Osmansk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det austromerske og Det osmanske riket på slutten av 1300-talet
Ubtreiinga til Det osmanske riket i 1683 og ulike erobringar fram til då.

Det osmanske riket blei skipa om lag 1299, då den fyrste herskaren, Osman I, erklærte det vesle beydømet sitt i vestre Anatolia (Den tyrkiske halvøya, Vesleasia) sjølvstendig frå det seldsjukkiske sultanatet. Osman og etterfølgjaren hans Orhan erobra store delar av vestre Vesleasia frå Austromarriket og andre tyrkiske rike i området. I 1324 inntok osmanarane den viktige byen Bursa, noko som markerte slutet på den austromerske makta over Vesleasia. I 1354 gjekk dei i land på Gallipolihalvøya og byrja erobringa si av Balkan. Tilbakegangen til riket tok til ved byrjinga av 1800-talet. Etter fyrste verdskrigen forsvann Det osmanske riket, men det blei erstatta av det moderne Tyrkia.

Erobringa av Balkan og Konstantinopel[endre | endre wikiteksten]

Murad I erobra Adrianopel (Edirne) og Philippopolis (Plovdiv) frå austromarane. Han lét seg utnemna til sultan i 1383, og førte ein framgangsrik krig mot Serbia. Sonen hans Beyazid I utvida riket i både Europa og Asia, men blei offer for herjingstoktet til mongolen Timur Lenk, og ved slaget ved Ankara i 1402 blei Beyazid overvunnen og det braut ut borgarkrig mellom sønene hans. Då Mehmet I stod att som sigerherare i 1413 var riket hardt ramma av krigen. Det kom seg att under Murad II (1421–1451) som retta opp igjen makta til riket gjennom krig mot Serbia, Ungarn og Republikken Venezia. I 1453 erobra Mehmet Konstantinopel, ei hending som gjorde slutt på Austromarriket og starta den osmanske stormaktstida. Selim I (1512–1520) erobra Syria og Egypt og utnemnde seg til kalif i 1517 etter at han hadde styrta den føre kalifen i Kairo.

Høgdepunktet til Det osmanske riket blei nådd under Suleiman I (1520–1566), som erobra Ungarn, Nord-Afrika og heile Midtausten. Ródos blei kringsett og teken i 1522. Wien blei kringsett i 1529 etter ein periode av militære suksessar, økonomisk velferd og viktige sigrar. Denne kringsetjinga mislykkast, og den osmanske ekspansjonen i Europa stogga.

På slutten av 1500-talet byrja det osmanske riket å forfalla grunna korrupsjon og eit forelda militære som også blei stadig meir korrupt. Økonomien forverra seg, og riket blei styrt av ei lang rekkje udugelege sultanar, fyrst gjennom son til Suleiman, Selim II som kom på trona då far hans døydde 1566. Osmanarane tapte sjøslaget ved Lepanto i 1571, og mista dermed dominansen sin til sjøs. Sjølv om riket seinare lykkast i å erobra meir territorium, var den politiske og økonomiske stillinga til riket svekka.

1500- og 1600-talet var også ei tid der staten og institusjonane i riket endra seg for å tilpassa nye utfordringar. Kvinnesultanatet (1533–1656) var ein periode der det keisarlege haremet dominerte styret, der særleg mødrer til unge sultanar utøvde makt på vegner av sønene sine. Manglane til Ibrahim I (1640–1648) og tiltredinga av barnesultanen Mehmed IV i 1646 skapte styringskriser som dei dominerande kvinene i haremet oppfylte. Dei viktigaste kvinnene i denne perioden var Kösem Sultan og svigerdottera hennar Turhan Hatice. Rivaliseringa mellom desse ende med drapet på Kösem i 1651.[1]

Fallet til Det osmanske riket[endre | endre wikiteksten]

På det største strekte riket seg frå utkanten av Wien i nordvest til Mekka i søraust, og frå Kaukasus i nordaust til Algerie i sørvest. Slaget ved Wien i 1683 innebar likevel slutten for stordommen til den osmanske krigsmakta. Sultan Mehmet IV hadde lykkast i å mobilisera ein ny, større hær etter dei militære og økonomiske motgangane, og tok seg fram til Wien igjen. Men også denne gongen klart Austerrike, med hjelp frå mellom anna Polen, å heva kringsetjinga og vinna krigen.

