Seriemaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seriemaer


Raudbeinseriema Cariama cristata Foto:  Whaldener Endo
Raudbeinseriema Cariama cristata
Foto: Whaldener Endo

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Cariamiformes (Gruiformes)
Familie: Cariamidae

Seriemaer er ein familie med to fugleartar. Dei to artane er einaste nolevande medlemmer frå den litle og gamle familien med det vitskaplege namnet Cariamidae. Ein har tidlegare gått ut frå at familien har hatt ein uklår slektskap med familiar i ordenen tranefuglar, men somme plasserer no Cariamidae i sin eigen orden seriemafuglar, Cariamiformes.[1] Familien har to artar:

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sigdforma klo på raudbeinseriema. Kloa er løfta opp frå bakken i kvileposisjonen.
Foto: Matt Edmonds

Begge artane er rundt 80 cm lange, raudbeinseriema er noko større enn svartbeinseriema. Dei er flygedyktige og kan flyge korte avstandar, men dei føretrekkjer å springe frå farar. Dei er brunlege fuglar med kort nebb, lang, oppreist hals, har lange bein og hale, men berre korte venger, noko som speglar livsstilen deira. Ein finn dei på ganske tørt, opent land, raudbeinseriema føretrekkjer grasland og svartbeinseriema føretrekkjer kratt og opne skogar.

Seriemaene har høglydte, bjeffande rop og vert ofte høyrt før dei vert sett. Somme menneske held seriemaer som fjørfe for å varsle om rovdyr i nærleiken.

Økologisk svarar seriemaene til den afrikanske sekretærfuglen. Dei et insekt, slangar, småøgler, froskar, småfuglar og gnagarar, med mindre mengder plantekost inkludert mais og bønner. Dei held seg ofte nær beitande husdyr, sannsynlegvis for å ta insekt som dyra skremmer. Når seriemaer fangar små krypdyr, dei slår byttedyr mot bakken eller kastar byttet mot eit hardt underlag å drepe og for å knuse bein. Om dyret er for stort for å gå heil gjennom svelget, vil dei halde byttedyret i nebbet og rive det i stykke med kloa på ein av føtene.

Seriemaer byggjer store kvistreir. Dei legg to eller tre kvite eller brungule egg med sparsame flekker i brunt og lilla. Hoene gjer mesteparten av ruginga, som varer frå 24 til 30 dagar. Ungane er kledd i dun og held seg i reiret i ca. to veker, dei hoppar ned og følgjer begge foreldra. Dei vert vaksne i ein alder av fire til fem månader.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I utgåva av Clementslista frå desember 2008 er Cariamidae plassert i sin eigen orden seriemafuglar, Cariamiformes. Nedlasting av Clementslista, lese 9. mai 2009.