Turakoar
| Turakoar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Cuculiformes, sjå tekst | |
| Familie: | Musophagidae | |
Turakoar er fuglar i den biologiske familien Musophagidae, bananetarar, tidlegare òg kalla hjelmfuglar.[1] Leveområdet er Afrika sør for Sahara. Dei 23 mellomstore artane i denne familien har halvt zygodaktyle føter: dei to ytre tærne kan rettast framover eller bakover. Tå nummer to og tre, som alltid peikar framover, kan vere samanvaksne hos somme artar. Turakoar har ofte tydelege fjørkammar på hovudet og lange halar, og er kjent for særeigne og heilt unike pigment som gjev dei lyse grøne og raude fjør.
Tradisjonelt har denne gruppa vore plassert saman med gaukar i ordenen gaukefuglar, men i Sibley-Ahlquist-taksonomi er gruppa løfta opp til ein orden Musophagiformes, denne nye inndelinga er nytta i lista til International Ornithological Congress, IOC-lista.[2]
Skildring [endre]
Turakoar er mellomstore fuglar, endemiske til Afrika sør for Sahara, der dei lever i habitat av skog og savanner. Dei har ei lengd på 35-75 centimeter, kjempeturako, Corythaeola cristata, måler 70-75 cm og er største familiemedlemmen. Samanlikna med resten av kroppen er vengene små og mykje mindre enn halen. Turakoar har ti halefjør og eit kort, skarp nebb. Somme artar har nebb med sagforma kant. Kjønna er like hos dei fleste artar, unnataket er kvitbukturako, Corythaixoides leucogaster, der hannen har svart nebb og hoa har olivengrønt. Dei er svake flygarar, men spring fort på skogbotnen. Føda er frukt og i mindre grad blad, knoppar og blomar, nokre gonger små insekt, sniglar, og motsetnad til kva namna peikar mot, et dei vanlegvis ikkje bananar.
Dei er selskaplege fuglar som ikkje migrerer. Mange artar er støyande, artane i slekta Corythaixoides kalla 'gå-vekk-fuglar' på engelsk språk, er spesielt kjente for sine gjennomtrengande varselrop. Ropa varslar òg andre om rovdyr eller jegerar. Turakoar byggjer store pinnereir i trea, og legg to eller tre egg. Ungane har tjukk dunkleding og har opne eller nesten opne auge ved klekking.
Dei fem artane i Crinifer og Corythaixoides er hovudsakleg gråe og kvite. Dei andre er derimot fargerike fuglar, som regel blåe, grøne eller lilla. Den grøne farga hos turakoar kjem av 'turacoverdin', det einaste verklege grøne pigment ein veit om hos fuglar. Grønfarga hos andre fuglefamiliar kjem av eit gult pigment slik som til dømes karotenoid fargestoff, kombinert med fysisk struktur i fjøra som spreier lys.
Artslista [endre]
Turakoar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]
Corythaeola
- Kjempeturako, Corythaeola cristata
- Fiolettvengturako, Tauraco persa
- Grønturako, Tauraco livingstonii
- Toppturako, Tauraco schalowi
- Natalturako, Tauraco corythaix
- Svartnebbturako, Tauraco schuettii
- Kvithovudturako, Tauraco leucolophus
- Raudnakketurako, Tauraco fischeri
- Blåvengturako, Tauraco macrorhynchus
- Kamerunturako, Tauraco bannermani
- Angolaturako, Tauraco erythrolophus
- Blåkroneturako, Tauraco hartlaubi
- Kvitøyreturako, Tauraco leucotis
- Bleikkroneturako, Tauraco ruspolii
- Purpurkroneturako, Tauraco porphyreolophus
Ruwenzorornis
- Regnbogeturako, Ruwenzorornis johnstoni
- Fioletturako, Musophaga violacea
- Raudtoppturako, Musophaga rossae
- Masketurako, Corythaixoides personatus
- Gråturako, Corythaixoides concolor
- Kvitbukturako, Corythaixoides leucogaster
- Flekkturako, Crinifer piscator
- Sotturako, Crinifer zonurus
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Turaco» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2010.
Referansar
- ↑ Store norske leksikon, snl.no, «turakoer»
- ↑ Gill, F. & D. Donsker (Eds) 2010. IOC World Bird Names (version 2.4) 9. april 2010
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av turkoar hos Internet Bird Collection.