Troll-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Troll
stasjon
Land  Antarktis
Stad Jutulsessen i Dronning Maud Land i Antarktis
 - høgd 1 270 moh.
 - koordinatar 72°1′S 2°32′E
Areal 400 
Grunnlagd 17. februar 1990, 11. februar 2005
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Troll-stasjonen
72°0′41″ S 2°32′6″ E
Troll-stasjonen is located in Antarktis
Troll-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Troll Station

Troll er ein forskingsstasjon som ligg ved Jutulsessen, 235 km frå kysten i den austlege delen av Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land i Antarktis. Han er den einaste heilårsstasjonen til Noreg i Antarktis og vert nytta i lag med sommarstasjonen Tor. Troll er driven av Norsk Polarinstitutt og har òg anlegg for Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforskning og Troll satelittstasjon driven av Kongsberg Satellite Services.

I motsetnad til dei fleste andre stasjonane på kontinentet vart Troll bygd på ei snøfri fjellside av bert fjell som stikk opp av isdekket ved Jutulsessen, 1275 meter over havet. Stasjonen opna som ein sommarstasjon i 1990 og vart teken i bruk som heilårsstasjon i 2005. Åtte mann kan overvintre her og om sommaren er kapasiteten 40 personar. Like ved ligg Troll Airfield, som dronning Sonja opna i 2005.

Anlegg[endre | endre wikiteksten]

Troll ligg i den austlege delen av Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land, som Noreg gjer krav på.[1] Stasjonen ligg ved nunataken Jutulsessen, på 1270 meter over havet. Han er heilt omringa av det antarktiske isdekket. Dei fleste andre stasjonane i Antarktis ligg på snø. Troll ligg 235 km frå kysten.[2]

Stasjonsanlegga er eigd av den norske staten gjennom Miljøverndepartementet. Operasjonane vert drivne av Norsk Polarinstitutt. Den nye delen av anlegget er bygd opp av modular og dekkjer 300 kvadratmeter, medan den gamle delen er 100 kvadratmeter. Den nye seksjonan består av åtte soverom, ein treningssal, ei badstove, eit kjøken, eit kommunikasjonssenter og eit kontorområde. I tillegg finst det fleire små bygningar som vert nytta som laboratorium, forsyningslager, generatorar og garasjar. Den gamle stasjonen vert delvis nytta som lager og delvis som sommarstasjon. Anlegget har eit naudanlegg for åtte personar, i trygg avstand frå hovudbasen, i tilfelle brann eller andre ulukker. Stasjonen er dimensjonert til å tole temperaturar ned mot -60 °C og vindstyrkar på 60 m/s.[2]

Anlegget prøver å minimere miljøpåverknaden via fleire mekanismar, mellom anna minimalt arealbruk. Energiforbruket er redusert ved å resirkulere overskotsvarme til å smelte snø og is for drikkevatn og oppvarming. Avfall vert minimert gjennom kjøpsplanlegging og resirkulering. Det attverande avfallet vert komprimert og transportert bort frå Antarktis. Drivstoff vert handsama slik at sjølv små utslepp vert minimert.[2]

Stasjonen har eit kaldt og tørt klima og ligg i ein ørken. Årsmiddeltemperaturen er -25 °C, og om sommaren kan temperaturane nå kring 0 °C og på det kaldaste om vinteren kring -50 °C. Stormar kan oppstå gjennom heile året, og gjer det stundom umogeleg å gå utandørs. Sidan han ligg sør for den antarktiske polarsirkelen, har Troll midnattsol om sommaren og mørketid om vinteren.[3]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Norsk institutt for luftforskning (NILU) har måleinstrument ved Troll. Dei har ein liknande målestasjon, Zeppelin[4] i Ny-ÅlesundSvalbard. Dette gjer at instituttet kan hente data frå begge polområde. Anlegget måler særleg aerosolar, organisk og uorganisk forureining, ozon, kvikksølv og ultrafiolett (UV) stråling.[5] NILU tar òg årlege luftprøvar for å lage trendanalysar. Dei vekentlege målingane av luftforureining vert samanlikna med målingane på Zeppelin. Det vert teke bakkemålingar av ozon og kvikksølv, to av dei største forureiningsfarane i polområda. Målingar av stratosfæren vert gjort for å måle nivået av ozon og UV-stråling, særleg for å kontrollere ozonholet over Antarktis.[5]

