51″ S 106°51′57″ E
Samansett satellittbilete av Vostoksjøen (NASA)
Samansett satellittbilete av Vostoksjøen (NASA)
Samansett satellittbilete av Vostoksjøen (NASA)
Wikimedia Commons: Vostok Station

Vostok-stasjonen er ein russisk (tidlegare sovjetiske) forskingsstasjon i Antarktis. Stasjonen ligg ved den sørlege kuldepolen og har rekorden for den lågaste målte lufttemperaturen på jorda med −89,2 °C.[1] Forskinga omfattar iskjerneborningar og magnetometri. Vostok, som er russisk for «aust», vart kalla opp etter «Vostok», flaggskipet under den første russisk antarktisekspedisjonen leia av Fabian von Bellingshausen (det andre skipet var «Mirny» ført av Mikhail Lazarev og gav namn til Mirny-stasjonen).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Iskjerner vert bora ved Vostok, med ein del av stasjonen bakom.

Vostok-stasjonen ligg kring 1300 km frå den geografiske Sørpolen, midt på den austantarktiske innlandsisen og innanfor Australsk Antarktis.

Vostok ligg nær Den sørlege utilgjengelege polen og den magnetiske sørpolen, og er ein av dei optimale stadane på jorda for å observere endringar i magnetosfæren. Andre studiar omfattar strålemåling, geofysikk, medisin og klimatologi.

Stasjonen ligg 3488 meter over havet og er ein av dei mest isolerte stasjonane på kontinentet..[2] Stasjonen får forsyningar frå Mirny-stasjonen ved kysten av Antarktis.[3] Stasjonen består vanlegvis av 25 forskarar og inteniørar om sommaren, og om vinteren ned mot 13.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vostok-stasjon vart oppretta den 16. desember 1957 (under Det internasjonale geofysiske året) av Den andre sovjetiske antarktisekspedisjonen og vart driven året rundt i meir enn 37 år.[5] Stasjonen vart nedlagt ein periode frå februar til november 1994.[5]

I 1974 gjorde britiske forskarar radarmålingar frå fly i Antarktis og fekk uvanlege signal frå staden.[6] I 1991 nytta Jeff Ridley ved Mullard Space Science Laboratory ved University College London ein europeisk satellitt kalla ERS-1 til å gjere målingar mot midten av den antarktiske innlandsisen. Dette stadfesta funnet frå 1974,[7], men oppdaginga vart først publisert i 1993 i Journal of Glaciology. Den rombaserte radaren avslørte at det var ein flytande ferskvassinnsjø under den tjukke isen. Vostoksjøen er den største subglasiale innsjøen i verda og er ein av kring 140 slike innsjøar i Antarktis. Russiske og britiske forskarar skissert innsjøen i 1996 ved å nytte forskjellige data, mellom anna radar frå lufta og satellittar. Vostoksjøen ligg kring 4 000 meter under overflata av den antarktiske innlandsisen og dekkjer eit areal på 14 000 km².[8]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vostok-stasjonen har eit innlandsisklima med lange, særs kalde vintrar og ein kort, iskald sommar. Klimaet er ekstremt tørt og i snitt kjem det berre 20,8 mm nedbør i året.

Vêrdata for Vostok-stasjonen, 1958 - 2010
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C −12,2 −22,9 −35,6 −33 −41,6 −40,1 −34,1 −36,1 −38,3 −24,5 −23,9 −14,1 −12,2
Gjennomsnittleg maks °C −27,1 −38,6 −52,8 −61,2 −62 −60,5 −62,4 −64 −61,8 −51,7 −37,3 −27,3 −50,4
Døgnmiddeltemperatur °C −32,1 −44,3 −57,8 −64,8 −65,7 −65,2 −66,7 −68 −66,1 −57,2 −42,7 −31,9 −55,2
Gjennomsnittleg min °C −37,6 −50 −61,7 −67,8 −69,1 −68,8 −70,4 −71,6 −70,3 −63,2 −49,9 −38,1 −59,9
Lågast målte °C −55,1 −64 −75 −80,4 −80,6 −83,3 −89,2 −85,4 −85,6 −76,1 −62,6 −48 −89,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 0,7 0,6 1,9 2,3 2,9 2,5 2,3 2,2 2,3 1,8 0,8 0,5 20,8
Kjelde: [9][10]

