Machu Picchu-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°05′29″S 58°28′16″W
Machu Picchu-basen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad King George Island
 - koordinatar 62°05′29″S 58°28′16″W
Administrert under Antarktistraktaten
Machu Picchu-basen is located in Antarktis
Machu Picchu-basen (Antarktis)

Machu Picchu-basen er ein peruansk forskingsstasjon i Antarktis, oppretta for å drive forsking i Antarktis på geologi, klimatologi og biologi. Meir spesifikt er hovudmålet å studere den geologiske fortida til kontinentet, potensielle sjøressursar, vindstyrkar, luftforureining og korleis dyr tilpassar seg kalde miljø. Basen er kalla opp etter den kjende verdsarvstaden Machu Picchu.

Machu Picchu-basen ligg på King George Island i Admiralty Bay, og utfører årlege forskingsekspedisjonar til Antarktis. Basen forskar mellom anna på krill og potensialet dette har som ei alternativ matkjelde for menneske.

I 1976 gjorde Geographical Society of Lima krav på ein sektor i Antarktis mellom lengdegradane 81°20' W (svarar til Punta Pariñas) og 75°40' W (svarar til Rinconada South Beach). Kravet har aldri blitt offisielt anerkjent som eit kravområde i Antarktis. Peru signerte på Antarktistraktaten i 1981[1]. I 1989, då Machu Picchu-basen vart skipa, fekk lander status som rådgjevande medlem i Antarktistraktaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. La Antártida Abril-Mayo de 2005. Tercera Línea

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]