Amundsen–Scott-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Amundsen–Scott-basen)
Amundsen–Scott-stasjonen
stasjon
Amundsen-Scott-stasjonen i 2009. I framgrunnen ligg «Destination Alpha», ein av dei to hovudinngangane.
Land  Antarktis
Stad Sørpolen
 - høgd 2 835 moh.
 - koordinatar 90°00′S 0°00′E
Folketal 150
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Amundsen–Scott-stasjonen
89°59′51″ S 139°16′22″ E
Amundsen–Scott-stasjonen is located in Antarktis
Amundsen–Scott-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Amundsen-Scott South Pole Station

Amundsen–Scott-stasjonen er ein amerikansk forskingsstasjon på Den geografiske Sørpolen, det sørlegaste punktet på jorda. Stasjonen ligg på det høge platået i Antarktis i ei høgd på 2835 meter over havet.

Hovudinngangen til den tidlegare domen, under bakkenivå. Domen vart opphavleg bygd i same nivå som overflata, men vart gradvis gravlagd i snø
Flyfoto av Amundsen-Scott-stasjonen i januar 2005. Den eldre stasjonen er synleg til høgre på biletet.

Den opphavlege Amundsen–Scott-stasjonen vart bygd av amerikanske styresmakter i november 1956 som eit ledd i forskinga under Det internasjonale geofysiske året, eit internasjonalt samarbeid som varte frå januar 1957 til juni 1957 for mellom anna studere geofysikk i polarregionane.

Før november 1956 var det ikkje nokon permanente menneskeskapte strukturar på Sørpolen, og generelt særs lite aktivitet i det indre av Antarktis. Dei få forskingsstasjonane som fanst låg ved kysten. Stasjonen har vore permanent bemanna sidan han vart bygd. Amundsen–Scott-stasjonen har vorte ombygd, riven ned, utvida og oppgradert fleire gonger sidan 1956.

Sidan Amundsen–Scott-stasjonen ligg på Sørpolen, er han den einaste busette staden på jorda der sola er oppe seks månader i strekk og så borte i seks månader i strekk. I løpet av polarnatta vert det særs kaldt på Sørpolen med lufttemperaturar stundom under −73 °C. Om vinteren oppstår det òg snøstormar, stundom med særs kraftig vind. Det vedvarande mørket om vinteren, i samband med den tørre atmosfæren, gjer at han er særs eigna for astronomiske observasjonar.

Talet på forskarar og støttepersonell på Amundsen–Scott-stasjonen har alltid variert gjennom året, med flest folk om sommaren, som varer frå oktober til februar. I nyare år har det vore kring 50 personar her om vinteren.

Skildring og historie[endre | endre wikiteksten]

Den siste gjenverande seksjonen av den gamle domen, som vart fjerna sommaren 2009-10.
Bilete av stasjonen om natta. Den nye stasjonen ligg lengst til venstre, energiverket ligg i midten, og den gamle verkstaden til høgre. Det grøne lyset på himmelen er sørlys.

Amundsen–Scott-stasjonen er den sørlegaste bustaden på jorda. Han er permanent busett og er kalla opp etter Roald Amundsen og Robert F. Scott som begge kjempa om å bli førstemann på Sørpolen i desember 1911. Alle dei fem mennene i ekspedisjonen til Scott døydde på veg attende frå Sørpolen, medan Amundsen kom trygt attende til kysten.

Den første Amundsen–Scott-stasjonen vart bygd i november 1956 for å drive forsking under Det internasjonale geofysiske året i 1957 til 1958, og stasjon har sidan den gong vore bemanna. Stasjonen ligg kring 100 meter frå Den geografiske Sørpolen. Fordi stasjonen ligg påe in flytande isbre, flyttar stasjonen seg nærare Sørpolen med ein rate på kring 10 meter i året.

Snøakkumuleringa er kring 60-80 millimeter i året. Stasjonen ligg 2835 meter over havet på det indre isdekket i Antarktis. Isen er på staden 2850 meter tjukk. Den høgaste temperaturen som er målt her er−12,3 °C[1] og den lågaste er −82,8 °C. Årsmiddeltemperaturen er −49 °C, og månadsmiddeltemperaturen varierer frå −28 °C i desember til −60 °C i juli. Middelvindstyrken er 5,5 m/s.[2]

18 mann frå US Navy bygde i 1956-1957 den originale stasjonen, som no vert kalla «Old Pole». Sidan ein aldri hadde målt vintertilhøva på Sørpolen, bygde ein stasjonen delvis under bakken (eller isen) for å verna han frå det verst tenkelege vêret. Den lågaste temperaturen som vart registrert i 1957 var −74 °C. Det er berre mogeleg å overleve slike temperaturar, i lag med låg fukt og lufttrykk, med spesialutstyr.