Vostok er den kaldaste staden på jorda. I løpet av den lange vinteren er middeltemperaturen kring -65 ºC, og på den korte sommaren kring -30 ºC.[2]

Den lågaste temperaturen som nokon gong er målt på jorda vart gjort ved Vostok den 21. juli 1983. Det vart då målt -89,2 ºC,[11] og den tidlegare rekorden på stasjonen på -88,3 °C frå 24. august 1960 vart slått.[12]

Det vart rapportert at Vostok målte ein temperatur på -91 grader vinteren 1997, men dette er ikkje stadfesta.[13]

Den høgaste temperaturen som er målt på Vostok er -12,2 ºC, som skjedde 11. januar 2002.[10] Den kaldaste månadsmiddeltemperaturen som er målt var i august 1987 med -75,4 ºC og den høgaste månadsmiddeltemperaturen var i desember 1989 med -28 ºC.[9]

I tillegg til at det er særs kaldt er det andre faktorar som gjer Vostok til ein av dei vanskelegaste plassane på jorda å opphalde seg:

  • Nesten fullstendig mangel på luftfukt.
  • Ein middelvind på 5 m/s (18 km/h), som stundom kan nå 27 m/s (97 km/h)(full storm).
  • Redusert oksygen på grunn av høgda på 3488 meter over havet.
  • Høgare ionisering av lufta.
  • Mørketid som varer kring 130 dagar, frå midten av april til seint i august,[14].

Det tar ei veke til to månader å akklimatisere seg til slike tilhøve, og personane som arbeider her slit i perioden med hovudverk, rykningar i augo, øyreverk, naseblod, kjensle av kvelning, brå aukar i blodtrykk, søvnmangel, redusert appetitt, oppkast, ledd- og muskelsmerter, leddbetennelse og vekttap på 3,5 kg, og stundom opp mot 12 kg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Global Measured Extremes of Temperature and Precipitation. National Climatic Data Center. Henta 19. mars 2014.
  2. 2,0 2,1 Winchester, Simon (2003). Extreme Earth. Collins. s. 168–169. ISBN 0-00-716392-4. 
  3. http://www.aari.nw.ru/projects/Antarktis/stations/mir/mir_en.html[daud lenkje]
  4. Russia abandons Ice Station Vostok
  5. 5,0 5,1 Deep drilling at Vostok Station in Antarctica: history and recent events (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 12. august 2017, henta 19. mars 2014 
  6. Oswald, G.K.A.; Robin, G. de Q. (1973). «Lakes beneath the Antarktis Ice Sheet». Nature 245 (5423): 251–254. doi:10.1038/245251a0. 
  7. Oliver Morton. «Ice Station Vostok». Wired. Henta 19. mars 2014. 
  8. Dieter Fütterer; Georg Kleinschmidt (2006). Antarctica: contributions to global geoscience : proceedings av IX International Symposium i Antarktis Earth Sciences Potsdam, 2003. Birkhäuser. s. 138. ISBN 978-3-540-30673-3. Henta 30. juli 2010. 
  9. 9,0 9,1 «Monthly values of meteorologisk parameters, Vostok stasjon (89606)». Antarktis Research and Investigation. 
  10. 10,0 10,1 Weather at Vostok. pogoda.ru.net. Henta 2010-08-08
  11. Budretsky, A.B. (1984). «New absolute minimum of air temperature». Bulletin frå Den sovjetiske antarktisekspedisjonen (på russisk) (Leningrad: Gidrometeoizdat) (105). 
  12. http://wmo.asu.edu/world-lovest-temperature[daud lenkje] Arizona State University World Meteorological Organization - World: Lowest Temperature
  13. Liang, Yong Li (2000). «Coldest Temperature On Earth». The Physics Factbook. Henta 19. mars 2014. 
  14. http://www.srrb.noaa.gov/highlights/sunrise/sunrise.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]