Den framveksande nasjonalismen[endre | endre wikiteksten]

Gresk sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Etter dette nederlaget var den osmanske stormakta stort sett overvunnen, og på 1700-talet tapte osmanane alt meir land til stormakter som Austerrike og Russland. Frå byrjinga av 1800-talet var Det osmanske riket sterkt svekka, og byrja bli sett på som «den sjuke mannen i Europa». Nasjonalistiske strøymingar blant dei mange folka i riket førte til at dei byrja erklæra seg som suverene statar. Hellas blei ein sjølvstendig stat i 1821, og blei følgd i 1878 av Romania, Serbia og Montenegro. Samstundes auka den tyrkiske nasjonalismen, i takt med at tyrkarane blei ein større majoritet i det som var att av imperiet.

Romania, Serbia, Montenegro, Albania og Bulgaria[endre | endre wikiteksten]

Russland var det største ytre trugsmålet mot det raknande riket. Krimhalvøya blei tapt allereie i 1783. Endå ein krig mot Russland 1877–1878 blei tapt og ende med den av russisk-dikterte San Stefano-freden i 1878. Osmanane blei nøydde til å gje frå seg delar av Armenia og Dobrudzja til Russland, og dessutan å betala høge erstattingar. Vidare blei Det osmanske riket tvinga til å erkjenna Romania, Serbia og Montenegro som sjølvstendige statar, utvida gjennom delar av Albania, og å erkjenna eit utvida Bulgaria som eit sjølvstyrande fyrstedøme.

Kypros, Bosnia–Hercegovina, Tunisia og Egypt[endre | endre wikiteksten]

Eit stort tal flyktningar frå Kaukasus strøymde inn i det eigentlege Tyrkia etter freden med Russland. Samtidig fortsette nedgangen til imperiet, og Berlinkongressen same år, dvs. 1878, forsegla øydelegginga. Dei seks dåvarande stormaktene i Europa – Det tyske keisardømet, Austerrike-Ungarn, Frankrike, Storbritannia, Italia og Russland – reduserte det tidlegare imperiet endå meir. Til dømes kom Bosnia–Hercegovina under Austerrike-Ungarn si forvalting, og Kypros gjekk til Storbritannia.

Reformforsøk og nytt diktatur[endre | endre wikiteksten]

Abdülhamid II hadde i 1876 innført ein konstitusjon i liberal ånd i Det osmanske riket, men politiske reformer hadde ingen effekt når det gjaldt den aukande nasjonalismen. Heller ikkje forsøk på å skapa ei muslimsk kjensle av samhøye lukkast. Reformforsøka opphøyrde, og regimet blei diktatorisk igjen. På 1880-talet tapte imperiet noverande Tunisia og Egypt. I austre Vesleasia utsette tyrkarane eit 100 000-tals armenarar, assyrarar og grekarar for massakrer i åra 1894–1896.

Ungtyrkarane og utviklinga av det moderne Tyrkia[endre | endre wikiteksten]

Til slutt stod berre ei målsetjing att – å redda det ein kunne redda, og middelet var tyrkisk nasjonalisme. Ein ideologisk forgrunnsfigur var forfattaren Ziya Gökalp (1876–1924), og ein fann inspirasjon hjå minoritetar i Russland. På byrjinga av 1900-talet auka den ungtyrkiske rørsla leia av Enver Pasja fram som dominerande politisk kraft i Det osmanske riket. Ungtyrkarane tok til seg tyrkisk nasjonalisme som ei løysing på krisa i riket. I april 1909 blei diktatoren Abdülhamid II tvinga til å gå av til fordel for Mehmet V, men i praksis kom Enver Pasja til å styra riket. Etter Den italiensk-tyrkiske krigen 1911–1912 måtte Det osmanske riket gje frå seg besittingar i Nord-Afrika og Dodekanesane med Ródos, til Italia. Balkankrigen 1912–1913 innebar vidare tap. Kreta blei erobra av Hellas i 1913, og den muslimske befolkninga derfrå flytta til kystområda av Vesleasia. Det osmanske riket var no, med små unntak, eit ikkje-europeisk land.

