Eurypygiformes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurypygiformes


Solrikse,Eurypyga heliasFoto: Patrick Coin
Solrikse,Eurypyga helias
Foto: Patrick Coin

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Eurypygiformes
Familiar

Eurypygiformes er ein biologisk orden av to nolevande artar, kagu, Rhynochetos jubatus, og solrikse, Eurypyga helias. Dei er monotypiske i sine eigne familiar, Rhynochetidae og Eurypygidae høvesvis. Kagu lever utelukkande på øya Ny-Caledonia, solrikse finst i tropisk regnskog i Mellom-Amerika og i Sør-Amerika. Begge fuglane er rundt ein halv meter lange, nyttar føde av virveldyr og virvellause dyr, og lever i permanent monogami.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Kagu og solrikse var tidlegare klassifisert som Gruiformes, tranefuglar, men dette forholdet var alltid kontroversielt. Nyleg er det samla prov for at kagu og solrikse faktisk er systerartar, utan noko til felles med tranefuglar eller andre fugleordenar. [1] [2]

Eurypygiformes er no anerkjent av International Ornithologists' Union[3] og av American Ornithologists' Union.[4]

Kanskje må òg dei fossile slektene og Messelorni og Aptornis vere ein del av Eurypygiformes. Kagu og solrikse kan vere siste restar av ein mykje større klade av fuglar som var utbreidd over Gondwana og seinare åtskilt når kontinent reiv seg laus.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ericson, Per G.P; Cajsa L Anderson, Tom Britton, Andrzej Elzanowski, Ulf S Johansson, Mari Källersjö, Jan I Ohlson, Thomas J Parsons, Dario Zuccon, Gerald Mayr (22. desember 2006). «Diversification of Neoaves: integration of molecular sequence data and fossils». Biology Letters 2 (4): 543 -547. doi:10.1098/rsbl.2006.0523. 
  2. Hackett, S.J.; Kimball, R.T.; Reddy, S.; Bowie, R.C.K.; Braun, E.L.; Braun, M.J.; Chojnowski, J.L.; Cox, W.A.; Han, K-L.; Harshman, J.; Huddleston, C.J.; Marks, B.D.; Miglia, K.J.; Moore, W.S.; Sheldon, F.H.; Steadman, D.W.; Witt, C.C.; Yuri, T. (2008-06-27). «A phylogenomic study of birds reveals their evolutionary history». Science 320: 1763-1768. 
  3. Gill, F and D Donsker (Eds) (2010). «IOC World Bird Names (version 2.7) (Eurypygiformes)». Tilgjengeleg frå http://www.worldbirdnames.org/. http://www.worldbirdnames.org/n-bustards.html. Henta 2. januar 2011. 
  4. Chesser, R (1. oktober 2010). «Fifty-First Supplement to the American Ornithologists' Union Check-List of North American Birds». The Auk 127 (3): 726-744. doi:10.1525/auk.2010.127.3.726.. ISSN 0004-8038. 
  5. Livezey, B. C. (29. desember 1998). «A phylogenetic analysis of the Gruiformes (Aves) based on morphological characters, with an emphasis on the rails (Rallidae)». Philosophical Transactions of the Royal Society of London. Series B: Biological Sciences 353 (1378): 2077 -2151. doi:10.1098/rstb.1998.0353.