Kongsberg Satellite Services, er eit fellesprosjekt mellom Kongsberg Group og Norsk romfartssenter, som driv TrollSat, ein bakkestasjon for satellittar, som hentar ned data. I lag med SvalSat i Longyearbyen på Svalbard, hentar TrollSat ned polarbanesatellittar. TrollSat består av ein enkel radome med ei 7,3 meter låg jordbane-antenne som kan ta imot S-bandet og X-bandet. For å omlegge informasjonen har TrollSat ein 4,8 m og ein 7,6 m C-band-samband som gjev breibandssamband til Europa og Nord-Amerika.[6] TrollSat er ein av 30 bakkestasjonar for det europeiske satellittnavigasjonssystemet Galileo,[7] og er det norske bidraget til prosjektet.[8] Stasjonen på Troll er den sørlegaste av dei 30 stasjonene i overvakingssystemet til EU.[9]

Meteorologisk institutt driv ein vêrstasjon ved Troll. Han måler lufttrykk, temperatur, fukt og vind, både på sjølve stasjonen og på flyplassen.[10]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1980-åra vart det stadig viktigare for den norske staten å få til ein permanent base i Dronning Maud Land. Området vart annektert av Noreg den 14. januar 1939, på den tida hovudsakleg basert på norske kvalfangst i Antarktis.[11] Frå 1956 dreiv Noreg Norway Station,[12], men denne vart gjeven til Sør-Afrika i 1959.[13] Frå 1960-åra til 1980-åra var forskingsaktiviteten til Noreg i Antarktis sporadisk utan ein fast basen. Dette gav ein fordel sidan forskigna ikkje var geografisk avgrensa,[14] men det svekka det norske kravet om Dronning Maud Land og retten til å delta som rådgjevande medlem i Antarktistraktaten. I 1989 kunne alle deltakarar av avtalen be om at han kunne reforhandlast, og norske styresmakter såg behovet for ein permanent base for å styrke det norske kravet om Dronning Maud Land.[15]

Norsk Polarinstitutt valde å opprette ein sommarstasjon. Denne vart bygd sommaren 1989 og 1990. Resultatet vart ein 100 kvadratmeter stor bygning med rom for åtte personar.[1] Bygginga kravde at 300 tonn utstyr måtte fraktast frå kysten og stasjonen vart offisielt opna den 17. februar 1990.[16] Stasjonen tok namn etter dei omliggande fjelltoppane, som likna troll.[17] Den første overvintringa skjedde i 2000, då ein ekspedisjon til Sørpolen nytta leiren som base.[3]

For å gjere logistikken enklare tok Noreg initiativet til å opprette Dronning Maud Land Air Network (DROMLAN), eit samarbeid mellom landa med basar i Dronning Maud Land for å minske transportkostnadane. Med ei flystripe ved Troll kan ein raskare frakte forsyningar til stasjonane vest i Dronning Maud Land, som ligg lengre vekk frå den påliggande flyplassen ved Henriksenskjera og Novolazarevskaja-stasjonen.[18] den første flyturen var ei førebuing for DROMLAN og skjedde i 2000 frå Cape Town i Sør-Afrika, til Henriksenskjera, der ein Twin Otter vart nytta vidare til Troll.[19]

I 2003 valde Noreg å auke aktiviteten i Antarktis og valde å opprette ein heilårsstasjon. På den tida var Noreg det einaste landet med territorialkrav i Antarktis som ikkje hadde ein heilårsstasjon på kontinentet. Regjeringa uttalte at investeringa var motivert av betre klimaforsking, å styrke Noreg som ein bi-polar forskingsnasjon og styrke rolla Noreg hadde til å setje premissar i miljøpolitikken i Antarktis.[1]

Utvidinga vart gjort frå desember 2004 til februar 2005 av Miljøverndepartementet, som gav jobben til AF Gruppen. Kring 700 tonn med utstyr vart frakta til basen frå isbremmen. Basen var prefabrikkert og ein trengde berre å slå modulane saman på staden.[18] Av den nye infrastrukturen finn ein mellom anna ein ny generator, naudstasjon, garasje, forsyningslanger, containerrampe for utstyr og brensel, og fleire laboratorium.[20] Samstundes oppretta Meteorologisk institutt ein vêrstasjon på Troll.[21]