Den originale stasjonen vart forlaten i 1975 og vart gravlagd i snø, slik at taket som stort sett var av tre, raste inn. Stasjonen vart fjerna heilt i desember 2010 etter at ein utstyrsoperatør fall gjennom den gamle bygningen under ein test.[3]

Stasjonen vart flytta og bygd opp på ny i 1975 som ein geodetisk dom som var 50 meter brei 16 meter høg. Under bygginga 1970-1974, levde byggjawrane i telt frå Koreakrigen, såkalla Jamesway-hytter. Sjølv om dei var oppvarma var det ikkje mogeleg å halde dei i romtemperatur om vinteren. Fleire av telta brende ned sommaren 1976-1977, og bygningsleiren vart forlaten og seinare fjerna. Frå sommaren 1981-1982 har ekstrapersonell vorte husa i fleire jamseway-telt kalla «sommarleieren».

Sommaren 1998-1999 var det siste året US Navy opererte den fem til seks fly store flåten av LC-130 Hercules-fly. New York Air National Guard tok over ansvaret for den daglege flyturen med forsyningar og passasjerar frå McMurdo-basen til Sørpolen den sommaren.

I 1992 starta planlegginga av ein ny stasjon på 7400 kvadratmeter. Ein bygning med to etasjar vart først opp for $150 millionar.[4] Bygginga byrja i 1999 nær Domen. Anlegget opna offisielt den 12. januar 2008 med ein seremoni der den gamle domen vart nedlagt.[5]

Den nye stasjonen er heva over overflata og har avrunda hjørne for å hindre at snøen skal samle seg opp langs bygningen.[6][7]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for {{{stad}}}
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C −14 −20 −26 −27 −30 −31 −33 −32 −29 −29 −18 −12,3 −12,3
Gjennomsnittleg maks °C −25,9 −38,1 −50,3 −54,2 −54,4 −55,9 −55,6 −55,1 −48,4 −36,9 −26,5 −46,3
Gjennomsnittleg min °C −29,4 −42,7 −57 −61,2 −61,7 −61,2 −62,8 −62,5 −62,4 −53,8 −40,4 −29,3 −52
Lågast målte °C −41 −57 −71 −75 −78 −82,8 −80 −77 −79 −71 −55 −38 −82,8
Gns. solskinstimar i månaden 558 480 217 0 0 0 0 0 60 434 600 589 2 938
Kjelde: Weatherbase ref>«Sørpolen i Antarktis». WeatherBase. Henta 7. oktober 2009. </ref>Cool Antarctic[8]


Tidssone[endre | endre wikiteksten]

Amundsen-Scott-stasjonen i 2007–08.

Sørpolen har berre ein solnedgang og ein soloppgang i året, teknisk sett ved haustjamdøgn og vårjamdøgn, men atmosfærisk refraksjon gjer at dette vert forskyvd fire dagar ved kvart jamdøgn. Staden har ikkje noko soltid, sidan sola står like høgt over horisonten gjennom eit døgn. Stasjonen nyttar New Zealand-tid (UTC+12, UTC+13 med sommartid) sidan alle flyturar til McMurdo-stasjonen skjer frå Christchurch og slik at alle offisielle turar til polen går via New Zealand.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matthew A. Lazzara (15. mars 2014). «Preliminary Report: Record Temperatures at the South Polen (and nearby AWS sites…)». Henta 15. mars 2014. [daud lenkje]
  2. «National Science Foundation Amundsen-Scott-stasjonen». Henta 15. mars 2014. 
  3. «Sørpolen's first building blown up etter 53 years». OurAmazingPlanet.com. 31. mars 2011. 
  4. «nsf.gov OPP MREFC Amundsen-Scott Station Modernization - FY08 budget request» (PDF). Henta 15. mars 2014. 
  5. «A New Era». The Antarctic Sun. 15. mars 2014. Henta 15. mars 2014. 
  6. Modern Marvels episode, «Sub-Zero Tech".
  7. Initial environmental evaluation – development of blue-ice and compacted-snow runways, National Science Foundation Office of Polar Programs, April 9, 1993
  8. «Antarktis Climate data and graphs». Arkivert frå originalen den 9. oktober 2010. Henta oktober 4, 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]