Ketil Solvik-Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ketil Solvik-Olsen

Fødd14. februar 1972 (52 år)
Sandnes i Rogaland
Statsborgar av Noreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedUniversity of Toledo
VervNorsk samferdselsminister 16. oktober 2013– 31. august 2018
FøregangarMarit Arnstad
Verv2. nestleiar i Framstegspartiet 26. mai 2013– 5. mai 2019
FøregangarPer Arne Olsen
VervStortingsrepresentant 1. oktober 2005–16. oktober 2013
Alle verv

Ketil Solvik-Olsen (fødd 14. februar 1972) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han var norsk samferdselsminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 31. august 2018. Han blei vald inn på Stortinget som representant nr. 7 for Rogaland i 2005, og som representant nr. 1 i 2009. Frå 6. oktober 2011 var han finanspolitisk talsmann for Frp, og frå 26. mai 2013 til 5. mai 2019 var han 2. nestleiar i partiet. Han har ein mastergrad i økonomi frå University of Toledo i Ohio i USA.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Solvik-Olsen er fødd i Sandnes og voks opp på Bryne i Time. Han har vore politisk aktiv i Frp sidan han var 15 år, med unntak av eit utanlandsopphald i studietida. Den politiske karrieren starta som styremedlem i Time FpU og i Rogaland FpU i 1988. Solvik-Olsen var i 1993 tillitsvalt i Musikktroppen i Hans Majestet Kongens Garde, og tenestegjorde som meinig klarinettist. Han var utvekslingselev 1989–90 ved Blissfield High School i Michigan før han fullførte St. Olav vidaregåande skole i Stavanger (International Baccalaureate) i 1992. Han tilbrakte fem år som elev og student i USA. Han fullførte bachelorgraden sin i samfunnsøkonomi og statsvitskap ved University of Toledo i Ohio i USA i 1996 og i 1997 mastergraden i samfunnsøkonomi same stad.

Etter studieopphaldet i USA busette Solvik-Olsen seg i Oslo i 1997. Han jobba som finansanalytikar i reiarlaget Leif Höegh & Co 1997–1998 og som prosjektleiar i Møller-gruppen 1998–2000. I 2000–01 var Solvik-Olsen attende hos Leif Höegh & Co. som prosjektleiar. Frå 2000 gjekk han aktivt inn i lokalt partiarbeid i Oslo og var mellom anna vararepresentant til Oslo bystyre 2003–05. Før han blei vald inn på Stortinget jobba han 2001–2005 som spesialrådgjevar på hovudkontoret til Frp i Oslo, for stortingsgruppa til partiet.

Solvik-Olsen var formann i Oslo Frp 2004–05 og varamedlem til sentralstyret i Frp 2005–06. I åra 2005–2011 var han medlem av energi- og miljøkomiteen, og var fram til 6. oktober 2011 miljøpolitisk talsmann for Frp. Frå oktober 2011 til 2013 var han første nestleiar i finanskomiteen. Han blei vald til andre nestleiar i Frp i 2013. I 2013 takka han ja til posten som samferdselsminister i regjeringa Solberg.[1] Han gjekk av som samferdselsminister 31. august 2018 for å følgja kona si til ein legejobb i USA.[2]

Saksområde[endre | endre wikiteksten]

Som stortingsrepresentant frå 2005 har Solvik-Olsen for det meste engasjert seg i energi- og finanspolitikk. Han uttalte seg kritisk til filmen An Inconvenient Truth av Al Gore,[3] og føreslo forsking på kjernekraft og auka utbygging av vassenergi som verkemiddel i å kutta utslepp av klimagassar.[4] Som energipolitikar har Ketil Solvik-Olsen lenge vore ein ivrig talsmann for å utnytta grunnstoffet thorium, som det er store førekomstar av i Noreg, med sikte på å bruka det som brensel i ei eventuell satsing på kjernekraftverk. Allereie i 2006 tok han til orde for auka forsking for å finna ut om thorium er eit veleigna alternativ til uran.

Solvik-Olsen tok eit oppgjer med kulturen på Stortinget då han valde å ikkje stilla til attval i 2012. Til Klassekampen sa han at fleire med erfaring frå næringslivet kunne bidratt på «Løvebakken» hadde lønna vore høgare. Han meinte også at debattane altfor ofte låg fjernt frå røynda og var meir opptatt av personåtak enn faktabasert diskurs. Denne utviklinga meinte han kunne forklarast i samanheng med frammarsjen av unge politiske talent og karrierepolitikarar med liten erfaring frå yrkeslivet utanfor politikken.[5]

Ketil Solvik-Olsen er både avhaldsmann og nært knytt til pinserørsla. Han meldte seg ut av statskyrkja i 2010 i protest mot at leiande personar i Den norske kyrkja stod fram og åtvara mot oljeverksemd utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.[1]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

  • 1996–1997: Master of Arts, University of Toledo, Ohio, USA.
    Major: Economics
  • 1994–1996: Bachelor of Arts, University of Toledo, Ohio, USA.
    Majors: Economics, Political Science.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ketil Solvik-Olsen». Store norske leksikon. 17. januar 2018. Henta 1. mai 2018. 
  2. «Solvik-Olsen går av som samferdselsminister». Document.no. 30. august 2018. Henta 30. august 2018. 
  3. Anders Anundsen og Ketil Solvik Olsen (28. mars 2008). «Politisk eller vitenskapelig sannhet?». Henta 1. mai 2018. 
  4. «- Vås og gammaldags politikk». Dagbladet. 17. januar 2008. Henta 31. mars 2008. 
  5. «-Tar nådeløst oppgjør med politikken». Klassekampen. 21. juli 2015. Henta 1. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]