Bygginga av rullebanen medførte mellom anna at bresprekker måtte fyllast og steinar måtte fjernast.[22] Troll Airfield vart opna 11. februar 2005 av dronning Sonja[1] og den nye stasjonen dagen etter.[20] Etter opninga vart eit anna kraftverk opna i 2005.[20] I 2006 vart satellittstasjonen bygd av Kongsberg Satellite Services.[23] Dette gjorde at ein måtte ha breibandssamband til basen.[21] I løpet av vinteren 2006 var det ingen som overvintra på basen på grunn av mangel på midlar, men frå 2007 var basen i full drift att. I 2008 vart ein vindturbin teken i bruk.[20]

Den norske statsministeren Jens Stoltenberg vitja Troll i januar 2008, då han mellom anna opna TrollSat.[8] Han vart dermed den fyrste sitjande norske statsministeren til å vitja Dronning Maud Land. Stoltenberg var til stades for å opna den nye satellittstasjonen TrollSat på feltstasjonen. Gjennom opninga av satellittstasjonen vart det norske selskapet Kongsberg Satellite Services (KSAT) det første i verda som kunne henta ned satellittdata i begge polområda. Under besøket i Antarktis døypte Stoltenberg tre fjelltoppar som ein kan sjå frå feltstasjonen til Trollveikja, Trollguten og Trolltinden.[24]

På same tid, som ein del av Det internasjonale polaråret, reiste ein norsk-amerikansk ekspedisjon frå Troll til Amundsen-Scott-stasjonen og attende.[25] Den 23. januar 2009 heldt den norske miljøvernsministeren Erik Solheim eit møte med miljøvernsministrar frå 15 land for å diskutere klimaendringar og lære om nyare forsking i felten.[26]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Kyvik et al. (2008): 153
  2. 2,0 2,1 2,2 «Troll i ord - ord om Troll». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 5. april 2008. Henta 10 .mars 2014. 
  3. 3,0 3,1 Hustadnes, John. «Troll». Arkivert frå originalen 26. mars 2014. Henta 10 .mars 2014. 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. mars 2012, henta 11. mars 2014 
  5. 5,0 5,1 «Antarktis: Troll får nye krefter». Norsk institutt for luftforskning. 22. november 2006. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 11.3.2014. 
  6. «TrollSat/Antarktis». Kongsberg Satellite Services. Arkivert frå originalen 30. november 2011. Henta 10 .mars 2014. 
  7. «Galileo-stasjonen i Antarktis». Norsk romsenter. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 10 .mars 2014. 
  8. 8,0 8,1 Solholm, Rolleiv (2 januar 2008). «Prime minister opens new Antarctic satelitt station». Norgeposten. NRK. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 10 .mars 2014. 
  9. Romsenter.no: Galileostasjon i Antarktis
  10. «Troll». Meteorologisk institutt. Arkivert frå originalen 15. desember 2013. Henta 10. mars 2014. 
  11. Kyvik et al. (2008): 57
  12. Kyvik et al. (2008): 77
  13. Kyvik et al. (2008): 78
  14. Kyvik et al. (2008): 79
  15. Kyvik et al. (2008): 82
  16. Kyvik et al. (2008): 169
  17. Rubin, Jeff (2008). Antarctica (4th utg.). Lonely Planet. s. 305. ISBN 978-1-74104-549-9. 
  18. 18,0 18,1 Kyvik et al. (2008): 154
  19. Kyvik et al. (2008): 167
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Kyvik et al. (2008): 155
  21. 21,0 21,1 Kyvik et al. (2008): 159
  22. Kyvik et al. (2008): 170
  23. Kyvik et al. (2008): 157
  24. Aftenposten: Isdåp da sjefen kom til Norges biland
  25. Solholm, Rolleiv (18 januar 2008). «statsminister Stoltenberg on his way to the Antarctica». Norgepost. NRK. Arkivert frå originalen 29. februar 2012. Henta 10 .mars 2014. 
  26. Solholm, Rolleiv (24 februar 2009). «Successful Antarctic conference». Norway Post. NRK. Arkivert frå originalen 29. februar 2012. Henta 10 .mars 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]