Ungetyrkarane er ei nemning på samansluttinga av tyrkiske reformgrupper som blei skipa i Thessaloníki i 1877 for å tvinga sultanen Abdülhamid II til å avskaffa konstitusjonen og fortsetja reformpolitikken. Eit statskupp i 1908 førte til at sultanen blei avsett til fordel for broren sin Mehmet V, og at ungetyrkarane under leiing av Enver Pasja fekk makta. Den såkalla ungtyrkiske revolusjonen i 1908 gjenoppretta parlamentet, som var blitt oppløyst av sultan Abdülhamid II i 1878. Hendinga markerer byrjinga av den andre konstitusjonelle perioden til riket. Revolusjonen var òg ein milepåle i oppløysinga av Det osmanske riket. Han blei gjort mogleg av eit samarbeid mellom ei rekke ulike grupper – reformsinna pluralistar, tyrkiske nasjonalistar, vestleg-orienterte sekulære grupper, og alle som gav sultanen skulda for den kaotiske tilstanden i riket.[2]

Det påfølgjande forsøket på å bytta ut administrasjonen og institusjonane til monarkiet med konstitusjonelle institusjonar og eit valsystem – dvs. å bytta det absolutte monarkiet med eit konstitusjonel monarki eller ein republikk – var ikkje så enkelt eller så ublodig som regimeskiftet. Samtidig fortsette imperiet å delast opp gjennom nasjonalistiske opprør.

Folkemorda på armenarar, assyrarar og grekarar[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet og byrjinga av 1900-talet blei det innført meir britisk, fransk og (i mindre grad) spansk og italiensk innverknad over store delar av Midtausten.[3] Det osmanske riket tok del i fyrste verdskrigen på dei tapande Sentralmaktene si side. I skuggen av verdskrigen utførte styresmaktene i 1915, med støtte av muslimsk lokalbefolkning, folkemord på over 1,5 millionar armenarar, 500 000-750 000 assyrarar og over 300 000 grekarar og andre kristne. Med dette forsvann ein mangetusenårig armensk og assyrisk kultur på den tyrkiske halvøya, dvs. Anatolia eller Vesleasia utanfor Kaukasus.[4][5]

Den kurdiske minoriteten hadde også tatt til seg nasjonalismen, noko seinare enn i dei europeiske statane. Ved hundreårsskiftet byrja kurdarane å krevja sjølvstende for dei kurdisk områda. Nederlaget til den osmanske staten i fyrste verdskrigen endra dei politiske føresetnadene for kurdarane og andre folk i riket. Samtidig la britiske, russiske og franske representantar opp ei heilt anna oppdeling av Midtausten i den hemmelege Syke-Picot-avtalen i 1915.[6][7]

Mustafa Kemal Atatürk[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha stilt seg på Tyskland si side blei riket overvunne i fyrste verdskrigen og måtte kapitulera og gje frå seg resten av territoriet sitt i Europa og Midtausten. Ved slutten av krigen blei imperiet delt opp og Det osmanske riket forsvann, bortsett frå eit lite område i midten av Vesleasia. I august 1920 blei det underteikna ein fredsavtale i Sèvres, men denne kom aldri til å bli omsett i handling. Den tyrkiske generalen Mustafa Kemal motsette seg det heile.

Ein tyrkisk nasjonalistisk revolusjon med Kemal Atatürk i spissen gjekk imot både det osmanske styret og Ententen si oppdeling av riket. Etter ein fridomskrig mot grekarar og andre blei republikken Tyrkia utropt den 29. oktober 1923. I løpet av tre år lykkast Kemal i å driva ut dei greske okkupasjonsstyrkane, og europeiske stormakter måtte gje opp territoriekrava sine. Ein tyrkisk stat beståande av heile Vesleasia, austre Thrakia og Istanbul blei skapt. Sultanatet blei oppheva i 1922 og kalifatet i 1924, og den siste sultanen, Mehmet VI, gjekk i eksil.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Itzkowitz, Norman. Ottoman Empire and Islamic Tradition, University of Chicago Press, 1980) ISBN 0-226-38806-9, s. 74–75.
  2. M. Şükrü, Hanioğlu (1995) The Young Turks in Opposition, Oxford University Press
  3. Elmgren, Tinet, (2002, handledare: Lena Eile). «De europeiska stormakternas kolonialism i Mellanöstern». Arkivert frå originalen 5 mars 2016. Henta 14 februari 2012.  Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
  4. Balakian, Peter 2003 The Burning Tigris: the Armenian Genocide and America's response New York: Harper Collin Books.
  5. Akçam, Taner (2006) A Shameful Act: The Armenian Genocide and the Question of Turkish Responsibility. New York: Metropolitian Books.
  6. Hourani, Albert (2001) De arabiska folkens historia. Bokförlaget Alhambra.
  7. Cleveland, William L (2000) A History of the Modern Middle East. Westview Press.
  8. Store norske leksikon, (2000-2012). «Mustafa Kemal». Henta 14 februari 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Osmansk historie